Meldeplikt etter barnevernslova
Kven har meldeplikt?
Du har meldeplikt etter barnevernslova § 13-2 viss:
- Du er offentleg tilsett eller du utfører oppgåver for det offentlege
- Du er yrkesutøvar med profesjonsbestemd teieplikt
Meldeplikten etter barnevernslova inneber eit personleg ansvar for å melde, og går føre lovfesta teieplikt.
Når har du plikt til å melde frå?
Du har plikt til å melde frå til barnevernet, utan ugrunna opphald:
- når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller utsett for annan alvorleg omsorgssvikt
- når det er grunn til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling
- når det er grunn til å tru at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit spesielt hjelpetrengande barn ikkje får dekt det særlege behovet sitt for behandling eller opplæring
- når eit barn har vist alvorlege åtferdsvanskar ved å gjere seg skuldig i alvorlege eller gjentekne lovbrot, ved problematisk bruk av rusmiddel, eller ved å ha vist anna form for utprega normlaus åtferd
- når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli utnytta til menneskehandel
Du treng ikkje å vere sikker på at barnet er i ein situasjon som beskrive i barnevernslova § 13-2 første ledd, men det må liggje føre noko konkret som indikerer alvorlege manglar ved omsorgssituasjonen til barnet eller som tilseier at barnet har alvorlege åtferdsvanskar.