Anten de er førstegongsforeldre med små barn eller erfarne foreldre, kan det vere strevsomt å få familielivet til å fungere. 

Nye familieforhold med til dømes særkullsbarn eller ny partnar som ikkje har barn frå før, gir ofte utfordringar. 

Nokre gongar er det andre høve enn sjølve parforholdet som er hovudproblemet. Små og store konfliktar mellom foreldre og barn er ikkje uvanleg. Foreldra er dei viktigaste personane i barna si utvikling, men nokre gongar kan barn ønskje seg nokon andre å snakke med. Familievernet ønskjer at barn tek del i samtalene, der det er mogleg. Det kan også vere problem mellom genreasjonane i familien. 

Samtaler hos familievernet

Familievernet tilbyr hjelp gjennom samtaler. Det kallast familieterapi, men grensa mellom hjelp til par og hjelp til familier er flytande. Foreldresamarbeid for ekspartnarar er også noko vi i familievernet kan hjelpe til med. 

Døme på situasjonar der familieterapi kan vere til hjelp: 

  • samspelet i familien
  • problem mellom generasjonane
  • førstegongsforeldre som skal omstille seg og ta ansvar og omsorg
  • utfordringar med dine, mine og våre barn
  • hjelp til foreldresamarbeid mellom ekstpartnarar
  • konfliktar mellom ulike kulturar
  • tilbod til foreldre og barn ved fysisk eller psykisk vold i familien
  • sjukdom og tap
  • tvangsekteskap og anna skadeleg praksis

Ingen familier eller problem er heilt like. På familievernkontoret får de hjelp til det som er vanskeleg for dykk. Familievernet sitt tilbod er gratis. Dei tilsette har teieplikt. 

Ta konktakt med familievernkontoret de ønskjer å gå til, så hjelper vi dykk med å finne best moglege løysingar.