Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Klage på avslag om godkjenning av ekteskap

Om ekteskapet de har inngått, ikkje blir rekna som gyldig, kan de søke om godkjenning hos Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus. Bufdir er klageinstans dersom de får avslag på søknaden.

Dette gjeld ekteskap inngått både i Noreg og i utlandet.

Hos Statsforvaltaren finn de detaljert informasjon om:

  • kva som kan vera årsaka til at eit ekteskap ikkje blir godkjent
  • korleis de søker om godkjenning

De kan lese meir og søke om godkjenning hos Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus. Dei behandlar saker frå heile landet.

De kan klage på avgjerda til Statsforvaltaren

Dersom Statsforvaltaren ikkje godkjenner ekteskapet etter søknaden dykkar, kan de klage på vedtaket.

Klagefristen er tre veker frå de fekk melding om vedtaket.

De sender klaga til Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus, som vil sende saka til Bufdir for endeleg avgjerd.

Spørsmål?

Ta kontakt med Bufdir på telefon 466 16 930.