Tid:
21 september 2019 10:00 - 24 november 2019 15:00
Sted:
Førde
Kursdager:

Fyrste samling:
Fredag 20. september kl.17.00 - 20.00
Lørdag 21. september kl.09.00 - 16.00

Andre samling:
Fredag 18. oktober kl.17.00 - 20.00
Lørdag 19. oktober kl.09.00 - 16.00

Tredje samling:
Fredag 22. november kl. 17.00 - 20.00
Lørdag 23. november kl. 09.00 - 16.00

For at du skal kunne vurdere om det å bli fosterheim er noko for deg, tilbyr vi eit opplæringsprogram. Ynskjer du å melde di interesse for opplæringsprogrammet, høyrer vi gjerne frå deg.

Alle som vurdera å verte fosterforeldre får tilbod om å delta på eit opplæringsprogram. Denne grunnopplæringa heiter PRIDE. Eit av formåla med opplæringa er å gje deg ein mogelegheit til å vurdera om dette er interessant for deg å verte fosterheim. Opplæringa vil forbereda deg til å ta imot fosterborn. Målsettinga med opplæringa er å gje deg mogelegheit til å meistra oppgåva som fosterforelder og heve kompetansen din for å gje born ein trygg oppvekst. Opplæringa er uforpliktande og du vel sjølv om du vil avslutte prosessen etter at opplæringa er ferdig.

Meld interesse

Du melder di interesse for opplæringsprogrammet i skjema nederst på sida, då vil ein av rådgjevarane våre ta kontakt med deg for å avtale ein samtale om prosessen vidare. Om tidspunkt for opplæringsprogrammet ikkje høver, ta kontakt med oss for og sjå på andre mogelegheiter.
Ei forutsetning for å delta på opplæringsprogrammet er at du tilfredsstiller dei generelle krava for å verte godkjent som fosterforeldre. For å avklare dette lyt du levere inn eit eigenpresentasjonsskjema som vert brukt i vårt arbeid med å vurdera deg som fosterforelder.

Kursleiar

Ingrid Gjerløw, rådgjevar i fosterheimstenesta i Sogn og Fjordane

Påmeldingsfrist

2. september 2019

Meir informasjon

Opplæringar går over fleire samlingar. Bufetat dekkjer alle utgifter, inkludert overnatting for dei som har lang reiseveg. Har du spørsmål om opplæringa, ta kontakt med Fosterheimstenesta i Sogn og Fjordane på e-post eller ring 466 19000

Opplæringsprogram for nye fosterforeldre

Obligatoriske felter er merket med *.

Velg et alternativ*