Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Rådet skal ha tilstrekkeleg sekretariatshjelp. Kommunestyret eller fylkestinget avgjer korleis sekretariatshjelpa til rådet skal organiserast. Kommunen kan for eksempel tilsette ein eller fleire sekretærar som hjelper rådet. Det vil kunne vere behov for hjelp til ein rekke ulike oppgåver, for eksempel møteinnkalling, utforming av sakslister, bestilling av møterom, føring av møtereferat, utsending av fråsegnene og andre oppgåvene til rådene.

I mange tilfelle vil sekretæren vere bindeleddet mellom rådet og kommunen eller fylkeskommunen. Kommunen/fylkeskommunen har plikt til å sikre at den har rutinar som gjer at rådet mottek saker på eit så tidleg tidspunkt at fråsegnene til rådet har moglegheit til å påverke utfallet av saka. Kommunen/fylkeskommunen kan dermed velje å opprette rutinar som gjer at sakene blir sende til sekretæren til rådet som deretter har kontakt med rådet.