Christine og Tor Andre er fosterforeldre for Julia på fire år. Julia har i sine første leveår  hatt mange ulike omsorgspersonar. For Julia var det viktig å få høve til å falle til ro i fosterheimen, og bli trygg på sine nye foreldre før ho kom i barnehagen. Christine er difor frikjøpt frå stillinga si som sjukepleiar i eitt år.

  • Christine får ein kompensasjon for den tapte arbeidstinntekta si (arbeidsgodtgjersle)
    Den utgjer ca. kr. 400.000 - 490.000,- på eit år
    Desse pengane må ho betale skatt av

  • Christine og Tor Andre får ei månadleg utgiftsdekking som skal dekkje klede og fritidsaktivitetar
    Den er på 5052 kroner i månaden (KS-sats 2016 for barn 0-6 år)
    Desse pengane er ikkje skattepliktige

  • Christine og Tor Andre får også Julie si barnetrygd fram til Julie er fylt 18 år.

Når det første året er gått, skal Christine etter planen tilbake i jobb. Då vil ho få si ordinære inntekt gjennom arbeidsgjevaren sin. Christine og Tor Andre vil då få eit fosterheimstilskot (arbeidsgodtgjersle) på ca. 7800,- kroner i månaden (KS-sats 2016). Dette er pengar dei må skatte av. 

Ytingane endrast ein gong i året og blir då gjeldande frå 1. juli.

Vil du vite meir om økonomi, betaling og kva rettar du har, kan du ta kontakt med ein fosterheimskonsulent der du bur.