Kvinner lever lengre enn menn, men avstanden i år minkar stadig. Menn har i større grad enn kvinner levevanar som øydelegg helsa. Det er kvinner som oftast bruker helsetenester.

Hovedpunkter

Kvinner med høg utdanning har nesten 6 år høgare forventa levealder enn kvinner med berre grunnskole

Menn har flere fastlegekonsultasjoner grunnet sykdommer i hjerte-karsystemet enn kvinner

Menn drikk, snusar og rusar seg meir enn kvinner

Kjønn som perspektiv på helse

Kjønn er relevant for å forstå sjukdom og helse. Korleis vi opplever oss som mann eller kvinne har konsekvensar for vår eigen oppleving av sjukdom, for levevanane våre, bruken vår av helsetenester og møtet med helsevesenet. Korleis forventninger andre menneske har til kva som er kvinneleg og mannleg, og den ulike tilgangen på makt og ressursar, verker også inn på helsa og opplevinga av sjukdom.

Medisinsk kunnskap har tatt utgangspunkt i kroppane til menn

Medisinske undersøkingar og behandling av kvinner var lenge bygd på kunnskapen om mannskroppar. Først i 2001 kom Den nasjonale forskingsetiske komité med anbefalinger om å inkludere begge kjønn i medisinsk forsking Ei auka vekt på å sjå på helse med kjønn i fokus, har i serleg grad fått fram kvinnespesifikke sider. Kartlegging av helseforhold for kvinner bidreg til betre helsehjelp for kvinner og aukar forståinga av medisinske skilnader mellom kjønna

Betydningen av kjønn på symptom og sjukdom

Menn sine sjukdomar har tradisjonelt ikkje vore knytt til kjønn. Mannsforsking set eit kritisk søkjelys på maskulinitet, til dømes forventingar til menn som personar som skal tåle smerte hindrar dei i å innrømme at dei treng hjelp Medisinsk kjønnsforsking ser på kva kjønn kan innebere for korleis ein lege evner å oppfatte og fortolke symptoma til pasientar, og på kva kjønn har å seie for utvikling av sjukdom, uttrykk for symptom og konsekvensar av sjukdom

Kvinner lever lengst - skilnaden minkar

Forventa levealder er eit mål på kor lenge ein person kan forvente å leve, om personen heile livet lever under dei dødelegheitshøve som gjeld i året ein reknar ut frå I 2017 var forventa levealder for kvinner over 3 år lengre enn for menn. Dei siste 30 åra har skilnaden i forventa levealder mellom menn og kvinner minka 

Samanheng mellom utdanning og helse

Kvinner og menn med høgare utdanning har generelt færre helseplager og lågare sjukefråvær, lågare legemiddelforbruk og bruker oftare helsetenester når dei har fått ein diagnose, enn dei utan høgare utdanning Dei med høg utdanning lever lengre enn dei med låg utdanning. Menn med grunnskole som høgste fullførte utdanning har 7 år kortare forventa levealder enn menn med vidaregåande eller høgare utdanning. Skilnaden blant kvinner med og utan utdanning er om lag 6 år.

Indirekte vinster av utdanning, som høgare inntekt, kan gi moglegheit for trening og sunt kosthald og betre føresetnader for å setje seg inn i informasjon om helse

Kjønnsskilnader i helseåtferd

Forsking viser at helseåtferd  ​er viktig for sjukelegheit og dødelegheit, og dermed for kor lenge personar lever Helseåtferd handlar om levevanar, og om å ta i bruk førebyggande tiltak som vaksinering og å følgje andre helserelaterte råd og anbefalingar

Kvinner har sunnare levevanar enn menn, og har vist ei større positiv utvikling dei siste 10 åra. Menn drikk meir alkohol enn kvinner, og dominerer i risikoåtferd ved bruk av rus. Fedme og overvekt finn vi oftast blant menn, mens det er kvinner mellom 45 og 66 år som seier at dei mosjonerer mest.

Som gruppe byrja kvinner å røyke seinare enn menn. Det har spilt ei rolle i dødelegheita av viktige sjukdomar som hjarte- og karsjukdomar og lungekreft, og dermed for utviklinga av forventa levealder for kvinner Totaldødelegheita for kvinner har dermed ikkje gått så kraftig ned som blant menn fordi røyking framleis er ein sentral underliggande årsak til høg dødelegheit av lungekreft blant kvinner

Kvinner tek oftare grep om eiga og familien si helse

Det er kvinner som oftast tar hovudansvaret for oppfølging av eldre, barn, kronisk sjuke og andre hjelpetrengande ved sjukdom i familien Gifte menn lever lengre enn ugifte, og ei av årsakane kan vere at ektefellen påverkar helseåtferda i positiv retning

Særlig yngre kvinner har levevanar som er sunnare ​enn dei menn har, og har vist ein større positiv utvikling dei siste ti åra 

Sjukefråværet er lågast blant menn

Sjukefråværet er høgare blant kvinner enn blant menn i alle næringar. Høgast fråvær og størst skilnad mellom kjønna er det i helse- og omsorgssektoren. Trass mykje forsking om temaet fins det enno ikkje eit eintydig svar på heile skilnaden i sjukefråvær mellom menn og kvinner.

Helseskilnader blant innvandrarar

Rapporten Levekår blant innvandrere i Norge 2016 syner at det er ein generell høgare del blant innvandra kvinner enn blant kvinner i heile befolkninga som oppfattar eiga helse som dårleg eller særs dårleg. Som i heile befolkninga er det hos innvandrarane fleire blant dei innvandra kvinnene enn blant mennene som har kronisk sjukdom og nedsett funksjonsevne. Kvinnene rapporterer oftare om psykiske plager enn menn og kvinner i heile befolkninga. I motsetnad til befolkninga elles, aukar andelen med psykiske problem med alder blant innvandrarane

Menn frå innvandrarbefolkninga røyker meir enn andre menn og kvinner. Dei har eit lågare alkoholkonsum enn andre menn, men langt over det innvandra kvinner har

Ein stadig større del av innvandrarbefolkninga trener, og det er mennene som har høgast treningsfrekvens. Blant kvinnene er det store skilnader mellom fødeland på om og kor mykje de trener. I den gruppa som trener mest er delen om lag like høg som den høgaste delen blant mennene

Overvekt og fedme er noko meir utbreidd blant innvandrarar enn i heile befolkninga, med ein del landvariasjonar. Delen innvandrarar med overvekt og fedme er generelt høgare blant menn enn kvinner

Kjelder

Anderssen, J. (2006). Risiko for sykdom hos menn – kvinners ansvar. Sosiologisk tidsskrift 2006(14), s. 88-107

Borgan, J.K. og Texmon, I. (2016). Levealder i ulike yrker. Samfunnsspeilet 2016(2)

Elstad, J.I. (2010). Helse. I Frønes, I. og Kjølstad, L. (red.). Det norske samfunn, 6.utgave. Oslo: Gyldendal akademisk

FHI (2015). Hjerte- og karsykdommer i Norge. Henta 29/11/2016. Oslo: Folkehelseinstituttet

FHI (2016a). Norgeshelsa statistikkbank. Henta 29/11/2016. Oslo: Folkehelseinstituttet

FHI (2016b). Folkehelserapporten på nett. Henta 29/11/2016. Oslo: Folkehelseinstituttet

Malterud, K. (2006). Kjønn og helse. I Lorentzen, J. og Mühleisen W. (red.) Kjønnsforskning. En grunnbok. Oslo: Universitetsforlaget

Schei, B. og Sundby, J. (2007). Kjønn og helse – begreper og modeller. I Schei og Bakketeig (red.). Kvinner lider – menn dør. Folkehelse i et kjønnsperspektiv. Oslo: Gyldendal akademisk

Strand, B.H., Steingrímsdóttir, Ó.A. Myklestad, I. & Næss, Ø. (2013). Endringer i ulikheter i dødelighet etter utdanning i Norge – en underlagsrapport om mulige forklaringer. Oslo: Høgskolen i Oslo og Akershus

SSB (2016a). Helseforhold, Levekårsundersøkelsen 2015. Henta 28/11/2016. Oslo/Kongsvinger: Statistisk sentralbyrå

SSB (2016b). Tabell 05797: Forventet gjenstående levetid, etter kjønn og utvalgte alderstrinn. Henta 29/11/2016. Oslo/Kongsvinger: Statistisk sentralbyrå  

Vrålstad, S. og Wiggen, K.S. (red.) (2017). Levekår blant innvandrere i Norge 2016, SSB-rapport 2017/13. Henta 29/11/2017. Oslo/Kongsvinger: Statistisk sentralbyrå

Kontakt

Anna Harnæs Foss
Seniorrådgiver