Tilskot til bu- og støttetilbod til personar over 18 år utsett for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald
Søkje om tilskot
Søknadsfrist for 2025: 7. mars 2025
Søknad om tilskot skal setjast fram gjennom søknadsportalen.
Kven kan søkje?
Det er berre kommunar som kan søkje om tilskot på denne ordninga.
Kva kan kommunar søkje om tilskot til?
I Prop. 1 S (2024-2025) blir det løyvd totalt 29.7 mill kroner til det nasjonale bu- og støttetilbodet.
Løyvinga over statsbudsjettet kapittel 671 post 62 er i 2025 styrka med 3,5 millionar kroner. Det er òg lagt inn vidare løyving til piloten for etablering og drift av bu- og støttetilbod for personar over 18 år som har vore utsette for ufrivillig opphald i utlandet (sjå eiga kunngjering).
Styrkinga skal sikre ei vidareføring av tilskotet frå fjorårets tilskot til det ordinære bu- og støttetilbodet, omrekna for pris- og lønnsvekst, forutsett at tilbodet vert vidareført med det same talet på plassar som tidlegare.
Ramma for vekst i det statlege tilskotet frå 2024 til 2025 vert difor sett til 3,9 prosent.
Styrking av løyvinga skal også føre til oppretting av fleire plassar, styrking av nettverksarbeidet og auka oppfølging for bebuarar etter at butida er avslutta.
Det er særleg stort behov for oppretting av fleire plassar som kan nyttast av einslege uavhengig av kjønn, einslege foreldre med barn, og par. Dette fører til at søknader som kan bidra til dette, vil bli prioriterte. Deretter vil søknader om styrking av nettverksarbeidet og auka oppfølging for bebuarar etter at butida er avslutta bli vurderte.
Formål
Formålet med tilbodet er å gi brukarane hjelp innanfor trygge rammer til reetablering og til å kunne leve eit så normalt liv som mogleg. Tilbodet skal vere eit tillegg til det lovpålagde hjelpetilbodet i kommunane og tenester.
Bufdir har eit overordna ansvar for bu- og støttetilbodet til unge utsett for tvangsekteskap og æresrelatert vald.
Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald koordinerer og administrerer tilbodet.
Kommunane har det operative ansvaret for innhald og drift av det enkelte tilbodet.
Regelverk
Kontakt
E-post: tilskudd@bufdir.no
Telefon: 466 15 580
Knut Aase
E-post: knut.aase@bufdir.no
Telefon: 466 15 149
Kristine Valle
E-post: Kristine.valle@bufdir.no
Telefon: 466 16 847