Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Mediekontakt - Gode råd om mediekontakt

Openheit i barnevernet er viktig for å byggje tillit til tenestene. Bufdir har laget to foredrag som fortel meir om korleis barnevernstenesta kan jobbe aktiv mot media – og korleis kommunen kan handtere meir krevjande mediesaker. Det siste innlegget tilrår vi at barnevernsleiar ser saman med kommuneleiinga.

Aktiv dialog med media

Målgruppe: Barnevernsleiarar
Foredragshaldar: Trine Lie Larsen, kommunikasjonsdirektør Bufdir

Korleis handtere krevjande mediesaker

Målgruppe: Kommuneleiing og barnevernsleiar
Foredragshaldar: Trine Lie Larsen, kommunikasjonsdirektør Bufdir

Korleis handtere innsynskrav

Sivilombodsmannen har laga ein nyttig guide i handtering av innsynskrav.

Sist faglig oppdatert 01. februar 2024

Når barn og unge lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, har barnevernstenesta plikt til å gripe inn.

Barnevernstenesta er einaste kommunale velferdsteneste med mandat og myndigheit til å gripe inn i familiars private sfære. Dette ansvaret og denne styresmakta tilseier at barnevernstenesta må rekne med å vere i det kritiske søkjelyset til pressa.

  • Pressa varetek viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk.
  • Pressa har eit spesielt ansvar for at ulike syn kjem til utrykk. (Ver varsam-plakaten 1.2.)
  • Det er oppgåva til pressa å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømmingar frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre (Ver varsam-plakaten 1.5)
  • Det er retten til pressa å informere om det som skjer i samfunnet og avdekkje kritikkverdige forhold. Det er plikta til pressa å setje eit kritisk søkjelys på korleis media sjølv fyller samfunnsrolla si (Ver varsam-plakaten 1.4.)
  • Det er oppgåva til barnevernstenesta å verne barn mot overgrep eller forsømmingar frå omsorgspersonar eller andre.
  • Rettstryggleiken til barn og foreldre blir sikra primærttilsynet frå av fylkesmannen med barnevernstenesta og behandlinga til fylkesnemnda av tvangssaker.
  • Når journalistar får tips om ei sak, ønskjer dei å få barnevernstenesta i tale.
  • Det er du som leiar som har ansvar for å svare.
Bygg relasjonar internt først
Bygg relasjonar til pressa
Ver proaktiv

Det er eit leiaransvar å sørgje for at medieførespurnader blir svarte ut raskt og profesjonelt.

Ver høfleg og imøtekommande, forsøk å finne ut kva journalisten vil vite og kva saka dreier seg om.
Noter namn på journalist, telefon og redaksjon.
Svar aldri uførebudd på spørsmål. Unngå å svare ingen kommentar.
Forklar journalisten at du må undersøkje saka. Avtal at du ringjer tilbake innan ein times tid for anten å svare ut spørsmål - eller leggje ein plan for når spørsmåla skal svarast ut.
Informer overordna leiing og skaff deg oversikt over innhalda og dokumenta i saka

Det er òg viktig at du og medarbeidarane dine er kjende med kommunen sine eigne retningslinjer for mediekontakt.

Unngå å svare "Ingen kommentar"
Skaff deg oversikt, kva opplysningar har journalisten?
Forklar kva som er ditt ansvar
Er det kjent kva slags vedtak som er fatta?
Bruk Vær varsom-plakaten
Be journalisten om å klargjere kva som er premissane for intervjuet
Du har rett til å imøtegå kritikk mot barnevernstenesta
Avtal sitatsjekk og gjennomlesing i forkant av intervjuet
Når saka er publisert

Offentleglova regulerer den allmenne retten til innsyn i saksbehandlinga i det offentlege.

Journalistar eller andre interesserte kan be om innsyn i alle saksdokument etter offentleglova § 3. Retten til innsyn gjeld òg overfor barnevernstenesta, og er grunngitt i omsynet til ei open og gjennomsiktig saksbehandling.

I barnevernssaker er likevel opplysningar om foreldre og barn underlagt ei streng teieplikt.

Taushetsplikt
Reglane for teieplikt
Ein parts rett til innsyn
Rett til innsyn etter personopplysningslova
Plikt til å gi ut opplysningar til pressa og høve til å uttale seg i enkeltsaker
Gi generelle opplysningar om barnevernstenesta
Gi ut opplysningar i enkeltsaker
Anonymisering
Teieplikt når opplysningar allereie er kjende
Informer om rolla til fylkesnemnda
Informer om tilsynsmaktene til barnevernstenesta
Informer om barns menneskerettar

Barnevernssaker som omhandlar barn med utanlandsk statsborgarskap eller med ei tilknyting til andre land kan vere utfordrande for barnevernstenesta. Sakene kan generere store medieoppslag i landa førespurnadene kjem frå og sakene kan vekse i omfang.

Dette kan igjen medføre at fleire andre instansar i forvaltninga blir ramma. Til dømes; Utanriksdepartementet (UD), Barne- og familiedepartementet (BFD), Bufdir og Sentralmyndigheten for *Haagkonvensjonen 1996, Noregs ambassadar i utlandet og andre lands ambassadar i Noreg.

I slike saker bør du i ein tidleg fase, og i god tid før du svarer ut medieførespurnader, ta kontakt med Sentralmyndigheten for *Haagkonvensjonen 1996 i Bufdir for å koordinere informasjon.

I barnevernssaker der barn har tilknyting til fleire land kan du alltid informere om

at Noreg har ratifisert ​Haagkonvensjonen 1996 om vern av barn, som inneheld føresegner om internasjonalt samarbeid i slike saker
at sentralstyresmakta for Haagkonvensjonen 1996 er plassert i Bufdir, og at dei kan kontaktast for generell informasjon om korleis konvensjonen fungerer
korleis det norske barnevernssystemet fungerer, særleg kva organ som treffer ulike type avgjerder
kva rettar barnet og foreldra har på ulike stadium av ei sak (partsrettigheter, fri rettshjelp, klage-/ankemoglegheiter, rett til samvær)

Etter at Noreg i 2016 slutta seg til Haagkonvensjonen 1996, har *barnverntjenesten fått eit nytt verktøy for å samarbeide med andre statar i saker der barn har tilknyting til fleire land.

Sentralstyresmakta for Haagkonvensjonen 1996 er plassert i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, og hjelper barnevernstenesta i saker der barn har tilknyting til fleire land.

Uavhengig av kva du elles kan seie, kan du alltid informere journalisten om Haagkonvensjonen 1996, sentralstyresmakta, og endringar i barnevernlova.

Haagkonvensjonen i Noreg
Skal hjelpe og sikre samarbeid

Ver varsam-plakaten har ei eiga føresegn om omtale av barn. Denne blei teken inn under revidering av dei presseetiske reglane i 1987, og er ytterlegare skjerpa ved nyare revideringar. Punktet lyder:

4.8. Når barn blir omtalte, er det god presseskikk å ta omsyn til kva konsekvensar medieomtalen kan få for barnet. Dette gjeld òg når føresette har gitt sitt samtykke til eksponering. Barns identitet skal som hovudregel ikkje blir røpt i familietvistar, barnevernssaker eller rettssaker.

Ver varsam-plakaten inneheld òg andre punkt som er særleg relevante ved omtale av barnevernssaker:

3.2. Ver kritisk i val av kjelder
3.9. Opptre omsynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen
4.14. Dei som blir utsette for sterke skuldingar
4.15. Dei som har blitt utsett for angrep