Årets ungdomskommune
Nominasjon for 2025
Statsforvaltarar, kommunar, fylkeskommunar, barne- og ungdomsorganisasjonar og ungdomsråd kan nominere kandidatar til Årets ungdomskommune 2025.
Frist for nominasjon: 20. juni 2025
Du må grunngi nominasjonen. Grunngivinga bør ikkje omfatta meir enn tre A4-sider.
Viss kommunen sjølv ikkje står som søkar, vil Bufdir informere kommunen om at han er nominert.
Nominer ein kommune innen 20. juni 2025
Nominasjon til Årets ungdomskommune 2025 sendast elektronisk til postmottak@bufetat.no eller ved brev til:
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Postboks 2233
3103 Tønsberg
Kven kan bli årets ungdomskommune?
Kandidatane må ha utmerkt seg med eit særleg arbeid for unges rett til deltaking og medverknad i sin kommune. Medverknad frå unge er ein føresetnad for god, lokal ungdomspolitikk. For Årets ungdomskommune skal dei unges engasjement og synspunkt vere synlege i prosessar og vedtak.
For å bli kåra til Årets ungdomskommune 2025, må kommunen ha
- eit fungerande ungdomsråd
- avsett ressursar og etablert varige strukturar for inkludering og medverknad med unge som del av planane og arbeidsrutinane sine
- eit godt samarbeid på tvers av etatar og tenester
- tilbod og aktivitetar for ungdom som opplever utanforskap, som fell ut av skule, arbeidsliv, eller ikkje deltek i organiserte fritidsaktivitetar. I dette ligg òg at kommunen skal følge opp Fritidserklæringen.
Prisutdeling
Barne- og familieministeren vil kunngjere vinnaren og overrekke prisen for Årets unngdomskommune under den nasjonale Ungdomskonferansen 2025. Konferansen finner stad i Øystese i Kvam herad 21.–23. september 2025.
Vinnarkommunen får 250 000 kroner.
Juryen
Juryen består av:
- Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (leiar for jury)
- Ungdom og fritid
- NOVA – Oslomet
- KS (kommunesektorens interesseorganisasjon)