Videreopplæringskurs for fosterforeldre - Traumeforståing og traumebevisst omsorg - Førde
Tid:
Sted: Storehagen 1 B, 6800 Førde
Om kurset
Dette er eit vidareopplæringskurs for kommunale fosterheimar i Rogaland og Vestland.
Kurset er bygd opp på generell traumeforståing, og er ikkje spesifikt retta mot ei fordyping i seksuelle overgrep eller barn utsett for vald. Kurset har eit fokus på korleis krenkingar og vedvarande stress kan føre til utviklingstraumer. Vi skal sjå på kva mønster som kan utviklast hos dei fleste fosterbarn som har levd i vedvarande stress og som har mangla vaksne til å hjelpe dem med å regulere seg.
Kven passar kurset for?
Kurset passar for dei fleste fosterforeldre der barnet/ungdomen har flytta inn og bur hjå familien.
Arbeidsmetode
Kurset inneheld forelesningar, gruppearbeid og ulike øvingar. Det vert lagt opp til deling av erfaringar, samt gjennomgang av teori knytt til traume og vedvarande stressopplevingar.
Tema
Kurset består av fire modular:
- inntoning, traumeforståing og traumebevisst omsorg
- korleis forstå barn utsett for krenkingar
- korleis hjelpe barn utsett for krenkingar
- pppfølgingssamling
Kursdagar
- laurdag 23. november kl. 10.00 - 18.00
- søndag 24. november kl. 9.00 - 14.00
Praktiske forhold
Kurset er gratis og inkludert mat og drikke. Ved reisevei over 60 km (1 time) hver vei dekkes overnatting på hotell fra lørdag til søndag. For deltakere med lengre reisevei kan det dekkes overnatting fra fredag til søndag.
Kursansvarlege
Kristin Uhre Paulsen og Nella Flo. Dersom du lurar på noko om kurset, kan du ta kontakt med kristin.uhre.paulsen@bufetat.no
Påmelding
Send ein e-post til ft.vest.sogn-fjordane@bufetat.no for påmelding med namn og telefonnummer på deltakarar. Skriv i emnefeltet "Påmelding traumekurset 23. november". De vil bli kontakta av ein rådgjevar i etterkant av påmeldinga for stadfesting av plass.
Har du spørsmål? Ta kontakt med oss