Når tiltak er sette i verk, er tida inne for å evaluere prosjektet.
Evalueringa blir gjord for å sikre kvaliteten på prosjektet innanfor alle desse områda. Evaluering er ein prosess som ein heile tida må jobbe med. Evaluering av både prosess og resultat vil gi nyttige erfaringar for det vidare arbeidet med universell utforming.
Du bør vurdere:
- relevans
- måloppnåing
- resultat
- kostnader
- framdrift
Føresetnader for å lykkast:
- Dei vidare planane for arbeidet med universell utforming spegla i dei langsiktige planane til verksemda.
- Tenestemottakarane og dei tilsette er nøgde.
Du bør velje målgruppe og evalueringsform ut frå kva som er viktig for vidare læring og utvikling.
Vel ei av dei fem vanlegaste evalueringsformene for å lære meir:
- brukartesting
- observasjon
- intervju
- samtalar
- logg
Brukartesting
Ein brukartest, eller brukbarheitstest, inneber at reelle brukarar blir observerte mens dei prøver til dømes ein nettstad eller ein automat. Brukaren blir bedd om å utføre éi eller fleire definerte oppgåver.
Ein brukartest vil gi konkrete svar på kva problem brukaren opplever. Det er ikkje nok å spørje kva brukaren synest om løysinga. Dokumenterte problem kan brukast for å forbetre løysinga.
Observasjon
Observasjon er ein systematisk kontroll for å beskrive det som skjer, så objektivt som mogleg.
Observasjon kan brukast kvantitativt, til dømes til å telje kor mange gonger ein person gjer noko. Det kan òg brukast som eit diagnostisk verktøy for å vurdere kva som går bra, og kva som går gale.
Intervju
Intervju kan vere både strukturerte og semistrukturerte.
I eit strukturert intervju skriv ein ned spørsmåla på førehand. I eit semistrukturert intervju tek intervjuaren utgangspunkt i stikkord eller beskrivingar. Dersom du ønskjer å gå i djupna, er det lurt å bruke semistrukturerte intervju.
Samtalar
Ei evalueringsform kan vere samtale eller fokusmøte med fleire brukarar.
Brukarar blir inviterte til å dele tankar og erfaringar om løysingane.
Skal fokusgruppa vere effektiv, må ho ha ein erfaren leiar.
Logg
Ein logg er sekvensielt lagra data, ofte i kronologisk rekkjefølgje.
Ein logg er kanskje den enklaste forma for brukartesting. Brukaren får i oppgåve å skrive ned erfaringane sine på definerte område i ein gitt periode.
Brukaren bør svare på og dokumentere desse spørsmåla:
- Er alle relevante krav innfridde?
- Ta ein kikk på sjekklistene som er brukte. Er krava godt nok tilpassa verksemda?
- Kva for krav blei ikkje innfridde, og kvifor? (Det kan vere nyttig å vite kvifor enkelte krav ikkje blei innfridde. Hugs at føresetnadene for prosjekt som blei gjennomførte for fleire år sidan, kan vere endra i dag.)
- Var løysinga god nok? Fungerte ho som venta? (Sjølv om ein har gått systematisk gjennom brukarkrava, er det aldri nokon garanti for at alt fungerer slik du trur. Det kan vere nyttig å kartleggje uheldige løysingar for å unngå å gjere den same feilen om igjen.)
- Korleis kan erfaringane komme til nytte i seinare prosjekt? (Overfør erfaringane til kommande prosjekt. Det sparer både tid og pengar. Dokumentasjon av erfaringar bør inngå som del av prosjektet.)
Gjennomfør evalueringa
Ei god evaluering:
- er målretta og regelmessig
- baserer seg på dokumentasjon
- viser kva resultat ein har oppnådd
- gir grunnlag for korrigering undervegs
- peiker fram mot dei utfordringane verksemda står overfor, når nye tiltak skal skisserast
Lag evalueringsrapport
Evalueringsrapporten bør vere kort og med klare tilrådingar for vidare tiltak. Rapporten skal sendast til leiinga.