Kurstilbodet Fortsatt foreldre - for godt nok foreldresamarbeid
Familievernet tilbyr kurset Fortsatt Foreldre for deg som ønskjer å skapa eit godt nok foreldresamarbeid med ekspartnaren etter samlivsbrot – til det beste for barna.
Kurset fokuserer på at barna skal oppleve at foreldra klarer å samarbeide og
kommunisere etter brotet. Målet er å skape ein trygg og føreseieleg kvardag
for barna.
Måla for kurset er å
- auka forståing for eigne, og barnasbehov i ny kvardag
- auka forståing for eigne reaksjonar ibruddet og i tida etter
- gi deg muligehet til å tenkja over hvasom er eit godt nok foreldresamarbeid i ein ny kvardag for deg og barna dine
Vi skal gjennom desse temaene:
- brotopplevinga til dei vaksne
- den nye livssituasjonen til barna ved brot
- korleis handtera krangel og konflikt
- kva er godt nok foreldresamarbeid, for barnet ditt og deg
- vegen vidare
Kven kan delta?
Framleis Foreldre er både aktuelt for deg som ønskjer å førebyggja vanskar med
ekspartnar, og deg som allereie strevar med kommunikasjon og samarbeidde.
Ekspartnarar deltek ikkje på same kurs, men er velkomne til å melda seg på eit
kurs på eit anna tidspunkt.
Praktisk informasjon
- Kurset er gratis.
- Det er frivillig å dela erfaringar.
- Kursleiarar og kursdeltakarar har teieplikt.
Fant du det du lette etter?