Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Tolking av rettigheitsforskrifta § 7

Bufdir sitt tolkingsfråsegn

[Barnevernloven § 5-9 og rettighetsforskriften § 7.]

Dykkar ref: 2014/2515/fmmransk/622

Vår ref: 2014/62866-4

Arkivkode: 31

Dato: 03.02.2015

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) visar til brev av 22. september 2014. Bufdir orsakar at sakshandsaminga har teke lang tid.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal ber om tilbakemelding på om § 7 andre avsnitt i rettigheitsforskrifta kan forståast slik at ein bebuar med anna kjønnsidentitet enn sitt biologiske kjønn, har rett til å bli omtala i tråd med sin kjønnsidentitet, og eventuelt kva for moment som må vurderast for at bebuaren skal få ein slik rett. Fylkesmannen skriv at institusjonen nektar å nytte anna namn enn det som står i folkeregisteret, og grunngir synspunktet sitt med omsynet til likebehandling av alle bebuarar. Ungdommen det er tale om er 17 år og har difor ikkje høve til å ta kjønnskorrigerande kirurgi.

Bufdir vil innleiingsvis kort greie ut om korleis ein kan endre namn og juridisk kjønnsstatus i folkeregisteret. Deretter vil vi vurdere korleis rettigheitsforskrifta § 7 andre avsnitt må forståast i denne konkrete saka.

For å endre ein persons juridiske kjønnsstatus i folkeregisteret går det frem av forskrift om folkeregistrering§ 2-2 femte avsnitt, at fødselsnummeret kan endras når fødselsdato eller kjønnsstatus endras. For å få nytt juridisk kjønn i Norge må ein fyrst ha gått igjennom kjønnskorrigerande kirurgi.

Før kjønnskorrigerande kirurgi kan gjerast, må vedkommande fyrst ha levd en periode i samsvar med eigen kjønnsidentitet, og deretter gjennomgå hormonbehandling. Aldersgrense for hormonbehandling er 16 år. Det at personen fult ut må leve i samsvar med eigen kjønnsidentitet vil mellom anna seie at vedkommande må endre namn.

Det er ikkje noko krav om at ein må ha endra juridisk kjønnsstatus i folkeregisteret for at ein kan endre namnet. I rundskriv G-20/2002 går det frem at det ikkje kan veljast gutenamn for jenter og omvendt, jf. ulempekriteriet i namnelova§ 10. Likevel går det frem i rundskrivet at «Jentenavn for mann eller guttenavn for kvinne skal imidlertid tillates for personer som er i gang med en kjønnskorrigerende prosess, og som har begynt med hormonbehandling, sjølv om behandlingen ikke er fullført. Det skal også tillates jentenavn for menn og guttenavn for kvinner som har en transgender identitet (transpersoner) utan at de nødvendigvis er i gang med en kjønnsskifteprosess».

Slik Bufdir tolkar dette kan ein person endra namn i folkeregisteret i samsvar med eigen kjønnsidentitet dersom ein har ein transgender identitet, sjølv om ein ikkje er gamal nok til å gjennomføre eller av andre årsaker ikkje ynskjer å gjennomføre ein kjønnskorrigerande kirurgi. Ein treng ikkje vere myndig for å byrja med hormonbehandling, og ein kan såleis endra namn før ein har fått utført kjønnskorrigerande kirurgi.

Etter Bufdirs syn kan den aktuelle bebuaren endre namn i folkeregisteret, og samtykkje til det dersom bebuaren og foreldra til bebuaren er samde. Dersom bebuaren endrar namn må institusjonen nytta namnet.

Dersom bebuaren ikkje endrar namn i folkeregisteret, må ein etter Bufdir sitt syn vurdere om bebuaren sjølv kan bestemme å bli omtala i tråd med sin kjønnsidentitet med bakgrunn i anna regelverk.

Fylkesmannen har bede om tilbakemelding på om rettigheitsforskrifta § 7 andre avsnitt kan tolkast slik at ein bebuar har rett på å bli omtala i tråd med sin kjønnsidentitet, sjølv om bebuaren ikkje har endra namn i folkeregisteret.

Det går frem av ordlyden i andre avsnitt i forskrifta til § 7, at den enkelte bebuar sjølv skal kunne bestemme i personlege spørsmål så langt dette er foreneleg med formålet med plasseringa og ansvaret til institusjonen for å gje forsvarleg omsorg til det einskilde barn. På tilsvarande måte skal medråderetten vera foreneleg med ansvaret institusjonen har for drifta, irekna ansvaret for tryggleik og trivnad for alle på institusjonen.

I retningslinjer til rettigheitsforskrifta når det gjeld § 7, går det fram at institusjonen utøver dagleg omsorg på vegne av foreldra, og at institusjonen soleis må kunne setja enkelte grenser for å ivareta omsorga for barnet. Det heiter vidare at barnet/ungdomen som oppheld seg i ein institusjon, i nokon grad må akseptere visse innskrenkingar i eigen sjølvråderett og personlege fridom. Institusjonen har ansvar for alle barn/ungdommar som bur der. Institusjonen må difor ta omsyn til den enkelte og fellesskapet når dei utøver omsorg for barna. Omsynet til den enkelte må i nokon grad vike for omsynet til fellesskapet. Dette inneber at bebuaren av omsyn til tryggleik og trivnad for alle, må finne seg i visse innskrenkingar i eiga sjølvråderett og personlege fridom.

I vurderinga av kva som ligg i at institusjonen skal yte forsvarleg omsorg og at ungdommen har rett til å sjølv bestemme i personlege spørsmål, må institusjonen ta omsyn til om det går ut over omsynet til tryggleik og trivnad for dei andre bebuarane på institusjonen.

Etter forskriftas § 1 om formål, går det frem i fyrste avsnitt, at formålet er å sikre at institusjonen gir bebuarane forsvarleg omsorg og behandling. Vidare går det frem i andre avsnitt at formålet også er å sikre at bebuarane vert behandla med omsyn og med respekt for den personlege integritet. Etter femte avsnitt skal barnets beste vera eit grunnleggande omsyn ved alle handlingar som omhandlar bebuaren.

I retningslinjer til rettigheitsforskrifta § 1 går det frem at barnets beste skal leggjast til grunn for utøvinga av omsorga. Det skal i vurderinga av kva som ligg i forsvarleg omsorg, leggjast vekt på at bebuaren skal oppleve trivnad, meistring og verte sett og høyrt. Barns rett til å bli høyrt i spørsmål som omhandlar dei sjølv, samt at meininga deira skal leggjas vekt på i samsvar med alder og utvikling, fylgjer og av FNs barnekonvensjon artikkel 12, grunnlova § 104 og barnevernlova §§ 4-1 og 6-7.

Tilsvarande er omsynet til barnets beste regulert i FNs barnekonvensjon artikkel 3 og barnevernlova § 4-1.

Av den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8, går det frem at kvar og ein har rett til respekt for sitt eige privatliv. Omgrepet privatliv er vidt, og det er vanskeleg å gje ein konkret definisjon eller ei fast avgrensing av det i lys av artikkel 8. Omgrepet privatliv kan fyrst og fremst forståast som privatsfæren og egen personlegdom, men dekkjer og personlege integritet, både fysisk og psykisk. Retten til privatliv handlar vidare om retten til å vere annleis og til retten til å råde over eigen kropp. Fridom til å definere seg som den ein er, er ein av dei mest grunnleggande sidene ved retten til å avgjere sjølv.

Menneskerettsdomstolen (EMD) har behandla fleire saker om retten til kjønnsidentitet etter EMK artikkel 8, retten til privatliv. Praksis frå EMD når det gjeld EMK artikkel 8, går i hovudsak ut på om artikkel 8 gir høve til å skifte juridisk kjønn etter ein kjønnsskifteoperasjon. EMD understrekar likevel i saka om van Kück v. Germany, at kjønnsidentitet er eit verna forhold etter artikkel 8, og at regelen også omfattar retten til personleg utvikling. Domstolen understreka vidare at kjønnsidentitet kan forståast som ein av dei mest intime delane av privatlivet. Det vart og framheva at retten til å definere seg som eit kjønn, er ein av dei mest grunnleggjande delane av sjølvråderetten.

Ifylgje Fylkesmannen, nektar institusjonen å nytte anna namn enn det som står i folkeregisteret, og grunngir det med omsynet til likebehandling av alle bebuarar.

Å være annleis enn fleirtalet kan påverke personlege levekår og livskvalitet på ulike måtar. Det ligg styrke i å måtte ha tenkt gjennom kven ein er. Det å ha ein annan ståsted enn fleirtalet, kan og være ein ressurs. Samstundes er det slik at det å tilhøyra ein minoritet kan føre til usynleggjering og ulik behandling. Kunnskap om kva tydnad seksuell orientering og kjønnsidentitet har for korleis ein vert møtt, er difor viktig.

Slik Bufdir forstår det ynskjer bebuaren å bli omtala med namn i samsvar med sin kjønnsidentitet.

Forsvarlig omsorg krev at institusjonen føretek individuelle vurderingar ut frå det einskilde barnet sitt behov. Forsvarleg omsorg krev ofte at institusjonane har ei tilstrekkeleg differensiert tilnærming for å kunna møta borns ulike behov. Bebuaren i denne saka er 17 år, og har ein klar ståstad når det gjeld eigen kjønnsidentitet. Etter Bufdir sitt syn inneber dette at institusjonen må leggja til rette for eit heilskapssyn som mellom anna inneber at bebuaren vert møtt, høyrt og omtala i samsvar med eigen kjønnsidentitet og andre behov bebuaren har.

Bufdir legg vidare til grunn at omsynet til dei andre bebuarane ikkje vert råka om institusjonen nyttar eit anna namn på bebuaren enn det som tilsvarar bebuaren sitt biologiske kjønn. Institusjonen må legge til rette for at alle bebuarane opplever tryggleik og trivnad. Dette krev mellom anna at leiinga og tilsette ved institusjonen har god kunnskap om kva tydnad seksuell orientering og kjønnsidentitet har, og kunnskap om korleis ein kan leggja til rette for eit ope og sensitivt miljø som ivaretek bebuarens personlege integritet.

I samsvar med rettigheitsforskrifta § 7 andre avsnitt, finn Bufdir at omsynet til å gje forsvarleg omsorg må vega tyngre enn omsynet til likebehandling av bebuarane i denne saka, og at institusjonen må legge til rette for at bebuaren får nytta namnet bebuaren ynskjer og at bebuaren vert omtala med namn som er i samsvar med eigen kjønnsidentitet.

Med venleg helsing

Hege Hovland Malterud (e.f)
avdelingsdirektør

Hanne Knudsen
seksjonssjef

Dokumentet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje handskriven signatur.