Når du har gjennomført PRIDE-kurs bli du førehandsvurdert av oss i fosterheimstenesta, og vi gir eventuelt ei tilråding om å bli fosterheim.

Rett familie til rett barn

Fosterheimstenesta gjer sitt beste for at kvart barn skal få den fosterheimen som passar best. Difor kan det i mange tilfelle ta noko tid frå ein har gjennomført opplæringa til du blir kontakta om eit konkret barn. 

Mange ventar

Det er mange barn i Noreg som ventar på ein fosterheim. Dei fleste av dei er i skolealder. Det er difor meir mogleg å finne eit barn som passar best hjå dykk om de i forkant har vurdert at de kan vere ein riktig heim for eit barn den alderen.

Barnet og familien til barnet har rett til å uttale seg om val av fosterfamilie. Før barnet flyttar inn blir fosterheimen som regel kjent med både fosterbarnet og familien til barnet. 

Helse- og politiattest

Fosterfamilien må levere helseattest. Det får du frå fastlegen din. Dei vaksne må også levere politiattest. Alle strafferettslege reaksjonar som er nyare enn fem år vil visast på attesten, men ikkje forenkla forelegg. 

Publisert 16. mai 2017
Oppdatert 16. mai 2017