Sakkunnige i barnevernet
For å sikre eit godt og barnefagleg kvalifisert underlag for avgjerdene som skal takast, blir ofte sakkunnige engasjerte til å gjennomføre ei utgreiing og skrive ein rapport basert på utgreiinga.
Ei sakkunnig utgreiing skal gi ei barnefagleg vurdering av kva som på kort og lang sikt vil gi barnet ei forsvarleg omsorg, eller fagleg vurdering av andre spesifiserte tema. Den sakkunnige skal gi oppdragsgivaren og partane eit fagleg perspektiv og dermed bidra til at saka blir tilstrekkeleg opplyst.
Alle sakkunnigrapportar i ei barnevernssak skal kvalitetssikrast av Barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen vurderer rapportane etter rettleiar om sakkunnig arbeid etter barnevernslova.
Kven er sakkunnige?
Norsk Psykologforening har eit register over barnefaglege sakkunnige, det vil seie sakkunnige som har teke utdanningsprogrammet for barnefaglege sakkunnige.
Dei fleste er psykologar eller psykologspesialistar, men også psykiatrar og andre faggrupper kan søkje om opptak til programmet og dermed komme med i registeret.