Barnevernsbarometeret – faste undersøkingar i barnevernet
Mellom 2024 og 2027 gjennomfører Ideas2evidence og Vista Analyse faste spørjeundersøkingar i barnevernet på oppdrag frå Bufdir. Desse blir kalla "Barnevernbarometeret".
Den første undersøkinga omfattar alle tilsette og leiarar i barnevernstenestene og i barnevernsinstitusjonane. Den vart send i veke 43 2024 til leiarar frå e-post "@panel.barnevernsbarometeret.no".
Leiarar i barnevernstenestene og i barnevernsinstitusjonane vil få undersøkinga kvart år. Tilsette vil få undersøkinga annakvart år.
Skal bidra til auka kunnskap
Barnevernsbarometeret skal bidra med kunnskap om tilstanden i dei kommunale barnevernstenestene og institusjonsbarnevernet. Dette er viktig for at arbeidet med å vidareutvikle tilbod og tenester samsvarer med behova i sektoren.
Fram til no har Bufdir innhenta data gjennom ei rekkje enkeltståande spørjeundersøkingar. Dette kan ha vore belastande for sektoren og respondentane, og svara frå spørjeundersøkingane har ikkje alltid vore mogleg å sjå i samanheng med kvarandre. Barnevernsbarometeret skal bidra til at vi på sikt kan redusere talet på spørjeundersøkingar frå direktoratet.
Både faste og variable tema
Fleire av temaa for Barnevernsbarometeret vil ligge fast år etter år, medan nokre tema vil bytast ut. Dei faste temaa blir valde strategisk og vil på sikt vise utvikling i sektoren over tid. Spesielt interessant er område som ikkje blir dekte av eksisterande datakjelder, og område som Bufdir har eit særleg ansvar for å følgje med på. Dei variable temaa skal fange opp forhold som er aktuelle her og no.
Tema som inngår i Barnevernsbarometeret vil mellom anna vere barna sin medverknad i barnevernet, gjennomstrøyming og arbeidstilfredsheit blant tilsette, og samarbeid mellom barnevernet og andre sektorar som helse, politi og skule.
Barnevernsbarometeret er eit pilotprosjekt fram til 2027. Etter dette vil Bufdir evaluere resultata, sjå på behov for justeringar og vurdere om undersøkingar skal vidareførast.