Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Internasjonale forpliktingar og samarbeid om kjønnslikestilling

Gjennom tilslutning til FN-konvensjonane om diskriminering og gjennom deltaking i FN, Europarådet, Nordisk ministerråd og andre internasjonale organ, forpliktar Noreg seg til å motarbeide diskriminering på grunnlag av kjønn og framme likestilling mellom kvinner og menn.

FN-konvensjonen om eliminering av alle former for diskriminering av kvinner

FNs kvinnekonvensjon skal sikre menneskerettane for kvinner og jenter. Alle land som har ratifisert konvensjonen har forplikta seg til å verne kvinner og jenter mot diskriminering og sikre sivile, politiske og økonomiske rettar.

Noreg har ratifisert konvensjonen og er forplikta til å følgje den opp i praksis. Konvensjonen er teken inn i norsk rett gjennom menneskerettslova og skal dermed gå føre dersom det er motstrid mellom konvensjonen og anna norsk lovgiving.

Ansvarleg departement er Kulturdepartementet. I tillegg til Noregs offisielle rapport frå regjeringa v/Kulturdepartementet, utarbeider Likestillings- og diskrimineringsombodet ein supplerande rapport. Sivilt samfunn utarbeider ein skuggerapport.

Beijing-plattforma

Beijingplattformen er ein internasjonal handlingsplan for å sikre jenters og kvinner stilling og rettar. Plattforma blei vedteken på FNs siste store kvinnekonferanse i Beijing i 1995.

Noreg rapporterer om utviklinga i arbeidet vårt med å oppfylle handlingsplanen kvart femte år.

FNs berekraftsmål

FNs berekraftsmål er den felles arbeidsplanen i verda for å utrydde fattigdom, nedkjempe forskjell og stoppe klimaendringane innan 2030.

Det er i alt 17 mål, med underliggjande delmål. Mål nummer 5 lydar: Oppnå likestilling og styrke jenters og kvinners stilling. Likestilling mellom kjønna er òg tema under fleire av delmåla.

Europarådet

Gender Equality Commission (GEC) til Europarådet blei etablert for å bidra til å sikre likestillingsintegrering (gender mainstreaming) i alle delar av rådet sitt arbeid og for å bidra til internasjonale forpliktingar blir følgt opp i medlemslanda.

GEC gir råd, støtte og rettleiing til andre organ i Europarådet, og til medlemslanda.
GEC er rådgivande organ for ministerkomiteen om saker som gjeld likestilling mellom kjønna.

Medlemmene i kommisjonen er utpeika av kvart enkelt medlemsland. Alle medlemsland kan delta i kommisjonen. I tillegg deltek nokre land som observatørar.

For perioden 2018-2023 har Europarådet vedteke ein likestillingsstrategi med mål og innsatsområde for rådet sitt arbeid med likestilling (engelsk). I tillegg utarbeider GEC på oppdrag frå ministerkomiteen tilrådingar på kjønnslikestillingsområdet.

Bufdir er Noregs representant i kommisjonen.

Europarådet vedtek både konvensjonar og tilrådingar. Istanbul-konvensjonen om vald mot kvinner og vald i nære relasjonar blei ratifiserte av Noreg i 2017. Noreg rapporterer til overvakingskomiteen GREVIO om arbeidet med implementering av konvensjonen. Den første rapporten blei oversend i 2020.

Nordisk ministerråd for likestilling

Målet for det nordiske likestillingssamarbeidet er å bidra til at Norden, Færøyane, Åland og Grønland blir ein likestilt region.

Samarbeidsprogrammet for perioden 2019-2022 har fire strategiske innsatsområde:

  • arbeidslivet og veksten i framtida
  • velferd, helse og livskvalitet
  • makt og innverknad
  • likestillingsarbeid med vekt på maskulinitetar

Frå januar 2020 er LHBTI òg ein del av det nordiske samarbeidet for likestilling.

Kulturdepartementet representerer Noreg i det nordiske sektorsamarbeidet om likestilling.