For at ungdommane i rådet skal kunne utføre oppgåva si som rådgivande organ for kommunen og fylkeskommunen, er det viktig at dei får god og tilpassa opplæring.
Ansvaret for opplæring og oppfølging er for mange koordinatorar ei viktig oppgåve.
Det er nødvendig at koordinator sikrar at alle rådsmedlemmene har tilstrekkeleg kunnskap og informasjon. Dette er spesielt viktig når det kjem nye medlemmer inn i rådet. Opplæring handlar ikkje berre om dei formelle reglane og korleis prosessane fungerer, men også om kva slags kultur ein ønsker i rådet. Opplæring av nye medlemmer er også ein fin måte for rådsmedlemmer å få repetert ein del ting.
For å engasjere dei ungdommane som har vore i ungdomsrådet nokre år, kan det vere smart å spørje om dei kan ta seg av noko av opplæringa.
Bygge eit godt lag
Det er viktig å sørge for at alle rådsmedlemmer blir trygge på kvarandre ved å bli betre kjent. Dette vil skape tillit og tryggleik, som er heilt nødvendig for å kunne ha gode diskusjonar under saksbehandlinga. Lagbyggingsaktivitetane bør utfordre, men ikkje vere skremmande for dei aller yngste rådsmedlemmene.
Forklare rolla til medlemmene i ungdomsråd
Rådsmedlemmene må få kjennskap til kva rolle dei har i rådet, og kva slags ansvar som følger med rolla. Koordinator bør nytte seg av rettleiinga for rådsmedlemmer, og vise korleis ungdommane sjølv her kan finne svar på nokre av dei spørsmåla dei har.
Det er viktig at ein har ei felles forventingsavklaring når det er nye rådsmedlemmer, slik at alle er einige om dei same forventingane.
Informere om ungdomsråd
For å kunne gjere ein god jobb som medlem av eit ungdomsråd, er det helt nødvendig å ha ei god forståing av kvifor det er viktig med eit ungdomsråd og kva ungdomsrådet kan og skal gjere. Dette gjeld også for møteverksemda. Alle som skal vere til stades på eit rådsmøte, må vite kva formålet med akkurat dette møtet er.
Koordinator bør ha ein kort gjennomgang kva ungdomsrådet har gjort tidlegare, men vere tydeleg på at det er det nåverande ungdomsrådet som vel korleis og kva dei vil jobbe med - innanfor reglementet som rådet har fått av kommunestyret. Bruk gjerne eksempel på saker ungdomsrådet tidlegare har fått gjennomslag for, og gå gjennom kvifor du meiner ungdomsrådet lykkast i desse sakene .
Korleis fungerer kommunen
For at ungdomsrådet skal kunne gjere ein god jobb, er det viktig at medlemmene har kjennskap til organiseringa av kommunen (komitéar, utval og administrasjon), og korleis avgjerder blir tekne i kommunen.
Det kan også vere relevant for ungdomsrådet å kjenne til den politiske situasjonen i kommunen: Kva parti sit i kommunestyret med kor mange representantar, kven dei folkevalde er, og så vidare. Da kan ungdomsråd jobbe meir målretta med påverknadsarbeid i dei enkelte sakene.
Mange ungdommar har meir kjennskap til korleis systemet fungerer på statleg nivå. Derfor kan det vere lurt å samanlikne korleis kommunen fungerer med Stortinget og regjeringa.
Når ei sak blir behandla i ungdomsrådet bør det, som ein del av opplæringa, blir informert om kva komité som skal behandle saka før den blir send til kommunestyret.
Løpande opplæring
Du kan ikkje forvente at medlemmene skal forstå alt ved første gjennomgang. Det tek tid å få eit overblikk over dei politiske systema og prosessane. Derfor er det viktig at koordinatoren er observant på om det er behov for fleire tiltak for å gi medlemmene nødvendige kompetanse. Det er også lurt å repetere ein del av den første opplæringa etter kvart i arbeidsåret.
Har ein klart å skape god tillit og dialog mellom koordinator og medlemmene, kan det vere lurt å spørje medlemmene sjølv kva dei ønsker meir opplæring i. Kanskje medlemmene ønsker å sette av ein halvtime på starten av kvart møte til kompetanseheving innan ulike tema, system og prosessar.
Sjå filmen Kommunens oppgaver på to minutter frå Kommunenes sentralforbund.