Sunnmørsheimen ungdomsheim - avdeling Nygardsvegen
Institusjon for ungdom mellom 13 og 18 år. Målgruppen er ungdom som er plassert etter barnevernsloven §§ 6-1 og 6-2, samt § 4-4 når det er bestemt vidare opphald på institusjonen.
Kort om Sunnmørsheimen ungdomsheim - avdeling Nygardsvegen
- Statlig
- Plasseringstype: Atferd §§ 6-1 og 6-2
- Kapasitet: 3 plasser
- Sted: Volda kommune
Forventa opphaldstid er 6-12 månader.
Besøksadresse: Nygardsvegen 2 - 4, 6103 Volda
Postadresse: Postboks 2233, 3103 Tønsberg
Telefon: 466 17 663
E-post: sunnmorsheimen@bufetat.no
Navn: Stian Bjerkvik
E-post: stian.bjerkvik@bufetat.no
Slik er det å bu hos oss
Sunnmørsheimen ligg i Volda kommune på Sunnmøre mellom fjordar, høge fjell og dei kjende Sunnmørsalpane. Kommunen har i underkant av 9000 innbyggarar.
Idrett
Kommunen markerar seg sterkt innan idrett og har lag innan blant anna fotball, volleyball, handball, symjing, ballett, klatrehall, turn, judo, tennis og skisport. Skientusiastane kan glede seg over skitrekk og lysløyper. Område med skatepark og BMX-sykling i nærområdet. For dei som likar seg betre ute i naturen finst det fleire downhill-løyper.
Kultur
Volda har eit rikt miljø innanfor song og musikk, og har fleire tilbod for ulike aldersgrupper. Det finst kor, korps, kulturskule og fritidsklubb.
Friluftsliv
Sunnmørsheimen ligg i ei kommune med gode høve for friluftsliv. På Sunnmørsheimen har vi båt, kajakk og kano og det er gode høve for utflukter i området, sommar som vinter, til dømes bading, fisking, båtturar, klatring, skiturar, fjellturar og sykling.
Her på Sunnmørsheimen har vi tydelege og tilbakevendande rammer blant anna ved at vi har fast døgnrytme, faste måltid og kvar ungdom som bur her har sine eige oppgåver for sitt rom. Vi forventar ikkje at du skal kunne alle reglar med ein gong, men det er lurt å nytte dei første dagane til å sette seg inn i det som gjeld.
Vekeplan
Vi har fleire faste gjeremål som er sett opp på vekeplanen. Det er blant anna oppsett av vekeplan og rydding og vasking av eige rom. I helgane er det mogleg å leige film eller lage noko ekstra god mat på kvelden. Nokre helgar har vi aktiviteter som bowling, kino eller utflukter til forskjellige stader.
Døgnrytme
På vekedagane er det vekking og frukost tilpassa skule eller jobb. Mellom 18.00 og 21.00 er det aktivitetstid og leggjetid er mellom 22.00 og 23.00 avhengig av kor gamal du er. I helgane er det vekking seinare enn på kvardagane og du kan vere oppe lenger på kvelden.
Skule og jobb
Alle som kjem hit er i skulepliktig alder og dei som går på skule er anten knytt opp mot Volda Ungdomsskule , Ørsta vidaregåande skule eller Volda vidaregåande skule. Ørsta har yrkesretta studietilbod medan Volda har allmennfagleg linje samt media og musikklinje. Vi samarbeider tett med dei skulane vi har elevar på. Vi har fastsatt tid kvar ettermiddag til leksearbeid der vi kan hjelpe deg dersom du har behov for det.
Vi samarbeider også med NAV med praksisplass i bedrift for ungdomar som ikkje ynskjer å gå på vidaregåande skule. Når du bur på Sunnmørsheimen skal du ha eit godt dagtilbod.
Regler
Vi har nokre retningslinjer for korleis vi vil ha det på Sunnmørsheimen. Vi snakkar saman på ein ordentlig måte, vi held kjøkkenet ryddig, vi røyker i røykekroken, rommet ditt er privat og vi besøker, som hovudregel, ikkje kvarandre på romma. Vi vil ikkje ha noko fokus på rus, korkje i form av bilete og symbol eller diskusjonar om rusmiddel.
Dei viktigaste, ufråvikelege reglane på Sunnmørsheimen er:
- Bruk av vald og truslar om vald vert ikkje akseptert. Vald mot andre ungdommar eller vaksne vert vurdert politimeldt
- Det er ikkje lov å nytte eller oppbevare rusmiddel eller brukarutstyr på Sunnmørsheimen. Dette vil bli beslaglagt og vurdert politimeldt
- Vi aksepterer ikkje rømming frå Sunnmørsheimen eller frå Sunnmørsheimen sine tilsette. Vi etterlyser ungdom gjennom politiet ved rømming
- Kriminalitet eller hærverk vert ikkje akseptert, verken på Sunnmørsheimen eller i lokalsamfunnet
Mobiltelefon, PC/Internett, TV
Vi bruker ikkje mobiltelefon under møter og måltid av omsyn til andre. Om du vil ringe foreldre, slekt, kurator eller advokat kan du bruke Sunnmørsheimen sin mobiltelefon. Du kan også bruke denne til å lage konkrete avtalar med vener dersom du ikkje kan bruke din eigen mobil. Vi har trådlaust nett som du kan logge deg på etter å ha fått datalapp frå personalet.
Vi ser ikkje på TV på dagtid mellom 09.00 og 14.00 på kvardagane eller etter leggetid. Spesielle program du vil sjå, kanskje etter leggetid, må du avklare med personalet.
Fritid
Når du ikkje er på skule eller på jobb kan du i utgangspunktet bevege deg fritt utanfor institusjonen når du har lagd avtale om det. Vi vurderer lengda på avtalene fortløpande. Når du bur her har vi som jobbar her ansvaret for deg og ynskjer å vere så trygg som mogleg på at du har det bra når du er utanfor institusjonen.
Ferie
Når det er ferie, vert det ein litt anna struktur på huset. Vi får vere oppe litt lengre og sove litt lengre om morgonen om vi ikkje skal noko spesielt. Hovudreglane gjeld som vanleg, men vi kan til dømes ha aktivitetar som bowling, go-cart, besøke Pirbadet i Molde og andre ting som vi elles gjer i helgane på kvardagar. Lommepengar går som vanleg i ferien. Det viktigaste er at alle har det kjekt i ferien, og det er berre fantasien som set grenser for kva vi kan gjere!
Før plassering
Medverknad er ein rett alle barn og unge har. Dette betyr at barn og unge skal delta i alle forhold som handlar om dei, ikkje berre når ein skal ta avgjerder og slutningar. Medverknad gjer det mogleg for at barn og unge å delta aktivt i alle forhold som handlar om dei. Det gjeld både ved inntak, under opphaldet og førebuing til utskriving frå barnevernsinstitusjonen.
Før opphaldet
Før ungdommane kjem til oss reiser vi ut på forvern. Vi kjem til heimkommunen til ungdommane for å treffe familie og nettverk, ungdommane og kurator slik at vi får mest mulig informasjon allereie før ungdommane kjem til oss.
Under opphaldet
Sunnmørsheimen Ungdomsheim har som målsetting at vi kort tid etter innskriving har eit møte med den næraste familien eller omsorgsgivar til ungdommen. Dette for å legge grunnlaget for eit godt samarbeid vidare i prosessen, og snakke med dei om korleis dei kan vere gode støttespelarar for ungdommane under opphaldet på Sunnmørsheimen.
Besøk, heimreise og kontakt
Det er viktig at dei som bur her skal kunne ha besøk av familie, nettverk og vennar. Alle besøk skal avtalast og planleggast med dei tilsette på Sunnmørsheimen i god tid før besøket. Overnattingsbesøk kan også ordnast. Besøk skjer i hovudsak i helgane. Mange av dei som bur her er ofte heime i helgane, eller på helgebesøk til familie og slekt. Ved heimreise får ungdommane ei heimreisekontrakt. Her kan det blant anna vere avtalt heimelekser ungdommane skal trene på og andre reglar for heimreisa. Hovudkontakten har ansvar for å holde kontakt med netteverket til ungdommane under opphaldet. Dette vert ofte gjort i form av telefonsamtalar.
Etter opphaldet
Etter opphaldet ynskjer vi å ha eit evalueringsmøte der vi inviterer ansvarleg kommune og føresette. Vi ynskjer tilbakemeldingar på korleis dei har opplevd opphaldet til ungdommane og om dei har innspel til korleis vi kan oppnå betre samarbeid med kommunen og føresette.
Når du kjem hit
Kort tid etter at du kjem til Sunnmørsheimen, vert det arrangert inntaksmøte. Her vil du, kurator (kommunen sin representant), dine føresette, representant frå inntak, hovudkontakt og leiinga på Sunnmørsheimen delta. Inntak informerer om si rolle, vi fortel kvifor du skal bu hjå oss og kva som er formålet med opphaldet.
Deretter går du saman med hovudkontakten din inn på avdelinga for å bli kjent og for å pakke ut. Du får også informasjon om faste gjeremål på avdelinga, og om rettane dine. Du får òg møte dei andre ungdommane på Sunnmørsheimen. På inntaksmøte avtalar vi også korleis vi skal halde kontakt med føresette under opphaldet.
Kontaktperson
Hos oss får kvar ungdom tildelt ein kontaktperson ved innflytting, og han eller ho deltek på inntaksmøtet. Kontaktpersonen har eit ekstra ansvar for deg og skal sikre at du får rett behandling til rett tid under opphaldet. Kontaktpersonen lagar plan for opphaldet i lag med deg. Kontaktperson er også den som saman med deg planlegg innkjøp av klede og utstyr, følgjer opp fritidsaktivitetar og avtaler med lege og tannlege, samt held kontakt med nettverket ditt under opphaldet.
Når du bur på institusjon har du fleire rettar.
Les om kva rettar du har når du bur på institusjon, og kva avgrensingar me som jobbar her kan setja om det er nødvendig:
Dei tilsette skal vere her og støtte ungdommane i kvardagen, og bidra til eit godt og trygt miljø. Dei som jobbar her har ulik bakgrunn, med dei fleste er sosionomar og barnevernspedagogar. Det er personale på avdelinga både dag, kveld og natt.
For kommunar og barnevern
Informasjon til kommunar, barnevern og andre om kven me tek inn, korleis me jobbar og korleis ein søkjer om plass.
Verdiar
Verdiane våre er «RÅD» som står for «Respekt, Åpenhet og Deltaking». Vi ser det som naudsynt at vi har gjensidig respekt ovanfor både ungdomar og vaksne, at vi freistar å vere opne både ovanfor ungdomane og føresette. Vi meiner at deltaking frå nettverket rundt ungdomen i tillegg til ungdomen sjølv er avgjerande for å oppnå best mogleg resultat.
Handlekraft
Handlekraft handlar om traumebevisst omsorg. Utgangspunktet er at barn og unge som bur på institusjon treng hjelp til å regulere kjenslene sine i trygge rammer og med gode relasjonar til omgjevnadane.
Andre metodar vi jobbar ut frå:
-
Miljøterapi – arbeid med deg og dei andre ungdomane på Sunnmørsheimen i det daglege miljøet ungdommar og tilsette er ein del av. Miljøterapi inkluderer mellom anna tydelege og tilbakevendande struktur som fast døgnrytme, faste måltid og definerte oppgåver for alle ungdomane. Målet er at alle som bur her skal bli meir og meir sjølvstendige overfor desse.
-
Familieråd. I alle inntak vurderer vi om det kan gjennomførast eit familieråd så raskt som mogleg. Her kan du lese meir om familieråd.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal fører tilsyn for å sikra at alle som bur på institusjon får god omsorg og behandling. Statsforvaltaren skal òg følgja med på at gjeldande lover og reglar blir følgde.
Statsforvaltaren besøkjer institusjonen minst to gonger i året, og snakkar mellom anna med bebuarane om korleis dei har det på institusjonen.
Om bebuarane opplever at rettane deira ikkje blir varetekne, kan dei klaga til Statsforvaltaren. Dei som jobbar på institusjonen hjelper bebuarane med klaga dersom det er ønskjeleg.