Sogn og Fjordane ungdomssenter, Bregnetunet
Avdeling Bregnetunet ved Sogn og Fjordane ungdomssenter tek i mot barn og unge etter barnevernlova §§ 6-1 og 6-2, og gjev eit behandlingstilbod til unge mellom 13 og 18 år. Avdeling Bregnetunet har fire plassar. Den optimale opphaldstida er 6 til 12 månader, men ho kan utvidast etter individuelle planar og behov.
Kort om Sogn og Fjordane ungdomssenter, Bregnetunet
- Statlig
- Plasseringstype: Atferd §§ 6-1 og 6-2
- Kapasitet: 3 plassar
- Sted: Førde
Sogn og Fjordane ungdomssenter jobbar etter Omsorgs- og endringsmodellen (OEM) og gjennom denne modellen vil vi tilby god omsorg og verknadsfullt behandlings- og endringsarbeid med høg grad av brukarmedverknad. Metodikken byggjer på kognitiv åtferdsteori, åtferdspsykologisk tenking og sosial læringsteori.
Modellen inneheld eit målretta og standardisert forløp som består av fem modular:
- Innflytting og kartlegging
- Brukarmedverknad
- Endringsarbeid
- Familieintegrert overføring frå institusjon (MST-FIT)
- Effektmåling/evaluering
Modellen er utvikla for å ivareta barn og unge med store omsorgsbehov og alvorlige sammensatte problem. Institusjonen vil også arbeide systematisk med psykisk helse i samarbeid med spesialisthelsetenesta.
Besøksadresse
Bregnetunet 15, 6812 Førde
Postadresse
Postboks 2233, 3103 Tønsberg
Telefon: 466 19 764
E-post: sfu.bregnetunet@bufetat.no
Slik er det å bu hjå oss
Vi har klare strukturar for å gi god omsorg, behandling og oppfølging. Vi er opptatt av at du skal mestre viktige kvardagsferdigheter som:
- å stå opp om morgonen
- møte til måltid
- lage gode avtalar og halde dei
- helse og hygiene
- ta kvelden og få god kvile om natta
Vi styrker mestring av dine ferdigheiter og forventningar ved gode og hyppige tilbakemeldingar. Vi har óg eit belønningssystem som vi kallar Faseprogrammet.
Kvar kveld snakkar vi saman med deg om korleis dagen har gått ut frå dei forventningane som gjeld for fasen du er i. Det er ein god måte å avslutte dagen på. Den legger også grunnlaget for vekelønn. Meir mestring = meir vekelønn. Både forventningar og krav skal vere tilpassa ditt nivå.
Avdeling Bregnetunet ligg i Vieåsen, eit av dei største byggefelta i Sunnfjord kommune. I Sunnfjord kommune bur det ca. 22 600 menneske. På Bregnetunet har vi har et langstrakt bolighus med fire ungdomsrom, stort kjøkken og fellesareal. På Bregnetunet har du ditt eige bad på rommet. Vi har også eigen treningshybel, som ein kan flytte ut i når ein er klar for å være meir sjølvstendig. Vi har eit fint utområde med trampoline i hagen, og gode turmuligheter i området.
Det er kun i underkant av fem minuttar inn til Førde sentrum frå Bregnetunet. Førde er eit av knutepunkta i Vestland Fylke. I Førde sentrum er det handlesenter, trivelege kaféar og mange ulike fritidstilbod. Førdehuset med svømmehall, kino, teater, trampolinepark og fleire andre tilbod. Hafstadparken med mange moglegheiter for aktivitet. Om vinteren har vi tilgang til to alpinbakkar, lysløype, skøyteis og flotte friluftsområde i nærleiken.
Frå Bregnetunet er det kort veg til skuletilbod, både ungdomsskule og vidaregåande. Vi har også høgskuletilbod i Førde. Barne og ungdomspsykiatrien (BUP) Førde ligg kun tre minuttar unna med bil, saman med Førde sjukehus.
Dersom du skal ut å fly, ligg Førde Lufthamn Bringeland 20 minuttar unna med bil. Førde har også eigen busstasjon, Firda Billag. Her går det både bussar til andre delar av landet, og til mindre plassar rundt i kommunen og fylket. I Førde ligg også Sogn og Fjordane sin største arbeidsplass, Sentralsjukehuset, og ungdomspsykiatrisk post.
Les gjerne meir om tilbodet til ungdom Sunnfjord kommune på heimsida til kommunen: https://sunnfjord.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-friluftsliv/fritidstilbod-til-ungdom/
Tryggleik
Vi ønsker å møte deg med omsorg, openhet og grenser. Vårt mål er alltid å ivareta ditt daglege behov for tryggleik og trivsel.
Vi har en fast døgnrytme og husreglar fordi vi meiner dette skaper tryggleik.
Rutinar i kvardagen
Vi er opptatt av å ha faste rammer rundt kvardagane til ungdommane våre. Den enkelte ungdom har rutine i kvardagen som handlar om vekking, skule/jobb måltider, lekser, fritidsaktiviteter og innetid. Vi samarbeider tett med skulane, og vi vil legge til rette for gode rutinar for leksearbeid der vi kan hjelpe deg om du treng det.
For å hjelpe deg å ha oversikt lagar vi kvar veke ein behandlingsplan spesielt for deg. Planen viser korleis veka di vil bli med tanke på skule eller jobb, aktivitetar, heimreiser, avtalar, stå opp-tider og liknande.
Reglar
Vi har reglar fordi det hjelper oss til å ta omsyn til kvarandre (leve saman) og fordi vi meiner det kan gjere kvardagen din trygg og god.
Dei viktigaste reglane hjå oss er:
- Vi behandlar kvarandre med respekt.
- Det er sjølvsagt lov å bli sint og frustrert, men vi lar ikkje det gå ut over kvarandre.
- Trugsmål og vald er heilt uakseptabelt.
- Det er ikkje lov å bruke eller oppbevare rusmidlar.
Vi har ansvar for å gi deg god omsorg og rett behandling medan du er her. Nokre gonger set vi avgrensingar av omsyn til behandlinga, trivselen og tryggleiken. Det vil vi gå nøye gjennom med deg når du flytter inn, men nokre døme kan vere:
- Mobiltelefon eller andre elektroniske kommunikasjonsmiddel: Data, pad, smartklokkke, o.l:
Når du bur her får du ha telefonen din så lenge du viser at du ikkje misbrukar han. Dersom du til dømes ikkje svarar på telefonen når du er ute, bruker han til å planleggje ting som bryt med reglane våre, eller at den forstyrrar nattesøvnen din, kan vi ta frå deg telefonen din for ein periode. Treng du telefonen for å ringe familie, advokat eller tilsyn kan personalet ringe dei og be dei ringe tilbake på din eigen mobil eller på ungdomstelefonen her i huset. Det same gjeld for andre kommunikasjonsmiddel. - Rørslefridom:
Vi kan òg avgrense moglegheita di til å bevege deg fritt ute. Det vil sei at i perioder kan vi bestemme at du ikkje kan gå ut, eller ha med deg voksen ut.
Skule og jobb
Alle som bur på Bregnetunet får eit meningsfylt dagtilbod, enten i skule, yrkespraksis eller arbeidstrening. Vi arbeider for at du så raskt som muleg etter innflytting skal starte på skule eller arbeidspraksis. Det opprettast kontakt med skule eller oppfølgingstenesta, og hovedkontakt har vekentleg samtaler/møter med skulen.
Vi samarbeider også med NAV om praksisplass i bedrift for ungdomar som ikkje ynskjer å gå på vidaregåande skule.
Vi som jobbar her er med på foreldremøter på skulen.
Skulane vi har i nærområdet er
Førde ungdomsskule: https://sunnfjord.kommune.no/tenester/barnehage-og-skule/skule/skular-i-sunnfjord-kommune/forde-ungdomsskule/
Førde vidaregåande skule: https://www.forde.vgs.no/
Fritid og aktivitetar
Du skal leve mest mogleg normalt når du bur her, men det er viktig at du held avtalar og føl behandlingsplanen din. Vi hjelper deg med å finne fritidsaktiviteter som du har lyst til å drive med. Om du ikkje har lyst til å gå på noko fast, gjer vi gjerne ting saman med deg - anten aleine eller saman med dei som jobber her. Vi blir med på det meste, for eksempel fotballkamper, slalåm, kino, bowling, bading, riding og andre aktiviteter i nærområdet. I tillegg legg vi opp til forskjellige turar i helgar og feriar.
Før opphaldet
I forkant av opphaldet kjem vi på besøk der du er, anten det er heime eller på ein institusjon før du flytter til oss. Du får informasjon om opphaldet, behandlinga, rettane dine og forventningsavklaringar.
Kontakt med familie og nettverk, heimreise
Alle bebuarane skal ha god kontakt med positive personar som dei har hatt kontakt med før dei flytta inn på huset. Om ungdommene kan ha besøk av venner er avhengig av kor i behandlingsløpet dei er. Når det gjeld besøk av foresatte eller slektninger må vi forhalde oss til vedtak frå nemnda. Vi lagar avtalar med ungdom, foreldre og barneverntjenesten om gjennomføringa og hyppigheten.
Etter opphaldet
Før du flyttar frå Bregnetunet, startat vi planlegginga av overgangen. Familien får støtte til å etablere samarbeid med andre der ungdommen bor, ved behov. Treningsturene vil være hyppigare i forkant av heimflytting.
Gjennom råd og rettleiing skal vi hjelpe foreldra til å bli i stand til å følgje deg opp etter heimflyttinga, både i og utenfor heimen.
Ungdommane som bur her
På avdelinga har vi tre plassar. Både jenter og gutter kan bu her. Det er ulike grunnar til kvifor ein bur hjå oss, men felles er at ein treng omsorg og behandling. Det er derfor viktig at vi respekterer kvarandre, føl husreglar og dei andre strukturane som er på huset. Tenk på dine eigne mål for plasseringa når du bur her, for å få mest mogleg ut av opphaldet.
Hovudkontakter
Du vil få to hovudkontakter som har ansvar for ei rekke praktiske og formelle oppgåver. Dette inneberer at du har to vaksne som du skal forhalde deg til når ulike spørsmål og problemstillingar dukkar opp. Det er også desse du samarbeider og utformer måla for opphaldet saman med.
Før du kjem hit
Når det er bestemt at ein ungdom skal flytte inn hjå oss, kontaktar hovudkontaktane både ungdomen, familien og/eller nettverket. Hovudkontaktane er opptatt av å finne ut kva familien forventar av opphaldet og involvere familien i ungdommens kvardag og utvikling.
Det er vanlig med besøk før ungdomen flytter til oss. Det avtalast på førehand med den kommunale barnevernstenesta om tidspunkt og kven som skal følgje ungdomen på dette besøket. Ved slike besøk får ungdomen helse på personalet og vil få omvising på institusjonen og ein kort presentasjon om korleis kvardagen hjå oss vil vere.
Når du kjem hit
Vi er opptatt av at du skal trivast best mogleg. I starten vil vi derfor bruke mykje tid på å bli kjent med deg og finne ut korleis du kan få det bra hos oss. Dei første dagane bruker vi på å vise deg Bregnetunet, nærområdet og skulen eller arbeidsplassen din. Rommet ditt er møblert med det du treng av møbler, men ta gjerne med noko som gjer til at du trivast på rommet ditt, til dømes bilete eller pynt. Du kan ta med deg kle og personlege eigendelar og du vil få det du treng av vanlege toalettsaker.
Helsesjekk
Når du flyttar hit ønskjer vi at du tar ein helsesjekk hos lege, gjerne også hos tannlege.
Behandlingsplan
Behandlingsplanen din lages i samarbeid mellom deg og utredningsteamet. Her står det kva du skal jobbe med medan du bur hos oss. For at planen skal bli best mogleg, er det viktig at du stiller opp, seier di meining og jobber med måla dine. I tillegg blir du beden om å fylle ut nokre skjema og svare på nokre spørsmål. Dette gjer vi vekentleg, meir når du flytter inn. Det er viktig at du veit at du alltid kan snakke med dei vaksne her om det som opptek deg, uansett kva det gjeld, når du sjølv ønskjer eller har behov, om ting du tenker på, synes er vanskelig eller andre ting.
For å nå måla i behandlingsplanen din får du små mål å jobbe mot kvar veke, og du får belønning når du klarer det. Vi vil at du blir “kaptein i ditt eige liv”, og di stemme og deltaking er viktig for å kunne få det betre framover og får nytte av behandliga og opphaldet hos oss.
Ansvarsgruppe
Den tida du bur på Bregnetunet, vert det etablert ei ansvarsgruppe rundt deg under opphaldet. Gruppa består til dømes av deg, foreldre, representantar frå barnevernstenesta og hovudkontaktar. Ansvarsgruppa jobbar saman for å nå dei måla som handlar om deg og framtida di.
Tryggleik
Vi ønsker å møte deg med omsorg, openheit og grenser. Målet vårt er alltid å ivareta det daglege behovet for tryggleik og trivsel.
Rettar når du bur på institusjon
Tilsette
På avdeling Bregnetunet jobbar det 26 personar i fast turnus. I løpet av eit døgn er det tre vakskift. Vi har ca. fem vaksne som jobbar dag, fem på kveld og tre vakne nattevakter på natt. Dei tilsette er variert i alder, med ulike erfaringar og interesser. Dei fleste har utdanning som barnevernspedagogar og sosionomar. Vi liker ulike aktivitetar og ønskjer gjerne å finne på aktivitetar med ungdommane alt frå speling, musikk, tegning, tur, fiske, riding, med meir.
Dei er her for å hjelpe ungdommane med problema sine, støtte dei i kvardagen og gje dei den hjelpa dei trenger.
For kommunar og barnevern
Informasjon til kommunar, barnevern og andre om kven vi tar inn, korleis vi jobber og korleis ein søker om plass.
Sogn og Fjordane ungdomssenter med avdeling Bregnetunet baserer vår faglige forståelse på multisystemisk teori, forskning og kunnskapsbasert praksis. Vi arbeider i hovedsak med basis i atferdspsykologisk tenkning, sosial læringsteori og kognitiv teori/psykologi. Vi tek utgangspunktet i at barn og unge som bur på institusjon treng hjelp til å regulere kjenslene sine i trygge rammer og med gode relasjonar til omgjevnadane.
Når det gjeld målarbeid jobbar institusjonen systematisk med mål og evaluering saman med ungdommane for å sikre involvering og forpliktelse. Handlingsplan og vekeplan er arbeidsdokument som bind saman arbeidsprosessen mellom miljøterapeut og ungdom.
Sogn og Fjordane ungdomssenter jobbar etter Omsorgs- og endringsmodellen (OEM) og gjennom denne modellen tilbyr vi god omsorg og virkningsfullt endringsarbeid med høg grad av brukarmedverknad.
Omsorgs- og endringsmodellen
OEM bygger på Dialektisk åtferdsterapi (Dialectical behavior therapy, DBT) som er ein empirisk validert behandlingsmetode for ei rekke alvorlege psykiske lidingar der emosjonsreguleringsproblematikk står sentralt. Kjernen i OEM inneberer å gi tryggleik, varm omsorg og tilbakemeldingar om at ungdommane er gode nok i seg sjølve, parallelt med å bidra til at dei utviklar ferdighetar som kan skape positive endringar i liva deira.
Hovudmåla med OEM
- Skape eit liv verd å leve
- Reduksjon av sjølvmordsforsøk og sjølvskading
- Reduksjon av problematisk åtferd som vald og truslar om vald
- Reduksjon av rømming
- Reduksjon av handlingar som kan redusera livskvalitet, for eksempel tilfeldig seksuell kontakt, skolefråvær, sosial isolasjon og/eller overdriven bruk av sosiale media
- Auke sjølvkontroll og ferdighetar til å løyse problema
- Større deltaking i skule og arbeid
- Hindre utilsikta flyttingar
- At fleire ungdommar kan flytte til mindre inngripande tiltak
OEM tar høgde for at ungdommane på institusjon ikkje er einsarta. Dei har ulike behov og ulike utfordringar av forskjellige alvorsgrader. På grunn av eit breiare spekter av utfordringar varierer også kva familie- nettverksband dei har og kvar ungdommane skal etter institusjonsopphaldet.
Det vil derfor variera i kva grad modellens hovudmål er relevante for den enkelte situasjon. Det vi ønsker å gi ungdommane i løpet av opphaldet på institusjon, er ferdigheiter til å bygge og vedlikehalde nettverk og sosiale relasjonar, regulere sine tankar og kjensler i tillegg til å styrke deira sjølvfølelse, slik at dei kan ta gode val for seg sjølv.
Det overordna målet med OEM er å skape eit liv verd å leve for den enkelte ungdom. Det betyr at det ikkje er nok å slutte med handlingar som er skadelege eller problematiske. Den enkelte må også oppleve meistring, sjå meining og erfare at nye ferdigheiter er meir effektive for å løyse utfordringar.
Kva tenker vi i OEM?
All åtferd (hendingar, tankar og kjensler) har en årsak, sjølv om vi ikkje veit kva desse årsakene er.
OEM har eit biososialt teoretisk grunnlag i forståinga av korleis psykisk og sosiale vanskar oppstår. Psykiske og sosiale vanskar, og spesielt emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring blir forstått som «ei forstyrring i emosjonsreguleringa». I OEM forstår vi denne svikten i reguleringssystemet som både biologisk og sosialt avhengig.
Vi tenker at vi alle til ei kvar tid er eit resultat av eit samspel mellom vårt sosiale miljø og våre biologiske eigenskapar. I tillegg er OEM tydeleg på at ein persons og miljøets eigenskapar blir endra over tid, som ein konsekvens av den gjensidige påverknaden, og at det er prosess som eigentleg aldri sluttar.
OEM har som premiss at psykiske og sosiale vanskar blir utvikla fordi barnet har medfødde biologiske sårbarheiter som ikkje blir møtt på føremålstenelege måtar. OEM tar utgangspunkt i at vi alle er fødde med ulike gradar av kjenslemessige sårbarheiter som gir oss ulike grunnlag for å oppleve verden. Omsorg og læring vi får i vårt sosiale miljø, spesielt i dei første leveåra, spiller ei stor rolle for kor godt vi klarar å forstå våre eigne emosjonelle responsar og korleis vi klarer å handtere og regulere dem.
Når barnets kjenslemessige sårbarheiter gjentatte gonger ikkje bli validert og blir heller møtt med avvising eller straff, kan det medføre problem med å regulere fleire aspekt av de emosjonelle responsane. Barn som veks opp i eit invaliderande miljø utan rettleiing og hjelp til å forstå og regulere sine emosjonar på ein adekvat måte, kan utvikle vanskar på ei rekke områder og er i store fare for utvikling av både psykiske og sosiale vanskar.
Omsorgs- og endringsmodellen inneberer
Som nemnt bygger omsorgs- og endringsmodellen på DBT. DBT er utvikla til bruk i poliklinisk, allmennpsykiatrisk behandling, for å kunne tilby ei effektiv behandlingsform for personar med kronisk suicidalitet og emosjonelt ustabil personlegdomforstyrring. DBT har seinare blitt tilpassa og utvida til å kunne brukast på fleire målgrupper. Effektstudiar som er gjennomført på tilpassingar viser at DBT er effektiv behandlingsform for en rekke lidingar også utover emosjonelt ustabil personlegdomforstyrring slik som å vere avhengig av rus, eteforstyrringar og depresjon. DBT som en behandlingsform har også vist ein signifikant reduksjon av sjølvskading, sjølvmordsåtferd, fråfall frå terapi og behov for innleggingar på akuttavdeling og legevaktbesøk.
I omsorgs- og endringsmodellen er det gjort fleire tilpassingar frå standard DBT til institusjonsbruk. Tilpassingar har vært nødvendig for å kunne drifte OEM innafor dei faglege, kulturelle og etiske prinsippa som ligg til grunn for drift av barnevernsinstitusjonar, som rettigheitsforskrifta. Gjennom denne modellen tilbyr vi god omsorg og verknadsfull endringsarbeid med høy grad av brukarmedverking.
Modellen følger fasar som er gjenkjennelege frå standardisert forlaup som består av
- Innflytting og kartlegging
- Utviklings- og endringsarbeid
- Familieintegrert overføring frå institusjon
- Brukarmedverking, evaluering og progresjonsmåling skjer gjennomgåande under heile institusjonsopphaldet.
I OEM blir det fokusert på korleis ein finn gode løysingsstrategiar for uhensiktsmessig åtferd som ungdom tidlegare har brukt som strategiar for å løyse problema. Kjensleestyrte handlingar kan medføre at vondt blir til verre. Gjennom å identifisere og kjenne att kjensler og korleis dei styrer oss, kan vi endre vår måte å handtere vanskelege situasjonar i framtida. I OEM jobbar vi målretta saman med ungdom for å finne gode alternative løysingar (ferdigheiter) til å handtere ulike livssituasjonar.
OEM består av følgande kjernekomponentar
Ferdigheitsgrupper
Ferdigheitene i OEM er allmenngyldige, men den enkelte ungdommen kan ha behov for å trene ekstra på nokre av dei. Ferdigheitstreninga skal gi ungdommen verktøy i korleis endre eigen åtferd, kjensler og tankar som er samankopla til problem i livet og som kan være opphav til liding og uro. Undervisning og opplæring i ferdigheiter skjer i hovudsak i ferdigheitsgruppa to timer kvar uke, mens utprøving og bruken av dei blant anna skjer i institusjonsmiljøet. Ungdommane blir introdusert for er ein ny DBT ferdigheit kvar uke. I tillegg til å få ferdigheita forklart, øver dei på ferdigheita f.eks. ved hjelp av rollespel eller gruppearbeid saman med ferdigheitstrenar. Ferdighitane er delt inn fem ulike modular:
Mindfulness/bevisst nærvær handlar om å være til stede her og nå og legge merke til det som skjer i og rundt deg. Først då kan du ta gode val.
Å halde ut lærer deg å handtere stressa situasjonar og «kriser». Ingen kan gå gjennom livet utan å oppleve ubehag. Ikkje gjere ting verre enn det de er. I kjensleregulering lærer ungdom korleis dei skal kjenne att og sette ord på kjenslene sine, samt sjå korleis kjensler kan styre handlingar.
Mellommenneskelege relasjonar handlar om korleis vi får og behaldar venner. Det handlar også om korleis vi kan få det som vi vil ved å spørje på en god måte, men også å seie nei til ting vi ikkje ønsker å være med på.
Å finne mellomtingen lærer at fleire kan ha rett på same tid. Det er ikkje alltid "sånn, eller sånn" - det er fleire måtar å løyse problem på.
Ferdigheitstreninga blir fylgt opp i ferdigheitsgrupper, institusjonsmiljøet og gjennom individuelle samtaler.
Individuelle samtaler
Ungdom og terapeut møtast minimum ein time veka til ein strukturert samtale med fokus på å generalisere ferdigheiter og auke ungdommen si evne til å handtere vanskelege situasjonar meir effektivt. I individuelle samtalar går ungdommen og terapeuten gjennom veka som har gått, og set planar for dei kommande dagane slik at ungdommen skal kome nærmare sine mål. For å huske detaljer om korleis uka har vært blir det brukt dagbokkort.
I individuelle samtalar gjennomførast også "åtferdskjedeanalyse" (AKA) saman med ungdommen på konkrete hendingar som blir sett på som problematiske. Det bidrar til ei felles forståing for korleis vår åtferd blir påverka av våre tankar, kjensler og omgivnader. Gjennom analyse av ei aktuell hending kan ungdomen og terapeuten saman identifisere sårbarheiter, kva som triggar og forstå kvifor vi handlar som vi gjer.
Vidare ser ungdommen og terapeuten på ulike løysingar og alternative handlemåtar som kunne vært brukt og skal brukas i framtida. De øver saman på ferdigheitene ungdommen har behov for.
Institusjonsmiljøet
Ungdom og familiar må øve på nye måtar å gjere ting på i ulike situasjonar (heime, på skulen i arbeid, med venner).
Det er krevjande for alle menneske å endre korleis dei reagerer i ulike situasjonar. Likt som med alt anna treng vi å øve dersom vi skal bli gode til noko. For å lykkas med endringar må vi ofte finne motivasjon i både oss sjølve og i omgivnadane rundt oss. Institusjonen legg til rette for å være ein trygg stad å lære og å øve for ungdommane.
På institusjonen vil terapeutane gjere det de kan for å hjelpe kvar enkelt ungdom til å bli dyktig i å bruke ferdigheitane på en effektiv måte slik dei oppnå eigne mål. Ungdommane vil derfor få oppmuntring og rettleiing i korleis ferdigheitene skal brukast i eit positivt og ikkje dømmande miljø. Vi er derfor opptatt av å sjå og forsterke sjølv dei minste stega ungdommen gjer mot eigne mål. På institusjon vil ungdommen bli heiet på og få tydelege tilbakemeldingar av vaksne. Det blir gjort i samspel med ungdommen og det blir brukt eit systematisk forsterknings- og tegnøkonomisystem til å motivere ungdommar.
Familie og nettverk
Sidan plassering i institusjon er eit tidsavgrensa tiltak blir familie og nettverksarbeid sett på som viktig. OEM legg til rette for gjensidig samarbeid mellom ungdom, foreldre og føresette, barnevernstenesta og eventuelt andre personar som har betyding for ungdommen.
I OEM blir disse personane sett på som viktige ressursar også for institusjonen og vil spele ei stor rolle for å oppnå felles mål. Etter avtale med barnevernstenesa arbeider institusjonen aktivt med foreldre og nettverk for å inkludere dei i arbeidet. Dette skjer blant anna gjennom at terapeuten og ungdommen involverer familie og nettverk i ungdommens endringsarbeid ein gong i veka. Familie og nettverk får også innføring i konkrete ferdigheiter, samt strategiar for å støtte ungdommen både i kvardagen og ved samvær.
Familieråd
Vi skal alltid vurdere om det kan gjennomførast eit familieråd så raskt som mogleg. Dette blir organisert av barnevernet. På Bufdir.no kan du lese meir om familieråd.
Andre metoder vi jobbar ut ifrå:
- Handlekraft – Som handler om traumebesvist omsorg
- Motiverende intervju (MI)
- Trygghet og sikkerhet
- Kartleggingsverktøyet ASEBA
Statsforvaltaren i Vestland fører tilsyn for å sikre at alle som bur på institusjon, får god omsorg og behandling. Statsforvaltaren skal også følgje med på at gjeldande lovar og reglar vert følgde. Statsforvaltaren besøkjer institusjonen minst to gonger i året og snakkar blant anna med bebuarane om korleis dei har det på institusjonen.
Om bebuarane opplever at rettane deira ikkje vert ivaretekne, kan dei klage til Statsforvaltaren. Dei som jobbar på institusjonen, hjelper bebuarane med klagen dersom det er ønskeleg.
Kommunen avgjer om eit barn eller ein ungdom skal plasserast i fosterheim eller på institusjon. Tilvising om institusjon, fosterheim, familieråd eller statleg hjelpetiltak skal kommunen sende til postmottak i Bufetat. Postmottak vidaresender dette til regional inntakeseining eller den regionale fosterheimstenesta i den regionen kommunen tilhøyrer.
Ved spørsmål, ta kontakt med Enhet for inntak i Bufetat, region vest.
Sogn og Fjordane ungdomssenter avdeling Bregnetunet tek imot unge etter barnevernlova §§ 6-1 og 6-2. Institusjonen gjev behandlingstilbod til ungdom mellom 13 og 18 år. Gjennomsnittsophaaldstida er ni mnd.