Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Einslege mindreårige asylsøkjarar

tre gutter som hopper
Som alle andre barn i Noreg, har asylsøkjarbarn rett til å få tenester og tiltak etter barnevernlova. Det er fleire instansar som har ansvar knytt til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar.

Ansvarsfordeling

Barnevernloven gjeld for alle barn i Noreg, uavhengig av asylsøkjarstatus og statsborgarskap. Som alle andre barn i Noreg, har asylsøkjarbarn rett til å få tenester og tiltak etter barnevernlova. Det er fleire instansar som har ansvar knytt til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar.

  • Bufetat skal gi einslege mindreårige under 15 år eit tilbod om å bu på eit omsorgssenter for mindreårige i statleg eller privat regi medan asylsøknaden blir behandla. Tilbodet gjeld fram til barnet blir busett i ein kommune eller reiser ut av landet.
  • Bufetat har omsorga for den einslege mindreårige asylsøkjaren når barnet har opphald på eit omsorgssenter
  • Bufetat har ansvar for å busetje barna som har fått vedtak om opphald i ein kommune, og rekruttere fosterheimar etter søknad frå kommunane.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) ber kommunane om å busetje einslege mindreårige asylsøkjarar. Imdi forvaltar tilskotsordningane til kommunar.

Utlendingsdirektoratet har ansvar for behandling av søknader frå utlendingar om mellom anna vern. Utlendingsdirektoratet har mellom anna ansvar for å gi eit butilbod til alle asylsøkjarar, inkludert einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år.

Statsforvaltaren har ansvar for oppnemning av representant/verje for einslege mindreårige asylsøkjarar. Statsforvaltaren i det fylket barnet til kvar tid oppheld seg utnemner representant for barnet. Representanten er ein vaksen person som skal vere i staden til foreldra og vareta rettane til barnet i Noreg, både juridisk og økonomisk.

Statsforvaltaren fører tilsyn med at omsorgssenteret blir drive i samsvar med gjeldande regelverk og at barna som bur der får forsvarleg omsorg og behandling.

Kommunen har ansvar for oppvekstsvilkårene og velferda til alle som oppheld seg i kommunen, også asylsøkjarar og flyktningar. Kommunar som har asylmottak eller omsorgssenter for einslege mindreårige blir kalla vertskommunar.

Barnevernloven gjeld for alle barn i Noreg, og barn i asylsøkjarfasen har, som alle andre barn i Noreg, rett på tenester etter lova dersom dei oppfyller vilkåra for det. Dette gjeld sjølv om barnet har tilbod om opphald i eit asylmottak eller omsorgssenter.

  • Hos Helsedirektoratet finn du informasjon om helsetenester for asylsøkjarar, flyktningar og innvandrarar, og ansvar knytt til dette.
  • Hos Folkehelseinstituttet finn du generell informasjon om asylsøkjarars helse.
  • Hos utdanningsdirektoratet finn du som arbeider med minoritetsspråklege i barnehage og skule pedagogisk støttemateriell, filmar og rettleiingar.

Omsorgssentertilbodet

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) skal gi barn som har komme til Noreg og søkt asyl utan foreldre eller andre med foreldreansvar, tilbod om opphald på eit omsorgssenter for mindreårige. Bufetat, region aust er delegert eit nasjonalt ansvar for einslege mindreårige under 15 år.  

Tilbodet om plass i omsorgssenter gjeld for barn som er under 15 år når asylsøknaden blir fremja. Tilbodet om plass på eit omsorgssenter gjeld frå barnet blir overført frå utlendingsstyresmaktene til  Bufetat, fram til barnet blir busett i ein kommune eller forlèt landet.  Omsorgssentertilbodet er regulert i barnevernlova kapittel 11.  

Bufetat skal gi tilbod om plass i eit omsorgssenter til følgjande barn:  

  • einslege mindreårige som er under 15 år når dei kjem til Noreg og søkjer om asyl  
  • medfølgjande søsken under 18 år 
  • einslege mindreårige under 15 år som blir forlatne av foreldra sine, eller som ikkje kan bu saman med andre omsorgspersonar i mottak.  
  • barn plassert av kommunal barnevernsteneste etter barnevernlova, og som blir rekna for å vere i målgruppa på omsorgssenteret.  

Det er utlendingseininga til politiet (PU) som registrerer asylsøknaden til nykommen einslege mindreårige asylsøkjarar i Noreg. Dersom PU vurderer at søkjaren er under 15 år ved framkomst, tek dei kontakt med Bufetats innkomstfunksjon og ber om plass i eit av Bufetats omsorgssenter.   

Dersom ei barnevernsteneste ønskjer å plassere eit barn i eit omsorgssenter, sender barnevernstenesta ei tilvising til Bufetat ved Enhet for inntak.

Les meir om bistand og tilvisning til Bufetat

Godkjenning

Omsorgssenteret skal gi barnet god omsorg og tryggleik og bidra til at det får den oppfølginga og behandlinga det har behov for. På lik linje med andre barneverninstitusjonar må alle private og kommunale omsorgssenter godkjennast av regionalt nivå i Bufetat eller Oslo kommune før dei kan ta imot barn. Bufdir er klageinstans for godkjenning av private og kommunale senterar.

Meir om godkjenning av omsorgssenter

Årlige kontrollar

Bufetat gjennomfører årlege kontrollar av private og kommunale omsorgssenter. Bufetat kvalitetssikrar eigne omsorgssenter gjennom løpande internkontroll.  

Tilsyn

Statsforvaltaren fører tilsyn med at omsorgssenteret blir drive i samsvar med gjeldande regelverk og at barna får forsvarleg omsorg, behandling og oppfølging i omsorgssenteret.

Private og kommunale omsorgssenter for einslege mindreårige kan berre nyttast når dei er godkjende av Bufetat.  Alle private og kommunale omsorgssenter for einslege mindreårige må søkje om godkjenning.

Les meir om godkjenning av omsorgssenter

Kartlegging er eit viktig element i opphaldet på omsorgssenteret. Kartlegginga skal danne grunnlag for oppfølging av barnet medan det oppheld seg på omsorgssenteret, og for etterfølgjande busetjing i ein kommune. Omsorgssenteret skal kartleggje barnet gjennom heile opphaldet. Gjennom kartlegginga skal ein sikre at stemma til barnet blir vektlagd, og at det blir jobba systematisk med å hjelpe barnet med å skape ein samanheng av fortida si, notid og framtid.  

Den psykiske helsa til barna blir kartlagd av ein psykolog knytte til omsorgssenteret. Dersom det er behov for vidare kartlegging eller oppfølging av den psykiske helsa til barnet, skal barnet få nødvendig oppfølging og behandling gjennom spesialisthelsetenesta. 

Omsorgssenteret skal ha eigne rutinar for bruk, kvalitetssikring og bestilling av tolk. Det er ansvaret til den enkelte tilsette å sikre god kommunikasjon med barn. Omsorgssenteret må til kvar tid vurdere om tolking er nødvending i tråd med gjeldande lovverk.

For einslege mindreårige asylsøkjarar som nettopp har komme til Noreg er det sjølvsagt at det blir nytta tolk mellom anna

  • når det skal givast nødvendig informasjon til barna
  • når det blir gjennomført kartlegging av barnet
  • dersom barnet ønskjer det

Det skal brukast tolk sjølv om eit barn snakka litt engelsk eller eit anna felles språk. Ofte kan barn gi inntrykk av at dei forstår med enn dei faktisk gjer, og viktig informasjon kan gå tapt. Omsorgssenteret bør stille krav til kvaliteten til tolken. tolkeportalen.no er eit godt verktøy for kvalitetssikring av bruk av tolk.

Omsorgssenteret har ansvar for å følgje opp skule- og opplæringstilbodet til barnet, gi barnet ei oppleving av meistring og av å bli sett og høyrt (rettsforskrifta § 1).

Les meir om retten til barnet og plikt til grunnskule, rett til vidaregåande opplæring, ansvara på omsorgssenteret og oppgåver i Veileder om samarbeid mellom skole og barnevern

Ansvaret for å yte helsehjelp ligg til helse- og omsorgstenesta. Omsorgssenteret skal bidra til at barn i omsorgssenter får nødvendig helsehjelp. For å sikre at barn og unge i omsorgssenter får nødvendig helsehjelp skal alle omsorgssenter ha ein helseansvarleg. Den helseansvarlege har overordna ansvar for å sikre at retten barnet har til helsehjelp blir vareteken, og at barnet får den hjelpa det treng frå den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta.

Omsorgssenteret skal vareta barn etniske, kulturelle, språklege og religiøse bakgrunn. Vidare skal omsorgssenteret sikre at barnet kan halde oppe eller etablere kontakt med familien sin og nettverket sitt.

Alle omsorgssenter skal ha ein familieansvarleg. Den som er familieansvarleg skal kvalitetssikre at slekta og nettverket til barnet blir kartlagd, både i Noreg og i andre land. Den familieansvarlege skal leggje til rette for at barnet kan ha kontakt med familie og nettverk.

Der barnet har slekt og nettverk i Noreg skal vektleggje og leggje til rette for barnets og familiens ønske om samvær der det er mogleg. Samværet må vurderast å vere til barnets beste.

Kvart barn har ein eigen primærkontakt som har jamlege samtalar med barnet med tolk. Dei tilsette følgjer opp kvardagen til barna tett, til dømes ved at dei er med på foreldremøte på skulen, tilbyr leksehjelp, følgjer opp helsa til barna og stiller i rolla som føresett på arenaene barna er.  Under opphaldet blir barna kjende med den nye kvardagen i Noreg og det norske språket. Samtidig har omsorgssentera ei kultursensitiv tilnærming til barna, der heimlandfokus blir tillagt vekt.   

På omsorgssenteret skal barna få god informasjon gjennom heile opphaldet.  Dei skal mellom anna få informasjon om 

  • omsorgssenteret
  • asylprosessen med etterfølgjande busetjing eller retur
    rolla til representanten
  • samfunnet i Noreg
  • helse
  • skule
  • fritidstilbod

Det blir tolk brukt for å sikre at barna får informasjon på eit språk dei forstår.  

Asylprosessen

Det er viktig at barna som bur i omsorgssentera får god informasjon om asylprosessen gjennom heile opphaldet. Dei tilsette i omsorgssentera skal vere kjende med asylprosessen, og leggje til rette for eit tett samarbeid med representanten til barnet.

Les meir om asylprosessen på asylbarn.no

Den miljøterapeutiske tilnærminga byggjer på traumemedviten omsorg gjennom heile opphaldet.  Traumemedviten omsorg tek utgangspunkt i korleis krenkingar og psykologiske traume påverkar barns utvikling og fungering. I den første akutte fasen etter framkomst blir arbeidet vektlagt med kjensleregulering og stabilisering.  Hovudprinsippa i traumemedviten omsorg dreier seg om

  • opplevd tryggleik
  • relasjon
  • hjelp til eiga kjensleregulering