Det må skiljast mellom førespurnader der pressa ber om opplysningar i ei enkeltsak, ved at dokument i saka blir utleverte, og førespurnader der pressa ber barnevernstenesta om å kommentere saka.
Retten til media til innsyn i dokument i ei enkeltsak
Når partane i ei barnevernssak samtykkjer til det, skal barnevernstenesta, som utgangspunkt, gi media innsyn i dokumenta i saka.
Det ligg føre eitt unntak frå dette utgangspunktet i barnevernlova § 6-7 femte ledd.
Høvet barnevernstenesta har til å uttale seg i enkeltsaker
Sjølv når dokument er utleverte har du inga plikt til å kommentere ei sak. I mange saker må du gjennomføre ei avveging mellom sterke samfunnsomsyn:
Omsynet til behovet i samfunnet for informasjon, skape tillit i befolkninga ved å møte pressa og spreie kunnskap
Hensynet til kvart enkelt barn i den konkrete saka
Barnevernstjenesten arbeider for å skape trygge rammer for barnet, og få til eit godt samarbeid med foreldre om det som er det beste for barnet. Media kan bidra til å setje ting på spissen for å synleggjere konfliktlinjer.
Du må vurdere korleis det påverkar arbeidet med familien og situasjonen til barnet at saka blir diskutert i media. Du må gjere ei vurdering av kva som er det beste for barnet og den pågåande saka.
Forklar dine vurderingar
Dersom du vel å ikkje kommentere saka, forklar journalisten kvifor du meiner at dette er det rette i denne saka.
Påpeik kompleksiteten i denne typen saker som gjer at dei ikkje alltid er eigna for korte kommentarar eller å diskutere i media.
I slike tilfelle er det òg viktig at du gir generelle opplysningar om regelverket og saksbehandlinga til barnevernstenesta, om vilkåra for det aktuelle tiltaket og om dei skjønnsmessige vurderingane lova føreset.
Ved å møte konkrete førespurnader om ei sak med generell informasjon kan du få ut viktig informasjon til offentlegheita om det arbeidet som blir gjort for å vareta barns beste, både i den konkrete saka og meir generelt.