Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Sogndal ungdomssenter

Sogndal ungdomssenter tek imot ungdom mellom 14 og 18 år, har 4 plassar og er lokalisert i Sogndal kommune i Sogn og Fjordane. Målgruppa er ungdom som er plasserte etter barnevernlova §§ 3-2 og 5-1. Opphaldstida er 6 til 12 månader, men kan utvidast etter individuelle planar og behov.

Kort om Sogndal ungdomssenter

  • Statlig
  • Plasseringstype: Omsorg §§ 3-2 og 5-1
  • Kapasitet: 4 plassar
  • Sted: Sogndal

Besøksadresse
Rødstokken 16, 6856 Sogndal

Postadresse
Postboks 2233, 3103 Tønsberg

Telefon: 466 19 250

E-post: sogn.barne.og.ungdomssenter@bufetat.no

Bilete av leiar

Navn: Tom Andersen

Telefon: 466 19 348

E-post: sogn.barne.og.ungdomssenter@bufetat.no

Slik er det å bu hjå oss

Sogndal ungdomssenter ligg i Rødstokken byggefelt sentralt i Sogndal kommune. Sogndal, med nærare 7000 innbyggarar, er servicesenter og skulesenter i Indre Sogn med gode kommunikasjonsmuligheiter for resten av landet. Skuletilboda ligg i gangavstand frå institusjonen. Det er alpinanlegg, lysløyper og gode treningsforhold i treningshall og treningssenter og flotte friluftsområder og klatremoglegheiter.

Institusjonen disponerer hage og utområde som kan nyttast til fritidsaktivitetar som fotball eller basketball. I tillegg ligg det ein fotballplass rett ved institusjonen. Offentleg kommunikasjon er lett tilgjengeleg med skysstasjon 5 minuttar frå institusjonen og ringbuss 3 minuttar unna. Det går skyssbåt til Bergen kvar dag og flyplassen ligg 20 minuttar unna med bil.

Vekeplan

Vi er opptatt av å ha faste rammer rundt kvardagane våre. Derfor lager vi kvar veke ein vekeplan spesielt for deg. Planen viser korleis veka di vil bli med tanke på skule eller jobb, aktivitetar, heimreiser, avtaler og liknande.

Døgnrytme

Vi har ei fast døgnrytme fordi vi meiner dette skaper tryggleik. Alle har felles innetid og «til ro på rommet-tid» på kvelden. Dagen startar til forskjellige tidspunkt for den enkelte. Nokre står opp tidleg for å vere klar til skulen, andre står opp noko seinare då dei har skule- eller dagtilbod som ikkje starter så tidleg. Dei vaksne hos oss dekker frukostbordet til deg slik at du får en fin start på dagen.

Skule og jobb

Når du bur på Rødstokken skal du ha eit skule- eller dagtilbod. Dei som går på skule, går anten på Kvåle ungdomsskule eller Sogndal vidaregåande skule. Vi samarbeider tett med skulane, og vi har fastsatt tid kvar ettermiddag (17.00-18.00) til leksearbeid der vi kan hjelpe deg om du har behov for det. Vi som jobbar her er med på foreldremøter på skulen. Vi samarbeider også med NAV og OT om praksisplass i bedrift for ungdommar som ikkje ønskjer å gå på vidaregåande skule.

Fritid og aktivitetar

Vi hjelper deg med å finne fritidsaktiviteter som du har lyst til å drive med. Om du ikkje har lyst til å gå på noko fast, gjer vi gjerne ting saman med deg - anten aleine eller saman med nokre av dei andre som bur her. Vi blir med på det meste, for eksempel fotballkamper, slalåm, kino, bowling, bading, riding og andre aktiviteter i nærområdet. Vi legg opp til aktivitetar i helgar, både saman og kvar for seg.

Reglar

Vi har reglar fordi det hjelper oss til å ta omsyn til kvarandre, men òg fordi vi meiner det kan gjere kvardagen din trygg og god. Når du kjem hit set vi oss ned saman og går gjennom reglane for institusjonen, som for eksempel innetider, mobil- og databruk og anna du er opptatt av. Når du bur på institusjon er det nokre oppgåver som du må gjere kvar veke, som å delta på ungdomsmøte, vask av rom og felles måltid.

Vekeløn

Du får utbetalt vekeløn utifrå faste satsar etter utført vask av rom.

Samarbeid med familie og nettverk

Institusjonen meiner at kontakt med familie og nettverk er viktig, og vi arbeider aktivt for å leggje til rette for slik kontakt. Opphaldet hos oss skal vere ein begrensa periode, og det er viktig å planlegge og oppretthalde kontakt med familie, nettverk og venner. Vi ser at det er viktig med god planlegging, og vi legg opp til fast kontakt med familie tredje kvar helg i tillegg til avtaler utanom desse helgane.

Når du kjem hit

Når du flyttar inn på Rødstokken følgjer barnevernstenesta deg, og nokre gongar er også den eine eller begge foreldra med. Nokre ungdommar har høve til å besøke Rødstokken før dei flyttar inn slik at dei får sett seg rundt og helse på nokre av dei som jobbar her.

Bli kjent

Vi er opptatt av at du skal trivast best mogleg. I starten vil vi derfor bruke mykje tid på å bli kjent med deg og finne ut korleis du kan få det bra hos oss. Dei første dagane brukar vi på å vise deg rundt nærområdet og skulen eller arbeidsplassen din.

Eigne rom

Rommet ditt er møblert med det du treng av møbler, men ta gjerne med noko som gjer at du trivast på rommet ditt, til dømes bilete eller ting du er glad i. Hovudkontaktane vil vere med deg og kjøpe inn det du treng av småting, til dømes plakatar eller plantar.

Hovudkontakt

Du vil få to hovudkontaktar som vil ha eit ansvar for deg. Dei vil ha oversikt, og samarbeide med familien din og barnevernstenesta. Desse hovudkontaktane vil vere dei du samarbeider og utformer måla for opphaldet saman med og dei du har vekemøte saman med.

Ansvarsgruppemøte

Det vert oppretta ansvarsgruppemøter for alle som bur på Rødstokken. Denne gruppa vil bestå av ungdomen, foreldra, representant frå barnevernstenesta i den kommunen ungdommen kjem frå, hovudkontaktar og leiing ved Rødstokken. I tillegg kan andre instansar som skule eller BUP delta etter behov. Ansvarsgruppemøte er kvar 6. veke.

Helsesjekk

Når du flyttar hit ønskjer vi at du tar ein helsesjekk hos lege, gjerne også hos tannlege.

Rettar når du bur på institusjon

Les om kva for rettar du har når du bur på institusjon og kva for grenser vi som jobbar her kan sette om det er naudsynt.

Tilsette

Det er 10–12 tilsette ved institusjonen. Dei fleste har bakgrunn som barnevernspedagogar, sosionomar eller lærarar. Dei er i alderen frå 40 til 60 år og jobbar fast i turnus. Dei som jobbar her, har vore tilsette hos oss i over 10 år.

Dei vaksne har fleire interesser som ungdommane likar å vere med på, som matlaging, trening på treningssenter, båt og bil. Vi har også biljard og hobbyrom der vi kan finne på aktivitetar saman. I tillegg til dei fast tilsette er det også tilkallingsvakter med ulik bakgrunn og interesser.

For kommunar og barnevern

Informasjon til kommunar, barnevern og andre om kven vi tar inn, korleis vi jobber og korleis ein søker om plass.

Målstyrt miljøterapi

Målstyrt miljøterapi systematiserer og kvalitetssikrar det miljøterapeutiske arbeidet hos oss. Målstyrt miljøterapi er ein metode som byggjer på faglege tilrådingar, både nasjonale og internasjonale. Utgangspunktet for metoden er å styrke kvaliteten på det miljøterapeutiske arbeidet i institusjon slik at ungdomane når sine mål.

I starten av opphaldet vil institusjonen, i samarbeid med ungdomen, foreldra og andre nøkkelpersonar, gjere ei kartlegging. Dette for at ein saman skal få eit tydeleg bilete av ungdomen sine problemområde, risiko og beskyttande faktorar og behov for bistand. Etter kartlegginga gjer ein ei fagleg vurdering av kva område det er viktigast å arbeide vidare med.

Måla ein vel å arbeide med er retta mot ungdomen sine viktigaste problemområde og utviklingsmessige behov. Måla er utfordrande, men oppnåelege. Dei er gjerne positivt formulerte og ønska av ungdomen sjølv. Målstyrt miljøterapi involverer ungdom, foreldre og andre nøkkelpersonar og som gir dei innverknad gjennom dialog. Vi har faste møter kvar veke med ungdom og foreldre der vi går gjennom delmåla som er sett opp og planlegg veka, møta med familie vil oftast gå over telefon.

Alle tilsette på Rødstokken har fått grunnleggjande opplæring i traumebasert omsorg og gjer at vi som jobbar her skal ha kunnskap om vanskelege opplevingar og kva dette gjer med oss.

Familieråd

I alle inntak vurderer vi om det kan gjennomførast eit familieråd så raskt som mogleg. Her kan du lese meir om familieråd.

Handlekraft

Handlekraft handlar om traumebasert omsorg. Utgangspunktet er at barn og unge som bur på institusjon treng hjelp til å regulere kjenslene sine i trygge rammer og med gode relasjonar til omgjevnadane.

Statsforvaltaren i Vestland fører tilsyn for å sikre at alle som bur på institusjon, får god omsorg og behandling. Statsforvaltaren skal også følgje med på at gjeldande lovar og reglar vert følgde. Statsforvaltaren besøkjer institusjonen minst to gonger i året og snakkar blant anna med bebuarane om korleis dei har det på institusjonen.

Om bebuarane opplever at rettane deira ikke vert ivaretekne, kan dei klage til Statsforvaltaren. Dei som jobbar på institusjonen, hjelper bebuarane med klagen dersom det er ønskeleg.

Kommunen avgjer om eit barn eller ein ungdom skal plasserast i fosterheim eller på institusjon. Tilvising om institusjon, fosterheim, familieråd eller statleg hjelpetiltak skal kommunen sende til postmottak i Bufetat. Postmottak vidaresender dette til regional inntakeseining eller den regionale fosterheimstenesta i den regionen kommunen tilhøyrer.

Søk bistand frå Bufetat

Ved spørsmål, ta kontakt med Enhet for inntak i Bufetat, region vest.