Eigenpresentasjon og heimebesøk

Dersom du ønskjer å gå vidare for å bli fosterforelder, fyller du ut eit eigenpresentasjonsskjema. Det er heilt uforpliktande. I skjemaet fortel du litt om:

  • Familiesituasjon
  • Bustadhøve
  • Arbeidssituasjon
  • Helse

Eigenpresentasjonsskjemaet blir brukt i arbeidet vårt med å vurdere deg og familien din som ein fosterheim. I tillegg til å gi oss informasjon gir de også godkjenning til at vi kan ta kontakt med barnevernstenesta og NAV i noverande og tidlegare bustadskommuner. Dei vil bli bedt om å bidra med eventuelle opplysningar som kan hjelpe oss i vurderinga  vår.

Eigenpresentasjonsskjemaet og heimebesøk dannar grunnlaget for om vi inviterer dykk til å få opplæring og delta på PRIDE-kurs for å bli ein fosterheim.

Dersom de blir fosterforeldre må vi ha både helseattest og uttømmande politiattest (barneomsorgsattest). 

Publisert 15. mai 2017
Oppdatert 16. mai 2017