Har du eller nokon i familien din gjort teneste for Forsvaret i utlandet, kan familievernet gje eit tilbod om det oppstår samlivs- og relasjonsproblem.

Familievernet sitt tilbod er gratis, og de treng ikkje tilvising. Du kan sjølv ta kontakt med det næraste familievernkontoret ditt. Er du i tvil om kva for familievernkontor du skal ta kontakt med, kan familiekoordinatoren ved avdelinga di i Forsvaret hjelpe deg med dette. Du finn ei oversikt over familievernkontora i landet nedst på denne sida. Ytterlegare informasjon om familievernet sitt tilbod finn du også på nettsidene våre.

Forsvaret har laga eit eige informasjonsmateriell for familiane til mannskap som skal tenestegjere for Noreg i utlandet, eller har komt heim frå teneste.