Søknad om tilgang til teiepliktige opplysningar til bruk for forsking
Kva data kan vi gi tilgang til?
Data som inneheld opplysningar om nokons personlege forhold er teiepliktige opplysningar (jf. forvaltningsloven § 13 første ledd). Desse skal som hovudregel ikkje blir utlevert.
Bufdir kan gi tilgang til teiepliktige opplysningar til bruk for forsking viss det finst rimeleg og det ikkje medfører uforholdsmessig ulempe for andre interesser (jf. fvl. § 13 d). Dette gjeld for opplysningar som er innhenta med heimel i følgjande lover med tilhøyrande forskrifter:
- barnevernlova
- adopsjonslova
- familievernkontorlova
- ekteskapslova del I og III (dei deler av lova som Barne- og familiedepartementet forvaltar)
- partnarskapslova (oppheva 01.01.2009)
Data som blir samla inn med heimel i statistikklova
Viss du treng data som Statistisk sentralbyrå (SSB) samlar inn med heimel i statistikklova, må du søkje SSB om utlevering av opplysningane.
Data du ikkje treng å søkje om tilgang til
Det er ikkje nødvendig å søkje om tilgang til opplysningane viss:
- du kan innhente samtykke frå personane opplysningane gjeld
- du kan få tilgang til opplysningane i anonymisert form, slik at personane opplysningane gjeld ikkje kan identifiserast verken direkte eller
indirekte
Opplysningane kan då frigivast på grunnlag av samtykket eller anonymiseringa (jf. fvl. § 13 a nr. 1 og 2).
Kven kan søkje?
Du kan søkje om å få tilgang til teiepliktige opplysningar viss du er ein forskar ved ein godkjend forskingsinstitusjon. Prosjektansvaret/prosjektleiinga må liggje hos ein person med førstestillingskompetanse (doktorgrad eller tilsvarande).
Du kan òg vere student, normalt på mastergrads- eller doktorgradsnivå, såframt du er under rettleiing av ein tilsett med forskarkompetanse ved ein godkjend forskingsinstitusjon.
Slik søkjer du
Skriv søknad
Søknaden må innehalde:
1. Informasjon om søkjar, utdanning/stilling, rolle i forskingsprosjektet, adresse og telefonnummer
Prosjektansvaret/prosjektleiinga må liggje hos ein person med førstestillingskompetanse (doktorgrad eller tilsvarande). Viss du er ein student eller forskar utan førstestillingskompetanse, må du hjelpast av ein fagleg ansvarleg rettleiar med slik kompetanse
2. Ei kortfatta forklaring for forskingsprosjektet:
- namn på forskningsprosjektet
- kvem har initiert prosjektet
- formålet med prosjektet
- problemstillingar prosjektet skal klargjeree
- nytteverdien av prosjektet
- forskningsmetode
- korleis prosjektet skal gjennomførast (hovudtrekka)
- start- og sluttdatoen for prosjektet
- korleis resultata for prosjektet vil bli presentert (i ein rapport, avhandling, artikkel eller liknande)
- oppgi om det er søkt andre godkjenningar av prosjektet (Viss det ligg ei godkjenning føre i tilknyting til prosjektet, ber vi om at denne blir vedlagd søknaden)
3. Konkretisering av opplysningane du søkjer om tilgang til
Oppgi kva type opplysningar du søkjer om tilgang til og i kva omfang. Du skal ikkje søkje om tilgang til større mengd teiepliktige opplysningar enn nødvendig for å oppfylle formålet med forskinga. Du bør derfor grunngi kvifor det blir søkt om tilgang til nettopp desse opplysningane, og kvifor det er nødvendig med det angitte omfanget.
4. Informasjon om korleis opplysningane skal innhentast
Oppgi kva for eit/kva forvaltningsorgan opplysningane skal innhentast frå og framgangsmåte for innhenting. Viss du treng tilgang til forvaltningsorgans lokale for innhenting av opplysningane, ber vi om at du innhentar løyve frå forvaltningsorgana til dette og at du angir i søknaden om løyve er innhenta.
5. Informasjon om kven som skal ha tilgang til opplysningane
Oppgi namn og utdanning/stilling. Du skal ikkje søkje om tilgang til fleire personar enn det som er nødvendig for å gjennomføre prosjektet på ein formålstenleg måte.
6. Ei grunngiving for at opplysningane ikkje kan frigivast på grunnlag av samtykke eller anonymisering
7. Informasjon om korleis opplysningane vil oppbevarast og når dei vil slett
Viss opplysningane skal behaldast lenger enn sluttdato for forskingsprosjektet, ber vi om ei forklaring for kvifor det er behov for å behalde dei lenger.
8. Informasjon om opplysningane skal koplast på andre opplysningar
9. Underskrift
Søknaden skal underteiknast. Viss du skal gjennomføre prosjektet med ein rettleiar med førstestillingskompetanse, skal både du og rettleiar underteikne søknaden.
Send søknad til Bufdir
Du kan sende søknaden med eventuelle vedlegg per e-post til postmottak@bufdir.no. Merk tydeleg kva søknaden gjeld.
Viss søknaden innhaldar teiepliktige eller sensitive personopplysningar, må du sende søknad med vanleg post.
Mottakar: Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Postadresse: Postboks 2233, 3103 Tønsberg
Behandling av søknaden
- Når vi har fått søknaden, vil du få beskjed i løpet av ein månad viss vi treng fleire opplysningar for å behandle søknaden.
- Når vi har fått tilstrekkelege opplysningar til å ferdigbehandle søknaden, vil vi gjere vedtak så raskt som mogleg.
- Saksbehandlingstida vil vere avhengig av kompleksiteten til søknaden. Viss søknaden din er fullstendig, kan du vanlegvis forvente vedtak innan to månader frå søknaden blei send.
Enkelte søknader blir lagde Rådet for teieplikt og forsking fram for uttale, før det gjerst vedtak om søknaden. Då må det påreknast lengre saksbehandlingstid. Det gjeld saker der Bufdir ikkje finn det klart at søknaden bør innvilgast eller avslåast, eller kvar forskaren skal ta direkte kontakt med personane opplysningane gjeld.
Vilkår for bruk av opplysningane
Viss Bufdir gir tilgang til teiepliktige opplysningar, kan vi i vedtaket stille vilkår for bruk av opplysningane i prosjektet, jf. fvl. § 13 d andre ledd.
Forskarar som får tilgang til teiepliktige opplysningar har teieplikt, jf. fvl. § 13 e, og vil bli bede om å underteikne ein teielovnad. Brot på teieplikta kan straffast etter straffelova.
Endring i forskingsprosjektet?
Det er krav om ny søknad i desse tilfella:
- Viss det skal gjennomførast større endringar i forskingsprosjektet, må det sendast ein endringssøknad til Bufdir. Det same gjeld ved behov for utviding av tilgangsperioden til dei teiepliktige opplysningane.
- Viss ein ny medarbeidar i forskingsprosjektet skal ha tilgang til dei teiepliktige opplysningane, må det søkjast til Bufdir om tilgang for medarbeidaren. Utviding av forskingsgruppa skal grunngivast.
- Opplysningar som er innhenta på bakgrunn av løyve etter forvaltningsloven § 13 d kan ikkje brukast i andre forskingsprosjekt, viss slik bruk ikkje var omfatta av det opphavlege løyvet. Viss opplysningane blir ønskte brukt i andre forskingsprosjekt, må det søkjast til Bufdir om nytt løyve.
Meir informasjon
Tilgang til teiepliktige opplysningar til bruk for forsking er nærmare behandla i Barne- og familiedepartementets rundskriv Q-24/2005 kapittel 11.
Kontakt
Har du ytterlegare spørsmål, kan du kontakte:
Ole Jonny Storøy
Telefon: 466 17 878
E-post ole.jonny.storoy@bufdir.no