Vibeke og Kristian er fosterforeldre til Martin på elleve år. I tillegg til fosterbarnet Martin har Vibeke og Kristian tvillingane Thomas og Camilla på 17 år. Vibeke jobbar som barnehageassistent, Kristian er ingeniør.

Dei har inngått denne avtalen med kommunen sin: 

  • Fosterforeldra får ei arbeidsgodtgjersle 
    Den er på 7800 kroner i månaden (KS-sats 2016) 
    Desse pengane må Vibeke og Kristian betale skatt av

  • Dei får også ei månadleg utgiftsdekking som skal dekkje klede og fritidsaktivitetar
    Den er på ca. 6815,- kroner (KS-sats for aldersgruppa 11-15 år)
    Desse pengane er ikkje skattbare

  • I tillegg får fosterforeldra barnetrygd for Martin fram til Martin er 18 år

Etter at fosterbarnet er fylt 18 

Fosterheimsavtalen med ytingane som er lista opp ovanfor, med unntak av barnetrygda, kan vare fram til Martin er blitt 23 år.

I samråd med barneverntenesta kan fosterbarn som har fylt 18 år bestemme om dei vil at hjelpa dei mottek frå barnevernet skal halde fram. Dersom dei ønskar det, kan dei bu i fosterheimen eller motta andre former for ettervern til barnet har fylt 23 år.

Ytingane endrast ein gong per år, og gjeld då frå 1. juli. 

Les meir om ettervern hos ung.no  

Vil du vite meir om økonomi, betaling og kva rettar du har, kan du ta kontakt med ein fosterheimskonsulent der du bur.