Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har dei siste åra dømt Noreg i fleire sakar om barnevern.
I EMD-dommane vert dei norske avgjerdene kritiserte for at:
- samvær etter omsorgsovertaking har vorte fastsett utan god nok individuell vurdering
- vurderingar ikkje er dokumentert godt nok, og avgjerdene difor er vanskelege å etterprøve
- barnevernsteneste for raskt har konkludert med at omsorgsovertakinga er varig
EMD-dommane understrekar at omsorgsovertakinga skal sjåast på som midlertidige. Gjenforeining mellom barn og foreldre skal vere målet, dersom det er til det beste for barnet.
Retningslina følgjer opp EMD-dommane.
Skal vurderast individuelt
– Retningslina vert eit viktig hjelpemiddel for barnevernstenestene. Råda skal styrke rettstryggleiken til barn og foreldre, seier Hege Nilssen, som er direktør i Bufdir.
– Me må unngå at samvær vert fastsett sjablongmessig. Retningslina skal gje tilsette i barnevernet eit likare utgangspunkt for å gjere grundige, individuelle vurderingar. Ein skal vurdere kvart enkelt barn og situasjonen det er i, understrekar ho.
Må kartleggje kva barnet ønskjer
– Barnevernstenesta må kartleggje og dokumentere kva barnet ønskjer og meiner om samvær. Det er viktig for å sikre barnets rett til medverknad, seier Nilssen.
– Barnets beste skal vere eit overordna hensyn, legg ho til.
Bygger på beste tilgjengelege kunnskap
Retningslina er basert på beste tilgjengelege kunnskap. No slepp barnevernstenesta å søkje etter forsking, tolke ho og vurdere korleis forsking og annan kunnskap kan nyttast i praksis.
– Tilsette som følgjer retningslina, kan kjenne seg trygge på at vurderingane er baserte på beste tilgjengelege kunnskap innanfor norsk kontekst og lovgjeving, seier Nilssen.
Pressekontakt: Ingvill E. Meltvedt, seniorrådgjevar kommunikasjon.
E-post: ingvill.meltvedt@bufdir.no