Tilskot til foreldrestøttande tiltak

Søkje om tilskot
Søknadsfrist for 2025: 1. mars 2025.
Beløp: Bevillinga for 2025 er 53,297 mill. kroner.
Regelverk for tilskotsordninga for 2025
- Alle kommunar, og dessutan bydelane i Oslo kommune (heretter omtalt som kommunar), kan søkje om tilskot fór inntil tre år.
- Tiltaket kan gjennomførast i samarbeid med familievernkontor, statlege instansar, frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret og/eller andre kommunar, men éin kommune må stå som ansvarleg søkjar.
- Kommunar og bydelar som allereie får eller tidlegare har fått tilskot gjennom denne ordninga, er ikkje utelukka frå å søkje på nytt, men nye kommunar vil som hovudregel ha prioritet.
Kommunane kan søkje om inntil treårig støtte til følgjande aktivitetar:
a) Gjennomføring av kunnskapsbasert, foreldrestøttande rettleiing for foreldre etter fastsett metode/program. Val av metode/program avgjer om tilbodet blir gitt i grupper eller individuelt, og om det vert innretta på universelt, selektivt eller indikert nivå. I alle tilfelle skal gjennomføringa følgje fagleg utvikla standardversjon av metode/program som vert nytta i tiltaket, og med sertifiserte rettleiarar der det er krav om det.
b) Gjennomføring av samlivskurset «Godt samliv - parkurs for førstegangsforeldre» med minst fire deltakarpar.
c) Gjennomføring av foreldrestøttande lavterskeltiltak, som opne møteplassar, avlastingstiltak og andre universelt innretta lavterskeltilbod som styrkjer deltaking, nettverk og oppleving av støtte og meistring for og mellom foreldre. Samarbeid med frivillig sektor er spesielt relevant i gjennomføringa av slike tiltak. Lavterskeltiltaket skal utfylle kommunens tilbod til foreldre, og skal kunne fungere som ein mogleg arena for rekruttering til andre kommunale, kunnskapsbaserte foreldreveiledningstilbod. For å kunne søkje støtte til lavterskeltiltak, er det derfor ei føresetnad at kommunen anten søkjer om tilskot til gjennomføring av kunnskapsbaserte tiltak etter punkt a) i tillegg, eller alt har tilbod om slike tiltak.
d) Sertifisering/kortare opplæring for personar tilsette i kommunale tenester eller tilknytte frivillige organisasjonar, dersom søknaden også inneber gjennomføring av tiltak beskrive i punkt a) og b), og sertifiseringa/opplæringa er naudsynt for å iverksetje tiltaket.
Målet med tilskotsordninga er å styrkje foreldre i foreldrerolla, og dermed bidra til at foreldra blir gode omsorgspersonar for barna sine, og førebyggje at barn blir utsette for vald, overgrep eller omsorgssvikt.
Målgruppa for tiltaka er foreldre med barn i alderen 0-18 år.
Tiltak som får tilskot, skal støtte opp under målet med tilskotsordninga. Vi vurderer om, og i kva grad, målet vert nådd i tiltaket ut frå følgjande kriterier:
- Det er gjennomført kunnskapsbasert foreldrestøttande rettleiing
- Det er gjennomført samlivskurset «Godt samliv»
- Det er gjennomført foreldrestøttande lavterskeltiltak
- Antall foreldre som er nådd med tiltak
- Antall barn og unge som er nådd indirekte ved foreldra sin deltaking i tiltak
Søk om tilskot ved å fylle ut elektronisk søknadsskjema i Bufdirs søknadsportal.
Krav til innhald i søknaden står i søknadsskjemaet.
Les godt gjennom heile søknadsskjemaet før de startar utfyllinga av søknaden. Ta kontakt med oss dersom det er noko de ikkje forstår.
Svar på det vi spør om, og vêr så konkret som mogleg. Ofte er det betre å gi kortfatta og presise svar beskrivingar enn lange, utbroderande beskrivingar.
Beskriv rammene og innhalda av tiltaket så godt som mogleg
- Kven skal leie og styre tiltaket
- Kva rolle skal eventuelle samarbeidspartnarar ha i gjennomføringa
- Fremdriftsplan
- Målgruppe
- Om tiltaket er innretta på universelt, selektivt eller indikert nivå
- Plan for rekruttering av deltakarane
Budsjett
Set opp eit realistisk budsjett for tiltaket. Skaff dykk først god oversikt over kor mykje det faktisk vil koste å gjennomføre tiltaket, deretter kor mykje av kostnadene de dekkjer med eigne økonomiske midlar eller andre inntekter. Finansieringsbehovet som står igjen etter dette vil dermed utgjere søknadssummen til Bufdir.
Egenfinansiering
Det er positivt dersom de bidreg med eigenfinansiering. I denne samanhengen betyr eigenfinansiering økonomiske midlar som de bidreg med tiltaket, eller at de dekkjer kostnader til administrasjon, husleige, lønn til tilsette som jobbar med tiltaket e.l.. Deltakaravgift, sponsormidlar, øyremerkte prosjekttilskot frå andre og liknande blir ikkje rekna som eigenfinansiering.
I saksbehandlinga vurderer direktoratet om, og i kva grad, det omsøkte tiltaket:
- bidrar til å nå målet med tilskotsordninga
- gjennomførast i samarbeid mellom ulike kommunale tenester
- bidrar til å bygge opp ei breidde i det foreldrestøttande tilbodet i kommunen, og treff alle foreldra sine ulike behov i rolla som foreldre
- iverksettast i tillegg til, styrkjer eller vidareutviklar allereie igangsette tiltak for foreldre
- har kommunal forankring i politiske eller administrative vedtak og/eller i kommuneplanar
- henvender seg spesielt til foreldre som har levekårsutfordringar eller er i ei utfordrande livssituasjon
- gjev foreldre i kommunen eit likeverdig tilbod, uavhengig av geografisk spreiing, sosiokulturell bakgrunn, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsnedsetjing eller seksuell orientering
For tilskotsåret 2025 vert søknader om støtte til tiltak retta mot foreldre i barna sine viktige første leveår eller i dei krevjande tenåringane prioriterte.
Vi prioriterer ikkje å gi tilskot til:
- Finansiering av kommunane sine lovpålagde tenestetilbod
- Finansiering av allereie igangsette foreldrestøttande tiltak
- Tiltak som mottar tilskot frå andre tilskotsordningar
- Tiltak som inneber direkte økonomisk støtte i form av utbetalingar til enkeltpersonar/enkeltfamilier
- Søkarar som ikkje overheld vilkåra for tildeling i denne eller andre tilskotsordningar
Vi startar saksbehandlinga når søknadsfristen har gått ut. Dersom vi oppdagar manglar eller feil i ein søknad, kan vi ta kontakt med dykk med ein frist for rettingar og eittersendingar. Det er ikkje alltid vi gjer det.
Vi tek sikte på at vi er i mål med saksbehandlinga rundt to månader etter at søknadsfristen har gått ut. Vi vil då sende ut melding om tilskot eller avslag.
Dersom de får tilskot, vil dette bli utbetalt inntil tre veker etter at saksbehandlinga er ferdigstilt. Dette vil likevel kunne variere noko.
Klage
Frå 2023 er det ikkje klagemoglegheit i denne tilskotsordninga.
Rapportering
Alle kommunar som har fått tilskot, skal sende inn rapport på tiltaka sine, også ved fleirårige tiltak.
Rapporteringsfrist for 2024: Den ordinære fristen for fremdrifts- og sluttrapportering er 1. mars 2025. Viss de har søkt om og fått godkjent utsetjing av fristen, skal de ta omsyn til datoen vi har godkjent.
De skal rapportere på korleis de har brukt tilskotet, og på kva måte og i kva grad måla de oppgav i søknaden har blitt oppfylte.
Dersom det gjeld fleirårige tiltak, sender de inn framdriftsrapport undervegs og ein meir omfattande sluttrapport når tiltaket er ferdig. Ved eittårig tiltak sender de berre inn sluttrapport.
Saman med rapporten skal de sende inn rekneskap. Dette gjeld òg ved framdriftsrapportering.
Rekneskapen blir revidert av kommunerevisjonen. Ved tilskot gitt over fleire år er det berre nødvendig med revisorattestert rekneskap når de skal sende inn sluttrapport. Revisor må då revidere rekneskapen for heile prosjektperioden.
Viss det er ein frivillig organisasjon som driftar tiltaket, er det likevel kommunen som skal sende inn rapport.
De skal ta omsyn til det regelverket som gjaldt det året søknaden deira blei innvilga:
Rapporten skal leverast via Bufdirs søknadsportal.
Den som står oppført som søknadsansvarleg på saka i portalen, får beskjed på e-post når rapporteringsoppgåva er tilgjengeleg og kan fyllast ut.
Endringar i prosjektet
Viss de må endre tiltaket undervegs, er det viktig at de tek kontakt med oss så snart som mogleg. Vi vil normalt berre godkjenne endringar som held seg rimeleg innanfor rammene av den opphavlege søknaden. Det kan vere at de òg må leggje ved eit nytt budsjett.
Tilskot skal normalt sett nyttast innan utgangen av tilskotsperioden, som er 31. desember i det siste året de er innvilga tilskot for. Viss de ønskjer å forlengje tilskotsperioden, må de sende inn ein eigen søknad om utsetjing innan 1. desember i det siste tilskotsåret.
Viss de ikkje får gjennomført tiltaket de har fått tilskot til, må de så snart som mogleg gi beskjed til oss om det. De må då betale tilbake tilskotet til oss.
Viss de ikkje får gjennomført tiltaket de har fått tilskot til, må tilskotet betalast tilbake til oss. Viss de ikkje har brukt opp midlane de har fått, er det sannsynleg at de må betale tilbake det som er unytta til oss.
Det er òg mogleg at vi vil krevje tilbakebetaling av tilskotet dersom tiltaket ikkje er gjennomført i tråd med den opphavlege søknaden og/eller dersom rekneskapen viser vesentlege avvik frå budsjettet i søknaden.
Dersom de må endre på tiltaket, ikkje får gjennomført tiltaket eller må betale tilbake midlar vil det ikkje påverke moglegheita til å søkje om tilskot i framtida. Unntaket er viss de har gjort noko som gjer at de blir utestengde frå ordninga i eitt eller fleire år.
Søkjarar som ikkje har sendt inn rapport og rekneskap for tidlegare tilskot, vil normalt ikkje få nye tilskot før rapport og rekneskap er sendt inn og godkjende, eller tilskotet er betalt tilbake. Dette kan i enkelte tilfelle òg gjelde søkjarar som har fått forlengt rapporteringsfrist. Tilskotsmottakarar som har fått vedtak om å betale tilbake tilskot, og ikkje har gjort det, vil ikkje få nye tilskot.
Kontakt
E-post: tilskudd@bufdir.no
Telefon: 466 15 580
Ellen Gjeruldsen
E-post: ellen.gjeruldsen@bufdir.no
Telefon: 466 17 922