Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Barnevernssaker som omhandlar barn med utanlandsk statsborgarskap eller med ei tilknyting til andre land kan vere utfordrande for barnevernstenesta. Sakene kan generere store medieoppslag i landa førespurnadene kjem frå og sakene kan vekse i omfang.

Dette kan igjen medføre at fleire andre instansar i forvaltninga blir ramma. Til dømes; Utanriksdepartementet (UD), Barne- og familiedepartementet (BFD), Bufdir og Sentralmyndigheten for *Haagkonvensjonen 1996, Noregs ambassadar i utlandet og andre lands ambassadar i Noreg.

I slike saker bør du i ein tidleg fase, og i god tid før du svarer ut medieførespurnader, ta kontakt med Sentralmyndigheten for *Haagkonvensjonen 1996 i Bufdir for å koordinere informasjon.

I barnevernssaker der barn har tilknyting til fleire land kan du alltid informere om

at Noreg har ratifisert ​Haagkonvensjonen 1996 om vern av barn, som inneheld føresegner om internasjonalt samarbeid i slike saker
at sentralstyresmakta for Haagkonvensjonen 1996 er plassert i Bufdir, og at dei kan kontaktast for generell informasjon om korleis konvensjonen fungerer
korleis det norske barnevernssystemet fungerer, særleg kva organ som treffer ulike type avgjerder
kva rettar barnet og foreldra har på ulike stadium av ei sak (partsrettigheter, fri rettshjelp, klage-/ankemoglegheiter, rett til samvær)