Slik snakkar du med tenåringen
Kva er ungdommen din interessert i for tida? Kor mykje ansvar kan han få, og kva treng han hjelp til? Som tenåringsforelder gjeld det å «vekse med» barnet og vere lydhøyr og interessert i kva som skjer.
Samtidig har ungdom gjerne større behov for å ha nokon eigne «rom», og sitt eige privatliv, som dei ikkje nødvendigvis ønsker å dele med deg. Då blir kunsten å vere lydhøyr nok til å plukke opp signal om at dei treng støtte frå deg, anten det er ein samtale, trøyst eller noko dei gjerne vil dele med deg.
Vis interesse
Klarer du å stille opne spørsmål om det ho er oppteken av eller dei vala ho tek? Undrande og vennlege spørsmål viser at du er interessert. Slike spørsmål gir i seg sjølv ungdommen høve til å reflektere meir rundt det de snakkar om. Gjennom slike samtalar medverkar du òg til at tenåringen din kan bli meir medviten på sine eigne haldningar, verdiar og handlingar.
- Ikkje-dømmande spørsmål kan opne for forklaringar på samanhengar ho ikkje har forstått, eller gi henne hjelp til å sjå andre sitt perspektiv.
Dersom du som forelder klarer å vere oppriktig interessert i å høyre kva ungdommen din tenker om ulike ting, og dersom du klarer å unngå ein konfronterande tone, er det meir sannsynleg at du greier å få til ein god samtale. Det kan sikkert vere freistande mange gonger å «berre fortelje» ungdommen kva du meiner. Dersom du derimot alltid gjer det, går ungdommen glipp av verdifulle høve til å reflektere og utvikle si eiga evne til gjere vurderingar.
- Opne og utforskande spørsmål er kjenneteikna ved at du snakkar med henne, ikkje til henne.
Dette gjer det lettare å forstå kva ungdommen din er oppteken av.
Negative tenåringar
På same måte som yngre barn, jobbar ungdom med å forstå og uttrykke eigen vilje og sine eigne verdiar, haldningar og synspunkt. Enkelte gonger blir dette uttrykt som protestar eller negativitet, som det å ikkje ville bli med på det du foreslår. Kanskje stønnar berre ungdommen din når du seier noko.
Dette kan kjennast utfordrande for foreldre. Då er det viktig å hugse på at ungdommane ikkje er negative for å med vilje skape dårleg stemning eller øydelegge for deg og/eller familien. Dei prøver berre å utvikle seg til vaksne, sjølvstendige personar – samtidig som hormona rasar i kroppen.
Forstå tenåringen
Psykolog Peder Kjøs i samtale med Stian Barsnes-Simonsen om korleis foreldre betre kan forstå tenåringane sine.
Barnets utvikling - tenåringer
Ifølgje psykolog Hedvig Montgomery er det spesielt éin ting som avslører at puberteten har kome inn i ein familie. Kva er det eigentleg som skjer i hjernen til tenåringen? Kvifor gløymer dei plutseleg ting dei kunne før?