Kjære brurepar,
(Namnet på brureparet)
De er komne hit i dag for å bli vigde til ektepar. Eg vil minna dykk om kor stor og viktig ei hending det er at to menneske vel å leva saman i ekteskap. Når de går inn i ekteskapet, lovar de kvarandre samhald og støtte i alle livsens tilhøve, både i medgang og i motgang.
Men de lovar kvarandre meir:
Ekteskapet ber i seg at de lovar kvarandre kjærleik og truskap. Det å lova kvarandre kjærleik for resten av livet er den vanskelegaste lovnaden vi kan gje eit menneske. Det krev at de set dykk høge mål for samlivet, og at de har ærleg vilje i dag og i tida som ligg framfor dykk, til å strekkja dykk mot desse måla. Det er denne lovnaden de gjev kvarandre her i dag.
Når de gifter dykk, blir de ei eining, men de kjem framleis til å vera to sjølvstendige og jamstelte menneske. Det er ingen motsetnad mellom kjærleik og samhald på den eine sida, og fridom og sjølvstende på den andre. Kjærleik er og å syna vørdnad for kvarandre.
Det er ein rett eg har - men samstundes ei plikt som ligg på meg etter lova - at eg no skal leggja dykk to alvorleg på hjarta at de skal leva etter den lovnaden som de gjev kvarandre her.
Og no:
(vigslaren vender seg til kvinna i det heterofile paret eller den yngste personen i det homofile eller i det lesbiske paret)
spør eg deg fyrst, (det fulle namnet på kvinna eller den yngste personen):
Vil du ha (det fulle namnet på mannen eller den eldste personen i det homofile paret eller i det lesbiske paret), som står ved sida di, til ektemake?
(Når kvinna eller den yngste personen i det homofile eller lesbiske paret har svara ja, seier vigslaren til mannen eller den eldste personen i det homofile eller det lesbiske paret):
Så spør eg deg, (det fulle namnet på mannen eller den eldste personen i det homofile eller det lesbiske paret):
Vil du ha (det fulle namnet på kvinna eller den yngste personen i det homofile eller det lesbiske paret), som står ved sida di, til ektemake?
Når mannen eller den eldste personen i det homofile eller det lesbiske paret har svara ja, seier vigslaren:
Sidan de no med vitne til stades har lova kvarandre å leva saman i ekteskap, sannar eg at de er rette ektefolk.
Etter at vigselboka er underskriven og ekteparet har fått vigselattesten, ynskjer vigslaren dei til lykke.