Søk barnevernsfagleg vidareutdanning innan 15. april

Publisert
- Målet med å finansiere utdanninga til tilsette i barnevernet er å styrkje tenester til sårbare barn og unge. Med desse vidareutdanningane får dei som jobbar i barnevernet, ei praksisnær utdanning som bidreg til å heve kompetansen i det kommunale barnevernet, seier Nilssen.
Nilssen oppmodar barnevernsleiarar til å kartleggje kompetansen til sine tilsette og be dei som ikkje alt har relevant vidareutdanning eller mastergrad, til å søkje på ei studieplass.
- Dette er tilrettelagd utdanning som kan gjennomførast ved sidan av jobb. Tenestene får derfor eit kompetanseløft med ein gong dei tilsette kjem tilbake til arbeidsplassen med ny kunnskap. Det gagnar både den enkelte tilsette og kollegaane, held Nilssen fram.
Du har rett til studiefri
Tilsette skal ha redusert arbeidsmengde eller fri i samband med studiar. Barnevernstenesta kan få dekt utgifter til vikar, pensum, reise og opphald for tilsette gjennom tilskotsordninga for barnevernsfagleg vidareutdanning. Tilskotsordninga opnar i midten av mars og har søknadsfrist 30. mai 2025.
Sjå oversikt over utdanningane du kan velje mellom nedst i saka.
Søkjarar med tilråding blir prioritert i opptaket
Søkjarar med tilråding frå arbeidsgivar blir prioriterte i opptaket til studia. I fjor hadde nesten alle som fekk studieplass, ei tilråding frå arbeidsgivaren sin. Tilsette som ikkje har relevant vidareutdanning eller mastergrad frå før, blir òg prioriterte i tilskotsordninga, som dekkjer utgiftene barnevernstenesta har med å sende tilsette på vidareutdanning.
- Fleire barnevernsleiarar har tidlegare peikt på at studieplassar går til tilsette som alt har nødvendig kompetanse. Derfor tilrår vi at leiarane gir tilsette utan tidlegare vidareutdanning eller mastergrad ei tilråding, seier Tove Bruusgaard, divisjonsidrektør i Bufdir.
Har fått mykje ut av å sende tilsette på vidareutdanning
Kaja Solbakken Bjerke, barnevernsleiar i Midt-Buskerud, har sidan 2019 sendt 11 av sine tilsette på vidareutdanning. Ho er svært nøgd med kva utdanninga har tilført heile avdelinga.
- Vi har hatt stort utbyte av å sende dei tilsette på vidareutdanning. Det aukar både kompetansen og arbeidsgleda til den enkelte ved å gi dei utvida kunnskap, større nysgjerrigheit og eit betre blikk for kompleksiteten i sakene dei jobbar med. Dei får òg byggje nettverk og utveksle erfaringar med tilsette i barnevernet i andre delar av landet. Samstundes bidreg kompetansehevingsarbeidet til at tenesta samla sett blir styrkt, sidan dei deler kunnskap gjennom intern opplæring og får auka kompetanse på drøftingsarenaen, fortell Kaja Solbakken Bjerke.
Ho påpeikar òg at tilskotsordninga til Bufdir er eit positivt tiltak for å få fleire gjennom utdanninga.
- Gjennom tilskotsordninga kan barnevernstenesta få kompensert utgiftene knytt til utdanninga og til at tilsette er borte ved å hente inn vikarar. Det har gitt oss eit ekstra rom til å sende våre tilsette på vidareutdanning.
For meir informasjon om utdanningene, ta kontakt med studiestedet eller Anette I. Cvijanovic, seniorrådgivar i Bufdir på e-post: anetteiversen.Cvijanovic@bufdir.no.
Her kan du ta vidareutdanning hausten 2025
- Vurdering av barnets beste – 96 studieplassar. Samlingsstad: Oslo (OsloMet) eller Bergen (Høgskulen på Vestlandet)
- Juss i barnevernsfagleg arbeid – 64 studieplassar. Samlingsstad: Oslo (OsloMet) eller Stavanger (Universitetet i Stavanger)
- Relasjonskompetanse i barnevernet – 64 studieplassar. Samlingsstad: Oslo (VID vitskaplege høgskule)
- Barnevernsfagleg rettleiing – 80 studieplassar. Samlingsstad: Oslo, Trondheim, Tromsø eller Bergen (UiT Noregs arktiske universitet)
- Minoritetskompetanse i barnevernet – 32 studieplassar. Samlingsstad: Stavanger (VID vitskaplege høgskule)
- Leiing av barnevernsinstitusjonar (ikkje prioritert ved søknad om tilskot) – 32 studieplassar. Samlingsstad: Trondheim (NTNU)
Vidareutdanninger med opptak på andre tidspunkt
- Barnevernleiing (ikkje prioritert ved søknad om tilskot) – 67 studieplassar. Samlingsstad: Oslo (VID vitskaplege høgskule) og Trondheim (NTNU)