Har du utfordringar med å kontrollere temperamentet ditt, eller utsetter du familien eller andre for vald når du blir sint? Då kan du søke hjelp frå eit familievernkontor.

På eit familievernkontor kan du få tilbod om:

  • individuell rettleiing om sinnemeistring for foreldre
  • kurs i sinnemeistring
  • parterapi
  • familieterapi

Når har eg eit sinneproblem?

Sinne er ei normal kjensle, og alle kan oppleve å bli sinte av og til. Men om du opplever at du ikkje klarer å kontrollere temperamentet ditt, eller at ditt sinne skapar frykt og uføreseielegheit for deg sjølv eler dei rundt deg, bør du søkje hjelp om det.

Nokre kan verte så sinte at dei er valdelege. Det kan vere fysisk vald, som å dytte, halde fast, slå, sparke eller "banke opp". Valden kan vere seksuell. Det kan også vere psykisk vald, som truslar, nedsetjande kommentarar eller kontrollering.

Alvorelege konsekvensar

All vald skapar utryggleik, og kan opplevast svært skremande og krenkande. På same måte kan all vald gi alvorelege konsekvensar for den som er utsett for det, både i form av fysiske og psykiske helseplagar.

Dei aller fleste som brukar vald mot sine næraste ønskjer ikkje å gjere det, og kjenner skuld etter valdshandlinga. Nokre som brukar vald, har opplevd vald sjølve og kjem til familievernkontoret for å bryte eit generasjonsmønster. Andre opplever at stress i kvardagen har starta ein valdsspiral dei ikkje klarar å komem ut av på eigenhand.

Vald er berre ein av mange måtar å reagere på når ein er sint, og nokre må ha hjelp til å lære seg nye måtar å reagere på.Gjennom samtalar og systematisk arbeid er det mogleg å bryte destruktive reaksjonar og handlingar. Dette kan du får hjelp til på familievernkontoret.

Sjå kursoversikt