Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar

Søke om tilskot

Søknadsfrist for tilskot i 2025: 16. september 2024

Beløp: Løyvinga til driftstilskot blir først avklart etter at Stortinget har vedteke statsbudsjettet for 2025.

Regelverk: Forskrift om tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar

Frivillige og demokratiske landsomfattandorganisasjonar av og for personar med funksjonsnedsetting kan søke om tilskot.

Alle som søker om tilskot må tilfredsstille inngangskrava i § 14 i forskrifta. Det finst unntak for organisasjonar som organiserer personar med sjeldan diagnose i forskrifa § 15.

Søkarar som ikkje lenger tilfredsstiller inngangskrava i ordninga (minst 25g/eller medlemmar i minst fire fylke), og som heller ikan søke unntak på grunnlag av at ein organiserer ein sjeldan diagnose, kan i staden søke om utfasingstilskot. Sjå § 25 i forskrifta.

De kan søke om driftstilskot. Driftstilskot skal gå til oppgåver som normalt er ein del av den interne og eksterne kjerneverksemda i organisasjonen i samsvar med vedtekter, føremål og aktivitetsplan.

Målgruppa for tilskotsordninga er frivillige og demokratiske organisasjonar for personar med funksjonsnedsetting som baserer seg på individuelt medlemskap, og som arbeider mot diskriminering og for likestilling av personar med funksjonsnedsettingar.

Formålet med tilskotsordninga er å leggja til rette for at medlemmane i organisasjonen kan delta, og at organisasjonane kan drive interessepolitisk arbeid, likepersonsarbeid og gje eit tilbod til eigne medlemmar.

Søk om tilskot ved å fylle ut og sende inn skjema i Bufdir sin søknadsportal.

Ha nødvendige vedlegg klare når de set i gang utfyllinga av søknaden.

Vedlegg til søknad

For alle søkarar:
  • Årsrekneskap for grunnlagsåret med revisjonsmelding. I tillegg må det leggast ved eit årsrekneskap spesifisert på kontonivå (etter den kontoplanen som blir brukt – ta kontakt med oss dersom de ikkje fører rekneskap etter ein standard kontoplan).
  • Årsmelding for grunnlagsåret. Årsmeldinga skal som minimum skildre aktivitetane og drifta i grunnlagsåret og skal normalt vere styret si årsmelding.
  • Gjeldande vedtekter. Dersom desse er endra sidan sist søknad skal vedtektsendringar vere tydeleg markerte i dokumentet.
  • Skildring av det interessepolitiske arbeidet til organisasjonen i grunnlagsåret. Dersom dette er skildra i årsmeldinga under overskrifta «Interessepolitisk arbeid», er det ikkje nødvendig å leggja dette ved separat.
For nye søkjarar:
  • Årsrekneskap med revisjonsmelding for dei to siste åra før søknadsåret. I tillegg må det leggast ved eit årsrekneskap spesifisert på kontonivå (etter den kontoplanen som blir brukt – ta kontakt med oss dersom de ikkje fører rekneskap etter ein standard kontoplan).
  • Årsmeldinga for det to siste åra før søknadsåret. Årsmeldinga skal som minimum skildra aktivitetane og drifta i året før grunnlagsåret og skal normalt vere styret si årsmelding.
  • Gjeldande vedtekter for organisasjonen.
  • Skildring av det interessepolitiske arbeidet til organisasjonen i grunnlagsåret. Dersom dette er skildra i årsmeldingane under overskrifta «Interessepolitisk arbeid», er det ikkje nødvendig å leggja dette ved separat.

Kven skal sende inn søknaden

Dagleg leiar eller styreleiar i organisasjonen, eventuelt ein annan person styret har gjeve fullmakt (dagleg leiar eller styreleiar må i så fall signere eit fullmaktsskjema som må lastast opp saman med søknaden, slik at ein følgjer signaturreglane etter forskrifta). Sjå § 28 i forskrifta. Skjemaet finn de under "malar, skjema og andre tips".

Sjå opptak frå informasjonsmøtet 21. august 2024

Presentasjon om tilskot for 2025

Sjå siste side i presentasjonen der det er lagt til ei presisering av tellande likepersonsaktivitetar.

Dersom ein annan enn styreleiar eller dagleg leiar sender inn søknaden i søknadsportalen, skal det leggjast ved fullmakt. Nedanfor er eit standardskjema for slik fullmakt.

Du kan gjerne nytte eige skjema eller oppsett - men dette må då innehalde dei same opplysningane som malen gjer: Namn på den som får fullmakta, namn (og gjerne organisasjonsnummer) på organisasjonen og dato og signatur frå den som gjev fullmakta (dagleg leiar eller styreleiar).

ADHD Norge, i samarbeid med FFO og Dysleksi Norge, har utarbeida to korte animasjonsfilmar som handlar om likepersonsarbeid:

Bufdir anbefaler desse for organisasjonar som vil ha informasjon om temane.

Når søknadsfristen går ut, vil vi setje i gang med saksbehandlinga. Dersom vi oppdagar manglar eller feil i ein søknad, kan vi ta kontakt med dykk med ein frist for korreksjonar og ettersending av informasjon.

Vi tek sikte på at vi er i mål med saksbehandlinga i januar månad, og at tilskots- og avslagsbrev og utbetaling vil kunne sendast ut i slutten av januar. Dette vil likevel kunne variere noko frå år til år.

Høve til å klage

Det vil følgje med informasjon om korleis de kan klage på vedtak i vedtaksbrevet de får. Normalt er klagefristen tre veker frå dagen de får brevet frå oss.

Ekspertutvalet er oppnemnt av Bufdir og skal hjelpe med råd i saksbehandlinga av tilskotsrett for nye søkjarar i ordninga og vurderingar av gruppeplassering.

Protokollar frå møter i utvalet finst på «einnsyn.no».

Samansetning:

  • Leiar: Inger Huseby, pensjonist, tidl. seniorrådgjevar i Helsedirektoratet
  • Nestleiar: Kari Grimholt, rådgjevar, Direktoratet for e-helse, tidlegare rådgjevar i Bufdir
  • Medlemmar:
    • Stein Are Aksnes, avdelingsleiar Nasjonal kompetansetjeneste for sjeldne diagnoser
    • Terje Dalen, seniorrådgjevar Stadped
    • Kristin Benestad, rådgjevar, Cerebral Parese-foreningen
    • Roar Råken, organisasjonssjef Hørselshemmedes Landsforbund
    • Hedvig Ekberg, generalsekretær Norsk Forbund for utviklingshemmede
    • Annika Fallsen Huhtala, dagleg leiar Ung Kreft
  • Vara:
    • Kim Berge, seniorrådgjevar/nestleiar NAKU - Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming
    • Mari Øvergaard, generalsekretær Psoriasis- og eksemforbundet
    • Adrian Kjølø Tollefsen, generalsekretær Mental Helse Ungdom
    • Janne Skei, dagleg leiar SAFO

Rapportering

Det er inga særskilt rapportering på denne ordninga då rapporteringa utgjer ein del av sjølve søknaden. Rapporteringsfrist er dermed den same som søknadsfristen.

Rapporteringa som skal leggjast ved søknaden består av årsmelding og årsrekneskap til organisasjonane. Årsrekneskapen skal leverast med revisjonsmelding frå statsautorisert revisor. Rekneskapen må vere spesifisert slik at det går fram at tilskotet er nytta etter vilkåra.

Kven har fått tilskot?

Alle organisasjonar i tilskotsordninga får ubetalt tilskotet i to omgangar, ein halvpart i januar/februar og ein halvpart i juni/juli.

Totalt har 135 organisasjonar blitt tildelt midlar, tre av desse er nye organisasjonar som ikkje fekk tilskot i 2023.

I tillegg har Bufdir utbetalt driftstilskot etter § 42 (paraplyorganisasjonar), § 43 (døvblinde sine organisasjonar) og § 44 (stiftelsar) i forskrifta for tilskotsordninga. Tildelingane her har vore følgande:

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) (§ 42): kr 19 600 000
  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) (§ 42): kr 1 350 000
  • Foreningen Norges døvblinde (§ 43): kr 3 770 000
  • Landsforeningen for kombinert Syns- og Hørselshemmede/Døvblinde (§ 43): kr 900 000
  • Stiftelsen Klar Tale (§ 44): kr 8 250 000
  • Stiftelsen SOR (§ 44): kr 2 150 000

Totalt har 132 organisasjonar fått tildelt midlar, to av desse er nye organisasjonar som ikkje fekk tilskot i 2022.

Funksjonshemma sine organisasjonar - oversikt over tilskot 2023

I tillegg har Bufdir utbetalt driftstilskot etter § 42 (paraplyorganisasjonar), § 43 (døvblinde sine organisasjonar) og § 44 (stiftelsar) i forskrifta for tilskotsordninga. Tildelingane her har vore følgande:

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) (§ 42): kr 18 932 131
  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) (§ 42): kr 1 368 808
  • Foreningen Norges døvblinde (§ 43): kr 3 630 000
  • Landsforeningen for kombinert Syns- og Hørselshemmede/Døvblinde (§ 43): kr 750 000
  • Stiftelsen Klar Tale (§ 44): kr 8 437 351
  • Stiftelsen SOR (§ 44): kr 2 068 460

Totalt har 134 organisasjonar fått tildelt midlar, ein av desse er ein ny organisasjon som ikkje fekk tilskot i 2021.

I tillegg har Bufdir utbetalt driftstilskot etter § 42 (paraplyorganisasjonar), § 43 (døvblinde sine organisasjonar) og § 44 (stiftelsar) i forskrifta for tilskotsordninga. Tildelingane her har vore følgande:

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) (§ 42): kr 17 880 000
  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) (§ 42): kr 1 290 000
  • Foreningen Norges døvblinde (§ 43): kr 3 430 000
  • Landsforeningen for kombinert Syns- og Hørselshemmede/Døvblinde (§ 43): kr 735 000
  • Stiftelsen Klar Tale (§ 44): kr 7 990 000
  • Stiftelsen SOR (§ 44): kr 1 950 000

Kontakt

Karoline Paulen
E-post: karoline.paulen@bufdir.no
Telefon: 466 18 784

Ida Sophie Kaasa
E-post: idasophie.kaasa@bufdir.no
Telefon: 466 15 825