Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Kollen ungdomsbase

Institusjon for ungdom mellom 13 og 18 år (20 år ved ettervern).

Kort om Kollen ungdomsbase

  • Statlig
  • Plasseringstype: Omsorg §§ 3-2 og 5-1
  • Kapasitet: 8 plasser
  • Sted: Vestnes

Besøksadresse: Myrakollen 2 - 16, Vestnes

Postadresse: Postboks 2233, 3103 Tønsberg

Telefon: 466 17 420

E-post: kollen.ungdomsbase@bufetat.no

Navn: Hilde Sivertsen

E-post: hilde.sivertsen@bufetat.no

Slik er det å bu hos oss

Kollen Ungdomsbase ligg i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Kommunen har litt over 6600 innbyggjarar.

Kultur- og fritidstilbod

Kollen ligg om lag ein kilometer frå sentrum i Vestnes. Der finn du butikkar, offentlege helsetilbod som helsestasjon, helsesenter, tannlege og andre vanlege servicefunksjonar. Kommunen har ein godt utbygd og aktiv kulturskule med tilbod innan musikk, teater, dans og drama. Kommunen er også kjend for å ha eit aktivt hestemiljø.

I Vestnes er det flott natur med mange høve til turar og fritidsaktivitetar. Vestnes ligg midt mellom Ålesund og Molde. Kollen Ungdomsbase brukar flittig ulike tilbod som finst i begge byane; mellom anna kino, symjehall, resturantar og kjøpesenter. Det er ein tur på ca. 45 minutt med bil eller buss til Ålesund og ca. 35 minutt med ferge til Molde

Ungdomsrom og institusjonsleilegheiter

Ungdomsromma er møblert med seng, bord, skrivebord, reol og stol, i tillegg har alle eigen dusj og toalett. Vi har fleire fullt utstyrte institusjonsleilegheiter. Desse leilegheitene kan mellom anna brukast til eldre ungdom som skal trene på å bu for seg sjølv før ein blir myndig. Du får din eigen nøkkel til rommet ditt slik at du kan låse døra når du ikkje er til stades.

Lommepengar

Når du bur på Kollen får du lommepengar kvar veke. Lommepengebeløpet blir bestemt ut frå om du går på skule eller dag-tilbod, om du har ei god døgnrytme, følgjer avtalane dine og om du vaskar rommet ditt. Dersom du gjer ein god innsats får du meir lommepengar kvar veke.

Skule og jobb

Når du bur hos oss skal du ha eit dagtilbod. Vi samarbeider tett med Helland ungdomsskule som er vår lokale skule, og alle i ungdomsskulealder som kjem hit vert innskrivne ved Helland ungdomsskule. Skulen har tilsett to lærarar knytt opp mot dei elevane som bor hos oss.

Om du slit med problem på skulen, kan du få tilbod om undervisning i mindre grupper i starten av opphaldet. Undervisninga vert tilrettelagt for kva den enkelte treng.

Dei fleste som bur her og går på vidaregåande skule, går på skule i Molde eller på Gjermundnes vidaregåande skule som ligg i Vesnes kommune.

Elevar som ikkje går på skule eller sluttar på vidaregåande skule, får hjelp til arbeidspraksis, til å søkje arbeid eller finne andre meiningsfulle aktiviteter på dagtid.

Fritid og aktiviteter

På Kollen Ungdomsbase har vi ein verkstad som kan brukast for dei som har syklar eller mopedar. Vi har også eit stort aktivitetsrom med mellom anna bordtennisbord, biljard og trommesett. Vi har også fleire bilar slik at vi kan dra på tur, vi har båt, utstyr til vasskikøyring, kanoar, kajakkar og trampoline. Fiskeutstyr, skøyter, klatreutstyr, lagstelt med omn, volleyballbane og mykje anna finst også på Kollen. 15 kilometer frå Kollen har vi ei hytte som vi ofte brukar til turar, ho har sju soveplassar.

Brukarmedverknad

Medverknad eit viktig område for oss når du bur her. Det vil seie at vi legger til rette for at du skal få seie meininga di og bli lytta til, både i møter og gjennom dagleglivet. Grunnleggjande handlar dette om forhold mellom menneske – om å bli sett og høyrt, lytte og ta på alvor, og det handlar om at vi har respekt for kvarandre som menneske. Medverknad er ikkje det same som at du får bestemme alt sjølv. Det er viktig for oss at du får delta i planlegginga av opphaldet ditt på Kollen. Difor har vi fleire faste møter der du kan ta opp ulike saker, i tillegg til ansvarsgruppemøte.

  • Samtale kvar veke med deg og særkontakt. Her får du mellom anna tilbakemeldingar på utviklinga og vi lagar oversikt over gjeremål, aktivitetar og dei personlege utviklingsmåla dine for dei kommande vekene
  • Planleggingsmøte på kvar avdeling, tre ettermiddagar i veka for ungdom og tilsette. Her legg vi planar for dei neste dagane og helga for dei ungdommane som ikkje skal reise heim
  • Kvar veke har vi eit felles gruppemøte for alle som bur her og alle som er på arbeid

Ferie og samvær

Vi planlegger ferie og samvær saman med deg på ansvarsgruppemøtet. Her kan du ta opp spørsmål rundt ferie, bursdagsfeiring, høgtider, rituale og samvær med foreldre, vennar og nettverk. Kvart år reiser alle ungdommane og nokre vaksne på ein felles ferietur i skuleferien.

Besøk, heimreise og kontakt

Vi ønskjer at du skal kunne reise på besøk og samvær til familie, slekt og andre nære personar. Dette planleggar vi saman med familien din og/eller saksbehandlaren din i ansvarsgruppemøtet. Vi har eigne familieleilegheiter som kan nyttast om nokon kjem på besøk til deg.

Oppfølging og vidareføring

Vi har lang erfaring med oppfølging og vidareføring av ungdom til institusjonshybel, til heimen, til fosterheim eller til eigen bustad etter opphaldet. Vi tilbyr timebasert oppfølging etter utflytting slik at vi sikrar involvering og oppfølging av familie, kommunale tenester eller spesialisttenester når du har flytta frå Kollen.

Vi ønskjer at du skal kunne reise på besøk og samvær til familie, slekt og andre nære personar. Dette planleggar vi saman med familien din og/eller saksbehandlaren din i ansvarsgruppemøtet. Vi har eigne familieleilegheiter som kan nyttast om nokon kjem på besøk til deg.

Når du bur på institusjon har du fleire rettar.

Les om kva rettar du har når du bur på institusjon, og kva avgrensingar me som jobbar her kan setja om det er nødvendig:

Kva rettar har du som er på institusjon? (ung.no)

Når du kjem hit

Når du kjem hit brukar vi den første tida til å bli kjend med deg og historia di. Du vil også få informasjon om reglane og rutinane som gjeld ved Kollen Ungdomsbase. Vi snakkar om kvifor du skal bu på Kollen, kor lenge du skal bu her og kva som er målet med opphaldet. Dette blir følgd opp i seinare møter og samtalar med leiinga på Kollen, særkontakten din og i ansvarsgruppemøter.

Plan for opphald

I starten når du kjem til oss ønskjer vi å finne ut kven du er, korleis du er saman med andre, korleis du løyser utfordringar og kva som er viktig for deg når du gjer val og så vidare. Vi ønskjer også å vite korleis forholdet ditt er til familie, venar og andre du har eit nært forhold til. For å få til dette, gjennomfører vi både intervju og samtaler den første tida. Deretter lagar vi saman med deg din eigen plan for opphald med tydelege og konkrete mål for kva du skal lære og kva du skal øve deg på. Slik kan du mestre dei utfordringane som du no står overfor. Det endelege målet er at du skal klare deg sjølv, flytte heim eller til andre tiltak.

Særkontakt

Alle ungdommane som bur ved Kollen Ungdomsbase skal ha ein særkontakt under opphaldet. Særkontakt er ein eller to vaksne ved institusjonen som har et spesielt ansvar for deg, din økonomi, at planar som er bestemt for deg blir følgt opp og at du har det du treng av kle og utstyr. Særkontakten blir med på dei fleste møta som angår deg, held kontakten med saksbehandlaren din i barnevernet og har mykje kontakt med familie/nettverket ditt. Særkontakten samarbeider med deg om å utforme plan for opphald og kortsiktige 14-dagars planer for kva du skal trene på. Etter kvart som du utviklar deg og får nye ferdigheiter vil vi formidle dette vidare til føresette, barnevern og andre aktuelle samarbeidspartar slik at desse også får sjå utviklinga di og setje pris på det du får til.

Ansvarsgruppe

Det vert gjennomført regelmessige møter med deg, barnevernstenesta i heimkommunen din, skulen din, dine føresette og andre viktige personar. Desse møta kallar vi ansvarsgruppemøter og møta vert gjennomført om lag annakvar månad. I tillegg deltek ei av særkontaktene dine på møtet og leiinga ved Kollen. Her snakkar vi til dømes om korleis du har det på institusjonen, på skulen, planar framover, feriar og samvær. Det er viktig at du deltek på dine eigne ansvarsgruppemøter, det er her du kan påverke korleis livet ditt skal vere.

På Kollen ungdomsbase arbeider dei fleste tilsette i langturnus. Det betyr at dei tilsette er på arbeid 2 til 3 døgn samanhengande. Dei tilsette og ungdommane lever saman, og har mykje tid saman. Det er god tid til å verte kjende, og til å gjere kjekke ting saman. Dei som jobbar ved institusjonen har mellom anna bakgrunn som barnevernspedagogar, vernepleiarar og sosionomar.

For kommunar og barnevern

Visjon

Gjennom profesjonell omsorg bidreg vi som jobbar ved Kollen Ungdomsbase til at barn og ungdom, ut frå eigne føresetnader, utviklar seg til trygge menneske som meistrar eigen kvardag og er ein ressurs for samfunnet.

Profesjonell omsorg

Dei vaksne som jobbar i miljøet skal via profesjonell omsorg mestre kvalitetane i samspelet med barn og unge og vise seg som trygge, truverdige og stabile vaksenpersonar over tid. Profesjonell omsorg handlar om å utnytte dei moglegheitene som ligg i dagleg sosialt samvær, daglege rutinar og aktivitetar. Dette bidreg til nærleik og gjensidigheit i relasjonen. Samspelet vil då fungere som ytre regulering av aktivering, noko som gjev oppleving av tryggleik og kontroll.

Kognitiv terapi

Vi har valt kognitiv terapi som overordna metode i det faglege arbeidet vårt. Kognitiv terapi ein kunnskapsbasert og godt dokumentert metode. Det er utvikla kognitive metodar som er tilrettelagt for fleire målgrupper med ulike former for psykiske og somatiske problem.

Kognitiv miljøterapi

Kognitiv miljøterapi handlar om å lære nye ferdigheiter og oppnå mål. Vi bruker den kognitive modellen i det miljøterapeutiske arbeidet for å jobbe systematisk med tankar, kjensler og oppførsel som lagar problem for oss. Dersom vi trener på å tenke mindre negativt om oss sjølv, om andre og om opplevingar vi har hatt, vil også kjenslene og oppførselen vår kunne endre seg og skape mindre problem for oss.

Familieråd

I alle inntak vurderer vi om det kan gjennomførast eit familieråd så raskt som mogleg. Her kan du lese meir om familieråd.

Handlekraft

Handlekraft handlar om traumebevisst omsorg. Utgangspunktet er at barn og unge som bur på institusjon treng hjelp til å regulere kjenslene sine i trygge rammer og med gode relasjonar til omgjevnadane.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal fører tilsyn for å sikra at alle som bur på institusjon får god omsorg og behandling. Statsforvaltaren skal òg følgja med på at gjeldande lover og reglar blir følgde.

Statsforvaltaren besøkjer institusjonen minst to gonger i året, og snakkar mellom anna med bebuarane om korleis dei har det på institusjonen.

Om bebuarane opplever at rettane deira ikkje blir varetekne, kan dei klaga til Statsforvaltaren. Dei som jobbar på institusjonen hjelper bebuarane med klaga dersom det er ønskjeleg.

Tilsynsrapportar kan du finna på Helsetilsynet.no.