Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Her er finalistane til Årets ungdomskommune 2023!

en gjeng med smilende ungdommer sitter ute på bakken

Fire kommunar som juryen meiner at utmerker seg i arbeidet for retten unge har til deltaking og medverknad i kommunen kjempar om prisen for Årets ungdomskommune 2023.

Publisert

Bufdir fekk nominasjonar av mange gode kandidatar til prisen for Årets ungdomskommune. Vinnarkommunen blir kunngjord under Ungdomskonferansens offisielle opning måndag 28. august.

Dei fire finalistane er:

  • Herøy
  • Inderøy
  • Kvam herad
  • Tromsø

I år blir Ungdomskonferansenhalde halde i Mosjøen 27. - 29. August, og er eit samarbeid mellom Bufdir og Vefsn kommune.

Arena for læring

Eit godt oppvekstmiljø for ungdom avheng av at dei blir tekne på alvor og synspunkta deira blir tillagde vekt. Det er først og fremst i kommunane at ungdom har høve til å påverke sin eigen kvardag og framtid.

Ungdomskonferansen er ein nasjonal arena for læring og erfaringsutveksling mellom ungdomsrådsmedlemmer og dei som jobbar for og med ungdom i kommunane.