Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Klage på vedtak om separasjon og skilsmisse

Bufdir er klageinstans i separasjons- og skilsmissesaker.

Separasjon og skilsmisse i Noreg

Du kan søke om separasjon og skilsmisse hos Statsforvaltaren i fylke ditt.

Ønsker du å klage på vedtak til Statsforvaltaren, sender du klaga til Statsforvaltaren. Om Statsforvaltaren ikkje gjer om vedtaket sitt, sender dei saka til Bufdir for klagebehandling.

Vi tek kontakt med deg om vi treng fleire opplysningar. Etter at vi har mottatt alle dokumenta vi treng, kan det ta inntil 3 veker å behandle klaga.

Mekling og foreldresamarbeid

Alle foreldre med felles barn under 16 år må til mekling i samband med separasjon eller samlivsbrot. Målet med meklinga er at de skal laga ein skriftleg foreldresamarbeidsavtale (samværsavtale) som er til barnas beste.

Anerkjenning av utanlandsk separasjon og skilsmisse

Du kan søke om anerkjenning av utanlandsk separasjon og skilsmisse hos Statsforvaltaren i fylket ditt.

Ønsker du å klage på vedtak til Statsforvaltaren, sender du klaga til Statsforvaltaren. Om Statsforvaltaren ikkje gjer om vedtaket sitt, sender dei saka til Bufdir for klagebehandling.

Vi tek kontakt med deg om me treng fleire opplysningar for å kunne behandle klaga. Om vi ikkje har ferdigbehandla saka i løpet av éin månad, vil du få eit førebels svar frå oss.