Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Aleinemor for to i Alver

Ei fostermor i ein artikkel fekk Johanna til å ta steget sjølv. Den handla om hennar største frykt ved å bli fostermor. At barnet du elskar så høgt, som om du har født det sjølv, ein dag flyttar tilbake til biologisk familie. – Desse barna fortener å bli elska med omsorg, tryggleik og vilkårslaus kjærleik den tida vi har dei, seier fostermor Johanna.

Då Johanna bestemde seg for å bli fostermor, gjekk ho PRIDE-kurs og kjøpte ny leiligheit med ekstra soverom. Omlag eitt år etter flytta Sebastian på 5 år inn.

No er det to år sidan han flytta tilbake til biologiske foreldre, Johanna kjenner på stor sorg og sakn. Ho besøker han jamleg og har i dag eit godt samarbeid med biologiske foreldre. Sebastian vil for alltid vere hennar son òg.

Barn og dame holder armen rund hverandre mens de står på strand vendt mot havet
Illustrasjonsbilde: Unsplash

Skulle ikkje gjere det igjen

Etter mange år som fostermor for Sebastian, hadde Johanna eigentleg bestemt seg for at ho ikkje skulle bli fostermor igjen.

– Den emosjonelle belastninga etter at Sebastian flytta var og er tung, men eg angrar absolutt ikkje.

Og det kan vere krevjande i seg sjølv å vera ein offentleg familie, seier ho.
Systemet rundt krev ein del som påverkar kvardagen til barnet og familien, og ein har ikkje råderett over det. Ofte må ein berre hoppe når nokon seier hopp. Likevel er Johanna så glad for at ho bestemde seg for å bli fostermor for andre gong.

Klikk her for å lese korleis du kan hjelpe nokon i ditt lokalmiljø.

Akutt behov for elev endra avgjerda

Lene gjekk på same skule som Johanna jobba på. Dei kjende ikkje kvarandre frå før, men Johanna visste at Lene plutseleg trengte ein heim.

Tidlegare hadde Johanna ein periode vurdert å bli fosterheim på ny, men hadde slått det frå seg. Kollegaen hennar, som visste at Johanna hadde vore fostermor tidlegare, fekk likevel lov å nemna namnet til barnevernet sidan denne konkrete situasjonen oppstod rundt Lene.

– Eg hadde ingen gode argument overfor meg sjølv til å ikkje seie ja, når situasjonen var som den var for Lene. Det var samstundes viktig for meg at det ikkje skulle gå ut over avtalane og kontakten med Sebastian. Det vart raskt avklart og Lene flytta inn.

Lurer du på om det å være fosterheim kan være noko for deg? Her kan du lese meir om kven som kan bli fosterforeldre.

Lene var redd for å flytte til ein annan by

Ved at Johanna opna heimen, får Lene no oppretthalde kontakt med familien og vener. Ho fekk fullføre skulen, bu i same nærmiljø og får oppretthalde den identiteten ho har frå før. Ho har ikkje gangavstand lenger, men ho går på dei same aktivitetane, møter dei same vennene og får framleis treffa familien i den same kommunen.

– Eg veit ho var redd for at ho skulle måtte flytte til ein fosterheim eller institusjon ein annan plass i landet, seier Johanna, det er eg glad for at ho ikkje måtte.

–Noko meir enn ein sjølv

Johanna fortel at det er godt å få sette seg sjølv til side for nokon andre. Det er ein utroleg stor verdi å vera fostermor. Det er noko meir enn ein sjølv, på eit vis.

Tidlegare var Johanna kanskje i overkant stabil og kontrollert kjenslemessig. Ho hadde lite behov for å grine.

– Eg har blitt utroleg emosjonell. Morskjensla er stor og eg blir rørt av korleis barnet har det inni seg. Frå om lag tre månader etter at eg blei fostermor første gong, har eg grine på dei fleste møte, det skjer liksom noko når orda er på veg ut. Du kan trygt seia eg har komme i betre kontakt med mine eigne kjensler!

Etter å ha jobba 30 år i skuleverket har Johanna rikeleg erfaring med barn. Likevel, kjennes det heilt annleis ut når du blir forelder. Du får ei forståing du ikkje kan få på andre måtar. Ein blir så investert i korleis barnet har det.

– Eg tenkjer til dømes tilbake på desse førsteklasseforeldra som aldri ville gå frå barnet sitt i starten. Eg tenkte: Vi har kontroll, det går fint. No forstår eg på ein annan måte. Det får ein ny dimensjon.

Barn og ungdom som treng ein ny heim, vil ofte helst flytte til nokon dei kjenner frå før. Her kan du lese meir om fosterheimar i familie og nettverk.

Balansere støtte og rom for sjølvstende

Ein må vere villig til å legge til rette for den nye konstellasjonen ein blir med eit nytt familiemedlem. Barnet har vore utsett for omsorgssvikt, det set sine spor. Det kan ha uttrykk og betydning som er annleis enn dei ein kjenner frå eige liv. Barnet har kanskje andre behov enn ein er vant med frå før. Kanskje må ein endre reglar (til dømes “alle må sitje med bordet til alle er ferdig”-regelen) og kanskje bli bevisst eigen stemmebruk og ansiktsmimikk dersom det trigger barnet og gjer det uttrygt.

For å kunne gjere dette, må ein vere villig til å bli kjent med barnet, forstå smerteuttrykk og å forstå kva som ligg bak både handling og utsegn. Ein må heile tida vere villig til å sjå på seg sjølv og korleis ein verkar på barnet.

Som fosterforelder, og foreldre generelt, må ein overfor barnet vere både tryggare, sterkare, klokare og god. Barnet blir møtt og forstått på følelsane sine, også (eller kanskje spesielt) når det ikkje kan få viljen sin eller opplevast som urimeleg.

Johanna tenkjer det er viktig å vise med handling at Lene kan ha tillit til ho. At ho er til å stole på ved å gjennomføre det ho seier ho skal. Hentar heller eit minutt før tida enn etter og er tilgjengeleg for barnet akkurat når Lene trenger det.

Mor og datter omfavner hverandreIllustrasjonsbilde: Unsplash

Høg spenning

Sjølv om Lene pleier laga matpakke og komme seg opp om morgonen på eiga hand, så tilbaud Johanna det i overgangen til vidaregåande og oppstarten av nytt skuleår.
– Eg ga ho litt ekstra hjelp i denne perioden med høg spenning og usikkerheit for det nye, fordi eg veit at då kan fort små ting bli unødvendig store og krevjande.

Etter nokre dagar sa Lene at ho skulle kome seg opp på eiga hand og ho lagar stort sett matpakken sjølv, men Johanna er påkopla og gjev Lene tilbod når ho fangar opp behovet.
– Eg prøver heile tida å finne balansen i å ikkje ta frå Lene sjølvstende, men samtidig gjeve støtte når det trengs. Eg tenkjer det er omsorg i begge deler, seier Johanna.
Johanna seier ho har lært seg sjølv å kjenne gjennom å lære å kjenne barnet. Ho er overraska over kor mykje tolmod ein kan ha når ein elskar nokon.

Rettleiar

Johanna fortel at ho i sin uvitande ikkje visste heilt kva ho skulle bruke rettleiaren sin til i starten:

– Men det har vore fantastisk nyttig og utruleg viktig å ha ein rettleiar. Rettleiaren er for meg ein kompetent samtalepartnar, rådgjevar og ein å reflektere med rundt utfordringar i rolla som fostermor og korleis eg skal løyse utfordringar i fosterheimen til det beste for barnet. Rettleiar har også fokus på kva eg som fostermor treng, minner meg på at eg må prioritere å få påfyll sjølv. Eg syns ikkje det har vore så enkelt, men veit det er viktig, og også til det beste for barnet.

Gleda i Lenes auge etter møte med venner

Johanna var ikkje sikker på kva Lene sjølv syntest om å vera hjå fostermora, men ein dag sa Lene at hun var takksam for å bu der. Det gløymer ikkje Johanna.

Lene er vant med å ordne opp for andre vaksne. Johanna blir så glad når det ser ut som Lene tar val ut frå kva ho sjølv har lyst til, at ho har litt kontakt med eigne behov og ønsker, framfor kva ho trur andre ønsker eller treng.

–Å henta henne når ho har vore med venner og ho vil fortelja meg om kva dei har halde på med, det set eg veldig pris på. Både den energien ho kjem med etter å ha hatt det kjekt med venner, og ikkje minst det at ho ønskjer å fortelja meg om det. At ho deler om livet sitt frå når eg ikkje til stades, det gjer meg glad. Eg blir både glad på hennar vegner og glad for at ho vil fortelja meg om det.

Johanna fortel at det beste med å vera fostermor er å få gi tryggleik og omsorg til nokon som treng det, og å få bli så glad i nokon.

–Å bry seg så mykje om nokon andre enn meg sjølv, er godt. Lene og Sebastian er dei viktigaste i livet mitt.

Johanna, Sebastian og Lene er fiktive namn. Historia er fortald av ei fostermor i Alver, men anonymisert med omsyn til barna og den biologiske familien deira.

No treng vi fleire fosterheimar. Har du rom for ein til? Les korleis du kan hjelpe nokon i lokalmiljøet her.