Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Skolelos

Illustrasjonen viser skolelosmodellen i fire steg: Oppstart, samarbeidet: losloop, evaluering og avslutning.
Skolelos er eit nytt, kunnskapsbasert hjelpetiltak for kommunar og bydelar som skal gjere at fleire ungdommar med barnevernstiltak i heimen fullfører skole eller anna opplæring.

Søk på ordninga

Finn meir informasjon om søknadsfrist, kva søknaden skal innehalde og korleis de går fram for å søkje på søknadssida for ungdomslos.

Frå 1. januar 2025 vil Skolelos-prosjektet vere ein del av ordninga Tilskot til å inkludere barn og unge.

Bakgrunn

Det å meistre skolen og gjennomføre vidaregåande opplæring er blant dei viktigaste vernefaktorane mot utanforskap i vaksen alder. Samanlikna med andre på same alder har barn og unge med barnevernstiltak langt lågare karakterar på ungdomsskolen og mykje større risiko for ikkje å fullføre vidaregåande opplæring.

Tiltaket Skolelos er utvikla for å kome denne problematikken i møte slik at ein kan gje ungdom ein betre skolesituasjon og hindre fråfall frå vidaregåande opplæring. Skolelos rettar seg mot ungdom i alderen 12-18 år som får hjelp frå barnevernstenesta, og som har behov for støtte til å meistre skolekvardagen.

Med ungdommen i sentrum – prinsipp og mål

Skolelos har tre kjerneprinsipp:

  • Tett, individuell oppfølging: Oppfølginga skjer ein til ein, og den viktigaste oppgåva ein skolelos har, er å leggje til rette for ein betra skolesituasjon og å hjelpe ungdommane til å ta ansvar for sitt eige liv.
  • Medverknad og råderett: Tiltaket skal vere brukarstyrt og frivillig, og det ungdommen sjølv vil, er styrande. Gjennom Skolelos får dei unge verktøy til sjølve å vere med på å avgjere og utvikle sine eigne løysingar. Skolelosen skal rettleie, støtte og leggje til rette for ungdommane slik at dei kan sjå kva val dei har og kva for konsekvensar vala dei tek, får. Ungdommane skal òg setje eigne mål og jobbe for å nå dei.
  • Læring i ordinær aktivitet

I tillegg til desse kjerneprinsippa er tre arbeidsmål sentrale i arbeidet til skolelosen:

  • å samarbeide med skulane
  • å samarbeide med foreldra og jobbe for at dei kan bli ei god støtte for ungdommen i skolesamanheng
  • å vere ein støtteperson for ungdommen i møte med ulike offentlege tenester

Skolelosmodellen i praksis

Skolelos-modellen består av fire steg, der oppstart og avslutning av arbeidet er tydeleg definert, medan steg tre (evaluering) opnar for individuelt tilpassa arbeid med kvar enkelt ungdom.

  • Oppstart: Skolelosen møter ungdommen på arenaen til ungdommen. Samarbeid blir set i gang.
  • Samarbeid/Los-loop: Skolelosen og ungdommen samarbeider i forbetringssirklar, der dei saman utarbeider konkrete handlingsmål og jobbar for å nå desse. Handlingsmåla blir reviderte kontinuerleg.
  • Evaluering: Basert på kvalitative og kvantitative kriterium vurderer ungdom og skolelosen resultat og vegen vidare minst kvar tredje månad.
  • Avslutning: Tiltaket blir avslutta når ungdommen ønskjer det, eller når måla med tiltaket er oppnådde. Skolelosen og ungdommen vurderer behov for vidare hjelp og støtte framover.

Krav til deltakarane

Prosjektperioden varer i inntil tre år. Av omsyn til målsetjinga med utprøvinga er det essensielt at alle som vil delta, sørgjer for at tiltaket vert gjennomført i tråd med Skolelos-modellen slik han er utvikla av Bufdir. Dette betyr at Skolelos skal behandlast som eit barnevernstiltak, og at skolelosen skal vere tilsett i barnevernstenesta. Ungdommane som tek del, skal vere mellom 12 og 18 år og framleis bu heime, så lenge ikkje anna er avtalt.

Skolelos må vere eit prioritert tiltak i heile prosjektperioden. Dette betyr at om de som kommune eller bydel vil vere med i prosjektet, forpliktar de dykk til å setje av minimum eitt årsverk som skal gjennomføre opplæringa som er avtalt og jobbe fulltid som skolelos i heile perioden. Det er forventa minimum 10 og maksimum 15 saker om gongen per årsverk når opplæringa er avslutta og aktiviteten er i full gang, etter om lag 6 til 12 månader. For å sikre at arbeidet som skolelos held best mogleg kvalitet og let seg etterprøve, inkluderer arbeidet òg å delta i opplæring og rettleiing i regi av Bufdir.

Opplæring

Grunnopplæringa vil gå føra seg på eiga hand, gjennom ein nettbasert opplæringsplattform på KS Læring. Denne blir gjennomført dei første fire vekene etter oppstart. I tillegg blir det opptil fire fagsamlingar per år og dessutan rettleiing. Det vil utnemnast ein fagansvarleg som vil ha direkte kontakt med skolelosen ved behov under heile opplæringsperioden. Den eller dei som tek opplæringa, vil bli knytta til eit regionalt fagteam. Rettleiing vil gå føre seg etter avtale med mellom to og tre vekers mellomrom, eller hyppigare ved behov. Det vil vera ei gradvis nedtrapping av rettleiinga etter kvart som skolelosen meistrar Skolelosmodellen og samtidig i aukande grad deltek i regionale fagteam.

Sidan det er nytt (frå og med januar 2025) at ein får støtte og opplæring i tre år, vil me i løpet av 2025 utvikle vidare kurs og aktivitetar tiltenkt både skolelosar og kommune-/bydelsrepresentantar. Denne opplæringa vil i det store og heile vere retta mot å engasjere andre sektorar og tenester gjennom ei form for skolenærværteam som Skolelos vil vere med og drive fram.

Skolelos er utvikla med utgangspunkt i mellom anna inkluderingsmodellen Supported employment (SE). Dette er ein metodikk der medverknad står i sentrum, og der grunntanken er å få fram ressursane i den enkelte gjennom individuell og tilpassa oppfølging i ein normal arbeids- eller skolesituasjon. Studiar av SE viser at tilnærminga kan gje dobbelt så god effekt som meir tradisjonelt inkluderingsarbeid. I tillegg byggjer tiltaket på tilskotsordninga Los med den tette, individuelle oppfølginga over tid som høyrer til, og grunnelement i Motiverende Intervju (MI), som er ein samtalemetode for å motivere til åtferdsendring.