Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Trass og korleis du taklar det

Det vi vaksne kallar trass er eigentleg barnet sitt prosjekt for å finne ut kven dei er.

Mamma og barn

Protestane til barnet er ikkje uvilje, men er tvert imot ei naturleg og positiv utvikling og eit steg på vegen mot å bli eit sjølvstendig menneske og å utvikle viktige eigenskapar vi vaksne ser på som positive.

Det illskrikande barnet på golvet i butikken har for mange blitt sjølve symbolet på den såkalla «trassalderen». Når barnet får raserianfall, særleg ute blant andre, kan det kjennast både flautt, intenst og vanskeleg for foreldra. Vi prøver desperat å få situasjonen til å gå over, og å tenke ut ei smidig og kjapp løysing på problemet.

  • Kanskje er du uroa for at barnet ditt kan bli ein eigenrådig og sta person som ikkje går overeins med andre, eller kanskje du er redd for at folk tenker at du ikkje har styr på barnet ditt?

Dersom du forstår kvar «trassen» kjem frå, kan det vere lettare å takle han.

Det er viktig å hugse at små barn, akkurat som eldre barn, ungdom og vaksne, kan vere slitne eller ha ein dårleg dag, utan at det tyder at dei er "trassige". Protestar og intense sinneutbrot kjennes ofte valdsamt og vanskeleg for barnet sjølv. Det er viktig å også ha empati med barnet når det "slår seg vrang".

Kvifor «trassar» barnet?

I småbarnsalderen har mange barn store kjensleutbrot for det du som forelder oppfattar som bagatellar, og ei enorm trong til å gjere sjølv utan at du blandar deg inn. Dette er fordi dei oppdagar sin eigen vilje, og at «du er deg, mens eg er meg».

Barnet treng å erfare at ho kan påverke verda, og ikkje berre tilpasse seg omgivnadene. Dette dannar grunnlaget for at barnet seinare kan ta eige initiativ og ansvar, og møte omgivnadene på ein god måte. Det vi oppfattar som «trass» er starten på å kunne kle på seg sjølv, pusse tenner, og alt anna barnet skal lære for å kunne stå på eigne bein.

Som foreldre bør derfor ikkje målet vårt vere å fjerne den sterke eigenviljen, men å møte han på gode måtar. Når du aksepterer den uttrykte eigenviljen til barnet, opplever ho å vere verdsett og at ho kan påverke omgivnadene. Sjølv om du verdset kjenslene og ønska til barnet, inneber ikkje dette nødvendigvis at barnet får viljen sin.

Trine Eikrem om trass (youtube.com)

Psykolog Trine Eikrem intervjues av Stian Barnses Simonsen om trass. Når du spiller av videoen i Youtube kan du velge mellom norske, engelske og polske undertekster.

Barnet si utvikling

Gjennom å protestere utforskar barnet seg sjølv og verda, og si eiga evne til å påverke det som skjer. Det kan vere nyttig for foreldre å tenke på dette som noko barnet skal gjere, at det skal utforske sin eigen vilje opp mot andre sin, og sjå kva som kan vere mogeleg og kva grenser som finst for kva som går og ikkje går.

Kva kan «trassen» tyde?

Har du tenkt på kva som kan ligge bak barnet sine handlingar og ord når barnet protesterer? Dette er kanskje særleg viktig dersom barnet protesterer på det som for deg verkar som bagatellar. Kan utbrotet til barnet eigentleg vere uttrykk for:

  • Slutt å mase på meg!
  • Førebu meg på det som skal skje!
  • Eg greier det sjølv!
  • La meg få prøve sjølv!
  • La meg bestemme noko!
  • Eg er frustrert, og eg veit ikkje kva eg skal gjere med det.

Det er slett ikkje sikkert at barnet sjølv er klar over kva som gjer at det føler at det må protestere eller kvifor det føler trong til eit utbrot. Når du prøver å forstå kva som skjer, kan dette medverke til at du lettare held deg roleg, og det kan hjelpe barnet til å forstå kva som skjer.

Slik handterer du «trass», protestar og raseriutbrot

  • Hugs at kjensler «smittar». Dersom du møter eit sint barn med å vere like sint sjølv, er sjansane større for at barnet berre blir enda meir rasande. Trassen til «barnet» kan også smitte – nokre foreldre opplever å bli like «trassige» og sta som barna. Då gjeld det å ta eit skritt tilbake og få kontroll på eigne kjensler.
  • Når barnet gjerne «vil klare sjølv», men ikkje helt får det til, kan du vurdere å foreslå at de heller «kan gjere det saman». Det er ofte lettare å godta dette, enn at du overtek helt. Det kan vere lurt å spørje om han treng hjelp heller enn å seie «eg skal hjelpe deg».
  • Nokon gong veit barnet berre kva han ikkje vil, og ikkje kva han vil. Då kan han trenge hjelp til å finne ut av kva han vil, og at den vaksne kjem med ulike forslag utan å presse. Ofte kan barnet ha behov for litt tid for å kjenne etter kva han vil.
  • I situasjonar som ofte låser seg kan du prøve å la barnet fastsetje noko. Er det for eksempel slik at det ofte endar med mykje protestar når barnet skal ha på klede, kan kanskje barnet få fastsetje fargen på strømpebuksa eller velje mellom to ting, for eksempel den raude eller den gule genseren?
  • Lèt du barnet få ta nokre val innanfor tryggje og gode rammer, kan dette hjelpe barnet å utvikle sjølvstende og sjølvtillit.
  • Frykt for å miste kontrollen fullstendig ved å vere inkonsekvent eller bryte rutinar du endeleg har fått innarbeidt, kan gjere det vanskeleg for deg vurdere om det akkurat i dag er ein situasjon som krev ei litt anna tilnærming. Å vere fleksibel på ein god måte treng ikkje bety at du gir deg og lèt barnet «vinne». Du kan for eksempel godt gjere unnatak frå den faste leggjetida ved spesielle høve. Då blir det eit unnatak frå ein regel. Det kan også vere lurt å fortelje barnet kvifor de gjer eit unnatak akkurat i kveld.

Spør deg sjølv: «Kva kampar er det viktig å ta, og kvar kan eg gi barnet litt rom til å fastsetje?» Nokre gonger kan det vere lurt å godta at barnet gjer noko som du ser på som litt rart, for eksempel har eit ballerinaskjørt utanpå bobledressen, eller vel rare påleggskombinasjonar på brødskiva.

Når skal barnet få viljen sin?

Alltid – eller aldri? Ein god balanse er fint når det gjeld kva barnet kan bestemme. Dersom barnet aldri får oppleve at ho har innverknad på verda rundt, kan ho få ei kjensle av avmakt, audmjuking, at ho ikkje er viktig eller er verd å rekne med. Men barna kan òg bli utrygge dersom dei alltid får viljen sin. Det kan gi barnet eit inntrykk av at ho har meir ansvar for det som skjer enn foreldra har.

Når foreldre derimot viser at dei vurderer kva som er bra for barnet, medverkar dette til å skape trygge rammer for barnet. Når foreldra er tydelege og avgjer kva barnet kan få bestemme sjølv, og kva som ikkje kan bli slik barnet vil, opplever barnet at foreldra er der til hjelp og støtte.

Eit anna aspekt er at det å kunne balansere omsyn til eigne behov med det å tilpasse seg og justere seg etter andre sine behov, er ein er viktig del av sosialiseringsprosessen for barn.

Spesialpedagogen om barnet som trasser (youtube.com)

Foreldreveileder/spesialpedagog, Inger Olaug Nordstad, svarer på innsendte spørsmål om grensesetting. I denne filmen snakker hun om barnet som trasser.

Uføreseielege situasjonar i kvardagen kan skape protestar

For dei fleste barn er overgangar vanskelege. Enkelte barn treng ekstra tid for å greie å omstille seg, som for eksempel om morgonen når dei skal gå i barnehagen, eller når dei skal gå frå barnehagen. Det kan vere nyttig å ha forståing for dette, og førebu barnet på slike overgangar.

Når barn kjem ut av dei daglege rutinane sine, og blir usikre på kva som skal skje, kan protestane bli sterkare og meir uforståelege for oss vaksne. I slike tilfelle kan protestane vere uttrykk for at det uføreseielege blir opplevd som skummelt. Protestane eller utbrotet kan forståast som ein måte barnet prøver å gjere kvardagen føreseieleg på. Det er fint når foreldre fangar opp ei slik underliggande uro hos barnet og forstår at barnet treng meir tryggleik og forklaring.

Prøv å vere roleg og tydeleg i situasjonen. Sjølv om situasjonen ikkje løyser seg der og då, verkar det som regel positivt inn på barnet at du beheld roa når det stormar for barnet. Det at du held deg roleg skaper ein føreseieleg situasjon og tryggleik for barnet når barnet sjølv opplever kaotiske kjensler.

Enkelte gonger treng barnet at du tek leiinga og er tydeleg, og at du tek grep om situasjonen på ein vennleg, men bestemt måte. Andre gonger kan situasjonen vere slik at det er betre for barnet at du heller ventar litt, justerer deg, er fleksibel eller endrar strategi undervegs.

Ikkje spør når barnet ikkje kan velge

Når du har barn i småbarnsalderen, kan det lønne seg å ikkje stille spørsmål når barnet faktisk ikkje har eit val. Altså ikkje spørje Skal vi gå og pusse tenner?, men heller seie No skal vi pusse tenner.

Vanskeleg med store kjensler

Dei store, overveldande kjenslene barnet opplever, kan opplevast vanskelege òg for barnet sjølv. Derfor er det viktig at du er med og støttar så godt du kan. Sjå an situasjonen og ditt unike barn; kva treng barnet frå deg no? Kanskje kan det opplevast trygt å sitje på fanget til kjenslene har rast frå seg, kanskje held det at du er i nærleiken og er roleg? Kanskje treng barnet at du leiar det ut av ein vanskeleg situasjon på ein trygg og god måte?

Barn har trong for hjelp frå foreldre til å forstå eigne kjensler. Det er nyttig å kunne forstå sine eigne kjensler, setje namn på det du føler, og å kunne uttrykke eigne ønske og behov på måtar som gjer at andre forstår. Når du hjelper barnet med å forstå kjenslene sine, finn han etter kvart ein balanse mellom det å regulere kjenslene sine sjølv, og det å forstå når han treng hjelp frå andre.

Det er fint å vedkjenne seg at barnet kan ha ein annan vilje enn deg sjølv, og at det kan vere frustrerande og skuffande for barnet å ikkje få gjennomslag for det ho vil.

- Foreldre med to- og treåringer har det tøffest (youtube.com)

Psykolog Hedvig Montgomery forklarer hvorfor hun mener foreldre med barn i 2-3-årsalderen og tenåringsforeldre med barn på 14-15 år sliter mer enn andre foreldre.