Søsken som kranglar - kva gjer eg?

Søsken kranglar. Det er heilt normalt, men kan vere krevjande – både for barn og foreldre.

Det er mange ting som kan utløyse krangling blant søsken. Det kan vere lettare for oss foreldre å halde oss rolege dersom vi greier å gjette oss fram til kva som kan ligge under. Då er det òg lettare å vurdere om vi treng å gripe inn eller ikkje.

Søsken som krangler.

Kvifor kranglar barna?

Ein krangel kan for eksempel vere uttrykk for eit ønske, eit behov, ein frustrasjon, ein impuls, eller eit forsøk på å meistre noko. Det er uansett gunstig at vi prøver å legge godviljen til når vi tolkar åtferda til barna.

Nokre eksempel på kva «årsaker» som kan ligge til grunn ved søskenkrangling kan vere:

  • Ulike fysiske behov: Veslesøster er rastlaus og treng å vere i aktivitet. Ho vil leike med storebror. Storebror er sliten etter skule og venner, og har behov for ro og å vere i fred. Ho prøver å fange merksemda hans. Han klarer ikkje å formulere behovet sitt, og avviser brått: Gå vekk! Veslesøster prøver kanskje meir iherdig, men storebror skubbar henne vekk … Krangelen er i gang.
  • Misunning: Den yngste kan synast det er urettferdig at den eldste får lov til å sykle til skulen, vere oppe lenge eller sjå andre tv-program enn han. Den eldste kan oppleve det som urettferdig at den yngste "slepp unna" med ting. Det kan vere vanskeleg for barn å forstå at det er nødvendig å tilpasse reglane individuelt for å vareta ulike behov hos søskena. Det kan hjelpe at foreldre prøver å forklare kva som er årsaka til desse individuelle tilpassingane slik at barna i større grad kan forstå kvifor det blir gjort skilnad.
  • Skape reaksjonar: Den eine ertar eller tergar den andre, slik at det skjer noko. Dette kan for vaksne verke meiningslaust og unødvendig. Det kan vere vanskeleg for oss å sjå at ertinga for eksempel kan handle om at ho treng å få ut rastløyse, eller har lyst til å oppleve at ho har påverknadskraft – og kan få ting til å skje.
  • Konkurranse: Begge vil ha nettbrettet, bestemme i leiken, eller ha merksemd frå foreldra. Dette kan for eksempel vere eit behov for å uttrykke vilje, teste kva ein kan få til, eller ei kjensle av å vere underlegen den andre.
  • Frustrasjon som kjem av andre ting: Enkelte gonger kan det ha skjedd noko utanfor familien. Kanskje har barnet ditt opplevd å ikkje meistre noko som var viktig for han, han har krangla med nokon, eller han har blitt erta eller halden utanfor. Vonde kjensler har fått bygge seg opp gjennom dagen, og det kan kanskje vere lettare for han å ta ut frustrasjonen og kjensla av nederlag på søsken eller foreldre.
  • Når ein er sliten og har redusert sjølvkontroll: Enkelte gonger er barna berre slitne etter ein lang dag, og har ekstra kort lunte overfor søskena sine. Krangelen treng såleis ikkje vere noko barnet startar av nokon bestemt grunn, men ei impulshandling som blir utløyst av noko anna, og kan vere like tilfeldig og uforståeleg for han som for deg.
Mange gonger veit ikkje barnet sjølv akkurat kvifor ho gjer som ho gjer. Derfor kan det vere vanskeleg for henne å svare på spørsmålet "Kvifor gjorde du det?"

Korleis finn ein ut kva som ligg bak kranglinga?

Det er ikkje alltid at barna si åtferd verkar logisk for dei vaksne. Når søsken blir frustrerte over noko den andre gjer, seier dei ikkje: Eg er frustrert. Dei viser det kanskje heller ved å kalle den andre for stygge ting eller slå og dytte.

Nettopp fordi barn ofte ikkje kan forstå eller setje ord på eigne kjensler og behov, er det beste vi vaksne kan gjere å prøve å tolke kva som ligg bak. Det kan vere lurt å stoppe opp og spørje seg sjølv:

  • Kvifor kranglar dei om den leika?
  • Kvifor er dette så viktig for dei?
  • Kva handlar dette eigentleg om?

Kanskje greier du å reflektere deg fram til kva som kan ligge bak kranglinga?

Det vil ikkje seie at det nødvendigvis er tenleg å finne ut kven som starta krangelen eller akkurat kva som skjedde. I staden kan det vere nyttig å prøve å fokusere på kvifor det skar seg akkurat no. Det kan kanskje gi ein peikepinn på kva for behov barna har.

Det kan vere vanskeleg å stoppe opp og ta seg tid til å reflektere viss du opplever at det er veldig slitsamt å høyre på kranglinga til barna. Særleg dersom du sjølv er sint, sliten eller stressa kan dette vere utfordrande. Enkelte gonger må du kanskje gå ut av rommet og roe deg ned litt først.

Skal du la barna løyse konflikten sjølv eller løyse han for dei?

Når barna kranglar, kan det vere vanskeleg å vite når dei treng hjelp av deg. Er det ein god læringssituasjon for barna, eller berre ein vond sirkel dei treng hjelp til å komme ut av? Enkelte gonger er det trong for ein dirigent, andre gonger for ein observatør.

Observatøren: Når du tek observatørrolla, sit du på hendene dine, og ser om barna greier å finne ei løysing sjølve. Du er ganske sikker på at barna eigentleg har dei ferdigheitene som skal til for å ordne opp sjølve – enkelte gonger treng dei berre rom for å prøve det ut.

Det kan vere krevjande å ikkje blande seg inn og løyse situasjonen for dei. Det er likevel fint om du klarer å halde deg litt i bakgrunnen, og heller stå klar til å gripe inn dersom det blir nødvendig.

Dersom barna klarer å ordne opp i krangelen sjølve, kan du for eksempel forsterke dette ved at du set ord på det dei gjorde:

Så fint at de blei einige og fann ei god løysing. Du gjorde slik og du gjorde slik, ja, og då blei det ok for dykk begge.

Det var raust av deg å la han få halde på med den litt lenger, mens du gjorde noko anna så lenge, eg ser han blei svært glad for det. Var det vanskeleg for deg å vente?.

Du kan både la dei forstå korleis dei sjølve medverka til å løyse konflikten, og rose innsatsen deira.

Dirigenten: I mange situasjonar er det derimot meir tenleg å ta ei dirigentrolle. Då gir du klare meldingar, som:

  • No får de to minutt kvar på trampolinen.
  • Om ti minutt er det søster di sin tur med nettbrettet.

Dirigenten lagar reglar når det er nødvendig, eller finn løysinga i dialog med barna.

Skal du la barna løyse konflikten sjølv eller løyse han for dei?

Når barna kranglar, kan det vere vanskeleg å vite når dei treng hjelp av deg. Er det ein god læringssituasjon for barna, eller berre ein vond sirkel dei treng hjelp til å komme ut av? Enkelte gonger er det trong for ein dirigent, andre gonger for ein observatør.

Observatøren: Når du tek observatørrolla, sit du på hendene dine, og ser om barna greier å finne ei løysing sjølve. Du er ganske sikker på at barna eigentleg har dei ferdigheitene som skal til for å ordne opp sjølve – enkelte gonger treng dei berre rom for å prøve det ut.

Det kan vere krevjande å ikkje blande seg inn og løyse situasjonen for dei. Det er likevel fint om du klarer å halde deg litt i bakgrunnen, og heller stå klar til å gripe inn dersom det blir nødvendig.

Dersom barna klarer å ordne opp i krangelen sjølve, kan du for eksempel forsterke dette ved at du set ord på det dei gjorde:

Så fint at de blei einige og fann ei god løysing. Du gjorde slik og du gjorde slik, ja, og då blei det ok for dykk begge.

Det var raust av deg å la han få halde på med den litt lenger, mens du gjorde noko anna så lenge, eg ser han blei svært glad for det. Var det vanskeleg for deg å vente?.

Du kan både la dei forstå korleis dei sjølve medverka til å løyse konflikten, og rose innsatsen deira.

Dirigenten: I mange situasjonar er det derimot meir tenleg å ta ei dirigentrolle. Då gir du klare meldingar, som:

  • No får de to minutt kvar på trampolinen.
  • Om ti minutt er det søster di sin tur med nettbrettet.

Dirigenten lagar reglar når det er nødvendig, eller finn løysinga i dialog med barna.

Når bør du gripe inn?

Du bør alltid gripe inn i krangelen dersom han er tydeleg destruktiv, og eit av barna blir fysisk skadd, blir redd eller audmjuka.

Det er fint å lære barna å kunne tole litt. Samtidig skal dei ikkje måtte tole å bli systematisk trakka på over tid. Det er òg viktig å lære barnet at det er greitt å vere sint. Det er likevel ikkje greitt at ho uttrykkjer sinnet sitt med åtferd som skadar andre, for eksempel å slå, spytte eller klype.

Enkelte gonger er det nødvendig å gripe inn for å vareta behova til det eine av barna. For eksempel kan det vere fint for storesøsken å av og til få vere med venner utan at småsøskena må få vere med kvar gong.

Søskenkrangel handlar ofte om kampen om verdigheit. Dersom du grip inn, er det viktig at du gjer ditt beste for at begge kan komme ut av situasjonen med verdigheita i behald.

Korleis er toleransenivået ditt for krangling?

Spør deg sjølv kvifor du reagerer på krangelen? Er det fordi du er sliten og ikkje orkar støy og bråk akkurat no, eller er det fordi du tenker at barna ikkje har godt av denne krangelen?

Har du tenkt på kva det er som påverkar kor mykje krangling og støy du synest er greitt? Kan det hende du kan jobbe litt med ditt eige toleransenivå for krangling i enkelte tilfelle?

For nokon kan tolegrensa for krangling handle om forventningar til, og oppfatningar av, korleis stemninga «bør vere» i ein familie.

Har du forventningar til korleis det skal vere i din familie? Kvar trur du i så fall desse forventningane stammar frå? Tek forventningane dine omsyn til at de er ein familie som består av personar med ulike temperament og behov?

Er du «rettferdig»?

Rettferd, eller urettferd, er noko av det barn er mest opptekne av i visse aldrar. Men kva inneber det å vere "rettferdig"?

I mange samanhengar er det rettferdig å behandle søsken ulikt. Andre gonger er det rettferdig å behandle barna likt.

Innetid, leggetid eller skjermtid kan vere eksempel på ting ein må tilpasse kvart einskild barn fordi barna har ulike behov. Det kan vere fordi dei ikkje er like gamle, men det kan òg vere fordi dei har ulikt temperament, ulike preferansar, eller ulik modning, for å nemne noko.

Det er ikkje alltid så lett for barn å forstå at forskjellsbehandlinga dei ser faktisk er dine forsøk på å vere så rettferdig du kan. Det gjeld derfor å hjelpe søsken til å forstå at forskjellsbehandlinga di ikkje handlar om favorisering, men om alder eller andre tilhøve.

For å forklare dette på gode måtar, kan det vere nyttig for deg å prøve å sjå situasjonen frå barnet sitt perspektiv.

Tenk gjennom kva du lovar

Å vere rettferdig, inneber mellom anna å halde det du lovar, som: Når du blir åtte år skal du òg få vere oppe lenger eller: Neste veke er din tur til å ha ein venn på overnatting.

Det er nyttig å tenke godt gjennom kva vi lovar barna slik at barna opplever at vi klarer å innfri lovnadene våre, og at vi er til å stole på. Det er trygt for barn å oppleve at dei kan ha tillit til foreldra sine. Det kan derfor vere fint å prøve å unngå å love ting du er usikker på om du kan halde.

Samtidig kan det skje ting ein ikkje har rekna med. Dersom det blir heilt umogeleg for deg å innfri det du har lova, er det nyttig å forklare kvifor så godt du kan – på eit nivå som barnet forstår.

Det er fint om du òg klarer å setje deg inn i kva barnet opplever som verst, eller det største tapet, ved at du ikkje kan halde lovnaden din. Då kan de kanskje komme fram til eit alternativ som kan vege opp litt for vonbrotet for barnet? Det kan òg hende at barnet treng hjelp frå deg til å handtere vonbrotet sitt.

Samanliknar du barna?

Det vere nyttig å tenke litt over korleis vi samanlikar søsken.

Dersom du heile tida framhevar skilnader og likskapar mellom søsken kan du i vanvare bygge opp under kjensler hos dei som kan medverke til krangling, for eksempel knytt til konkurranse eller misunning.

Kommentarar som Du har det så rotete på rommet ditt. Kan du ikkje prøve å ha litt orden, slik som søster di har på sitt rom?, kan gi ei oppleving av at du synest det eine søskenet er betre enn det andre. Seier du Bror din lærte dette då han var yngre enn du er no, kan barnet oppleve at ho ikkje er bra nok, og at du er meir stolt av broren.

Det kan vere fint å spørje seg sjølv korleis barna kan oppleve kommentarane dine, og om dei fremjar gode søskenforhold.

Er det eitt av barna du har meir til felles med, og som du kanskje er meir saman med fordi de likar å halde på med dei same tinga? Då kan det vere fint å tenke gjennom korleis dei andre kan oppleve dette. Er det grep du kan gjere for å vareta alle?

Dersom du er medviten på korleis du sjølv opptrer, kan du lettare kompensere og fange opp konkurranse og sjalusi.

Publisert 30. september 2019
Oppdatert 30. september 2019