Visjonen til regjeringa er eit samfunn der alle kan delta. Eit viktig verkemiddel for å oppnå dette er god tilgjenge og trygge og praktiske omgjevnadar. Universell utforming er ein samfunnskvalitet som er særleg viktig for personar med funksjonsnedsetting. 

Likeverd er òg like mogelegheiter til utdanning, arbeid og sosialt liv. For å oppnå dette treng vi skolar, arbeidsplassar, transportmiddel, uteområde og tekniske løysingar som flest mogleg kan bruke. Samfunnet er i dag ikkje fullt ut universelt utforma. Det blir heile tida arbeidd på sentrale samfunnsområde for at vi skal nå målet om eit universelt uforma samfunn.

Regjeringa vil følgje opp arbeidet innan bygg, transport og uteområde. Framleis treng vi å  samordne innsatsen systematisk gjennom ein handlingsplan. Dette er eit viktig verkemiddel for å følgje opp nye område som IKT og velferdsteknologi, og samtidig fortsette innsatsen på sentrale samfunnsområde som transport, bygg og uteområde. Dette er områder der mykje arbeid framleis står att,  før vi kan seie at målet om eit universelt utforma samfunn er nådd. 

Auka bruk og satsing på IKT og velferdsteknologi er sentralt i planen med totalt 47 ulike tiltak.

10 departement har delteke i arbeidet med handlingsplanen. 

Last ned handlingsplanen i wordformat, som pdf-fil eller les han på nettsidene til regjeringa. 

Dokumentet er òg omsett til engelsk (pdf-fil). 

 

Oversikt framdrift av dei ulike tiltaka  

Bufdir har henta inn status for dei ulike tiltaka i handlingsplanen.   

Publisert 27. juli 2016
Oppdatert 27. juni 2019