Personvernerklæring for rekruttering av fosterheimar
Behandling av personopplysningar
Når du tek kontakt med fosterheimstenesta, behandlar vi personopplysningar som vi treng for å følgje opp førespurnaden din, tilby meir informasjon og følgje opp avtalane du gjer med oss. Dette kan inkludere avtale om informasjon per e-post, informasjonsmøte, nyheitse-post og samtalar per telefon eller stadleg hos oss.
Behandlingsgrunnlaget for behandlinga av personopplysningar er utøving av offentleg styresmakt, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav e og for særlege kategoriar opplysningar artikkel 9 nr. 2 bokstav g jf. Fosterheimsforskrifta. Formålet er i første omgang å gi deg uforpliktande informasjon som du treng for å vurdere om det å bli fosterheim er noko for deg og familien din. Om du/de vel å bli vurderte som fosterheim og skal delta på opplæring, vil formålet i tillegg vere å kartleggje om du/de har dei særskilde føresetnadene som er nødvendig for å bli fosterheim.
Statistikk, rapportar og brukarundersøkingar
Dine personopplysningar dannar grunnlag for rapportar og statistikkar som blir nytta av Bufdir og Bufetat for å forbetre våre tenester innan fosterheimsrekruttering. Som ein del av forbetringsarbeidet gjennomfører Bufdir minimum annakvart år ei frivillig anonym brukarundersøking retta mot familiar som har kontakt med fosterheimstenesta. Formålet er å forbetre informasjon, oppfølging og service frå fosterheimstenesta og forbetre rekrutteringskampanjane innan fosterheimsrekruttering.
Statistikk og rapportar er i samsvar med det opphavlege formålet, jf. personvernforordninga artikkel 5 nr. 1 bokstav b og behandlingsgrunnlaget er artikkel 6 nr. 1 bokstav e jf. fosterheimsforskrifta òg for desse behandlingane.
Lagring av personopplysningane
Personopplysningene blir lagra så lenge du får informasjon frå oss, og blir anonymisert og blir deretter lagra som historisk statistikk i 10 år.
Om du/de vel å bli vurderte som fosterheim og skal delta på opplæring, vil personopplysningar bli lagra til evig tid jf. arkivlova.
Ansvar for personopplysningane
Behandlingsansvarleg
Direktøren i Barne- ungdoms og familiedirektoratet er behandlingsansvarleg for all behandling av personopplysningar i direktoratet og Barne-, ungdoms og familieetaten (Bufetat). Dersom du bur i Oslo kommune, vil dei ha ansvar for oppfølging av deg og familien din og ha behandlingsansvar for personopplysningane. Opplysningar blir overførte direkte frå fosterhjem.no (kontaktskjema/påmelding til informasjonsmøte) til Oslo kommune.
Behandlingsansvar inneber mellom anna å sørgje for at personopplysningar blir brukte og blir i samsvar med behandla regelverket.
Databehandleravtaler
Barne- ungdoms- og familiedirektoratet inngår databehandlaravtalar med alle verksemder som behandlar personopplysningar på våre vegner. Dei kan ikkje behandle personopplysningane på andre måtar enn det som er avtalt med oss, og har same teieplikt som tilsette i Bufdir og Bufetat.
Sidan kontakt med Oslo kommune blir formidla gjennom fosterhjem.no, har Bufdir ei rolle som databehandlar. Opplysningane som blir overførte til Oslo kommune slett omgåande frå Bufdir system etter overføring har skjedd.
Rettane dine
Personvernforordninga gir deg bestemde rettar slik at du kan vareta personvernet ditt. Som behandlingsansvarleg skal Bufdir og Bufetat eller Oslo kommune behandle personopplysningane dine i tråd med personvernforordninga og personopplysningslova.
- Rett til innsyn: Du kan be om ein kopi av alle opplysningar vi behandlar om deg.
- Rett til endring: Du kan be oss rette eller supplere opplysningar som er feilaktige eller misvisande.
- Rett til sletting: Du kan be oss slette opplysningar om deg sjølv. Det er viktig å merke seg at det finst visse unntak frå retten til sletting. Dersom du går inn i ein prosess for å bli vurdert som fosterheimar er Bufetat pålagt å lagre personopplysningane dine sjølv om du ber om sletting.
- Rett til dataportabilitet: Du kan be oss om å overføre opplysningar om deg til deg eller til annan behandlingsansvarleg.
Kontakt oss
Dersom du har nokre spørsmål om denne erklæringa eller vil utøve rettane dine etter personvernlovgivinga kan du ta kontakt med oss:
- Barne-, ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir): postmottak@bufdir.no eller personvernombud@bufdir.no
- Oslo kommune: postmottak@bfe.oslo.kommune.no eller personvernombud@oslobystyre.no
Du har krav på svar utan ugrunna opphald, og seinast innan éin månad.