Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Skal kartleggje kompetansen i barnevernet

To menn og en kvinner som sitter rundt et bord i et møterom.
I desse dagar sender Bufdir ut ei brei og omfattande kompetansekartlegging. Me oppmodar alle som får undersøkinga, om å svare.

Publisert

Kompetansestrategien for kommunalt barnevern starta i 2018, og vi gjennomførte då ei kartlegging av kompetansen. Satsinga har gitt Bufdir konkrete verkemiddel for å byggje gode kompetansestrukturar og støtte opp under det ansvaret kommunane har for å sikre rett kompetanse i tenestene. Strategiperioden gjekk ut i 2024, og etter sju år vil vi difor vite meir om korleis kompetansesituasjonen i barnevernet er no og korleis vi må utvikle satsinga vidare så ho møter framtidige behov.

Mens undersøkinga frå 2018 berre tok for seg det kommunale barnevernet, går denne òg ut til alle offentlege og private barnevernsinstitusjonar og statlege fosterheimstenester. Dette er delar av sektoren som ikkje har hatt ei like systematisk kompetansesatsing samanlikna med det kommunale barnevernet, som har hatt fleire gratis utdanningstilbod på ulike nivå, tilskotsmidlar og ulike samarbeidsarenaer. Det er Rambøll som gjennomfører undersøkinga på vegner av Bufdir, og dei skal levere ein rapport før sommaren 2025.

- Vi meiner det er viktig å sjå på kompetansebehova i heile sektoren. Vi må undersøkje om det har skjedd ei utvikling i sektoren, og korleis situasjonen er på institusjonane og i fosterheimstenestene, seier Hege Nilssen, direktør i Bufdir.

Nilssen understrekar at kartlegginga er ei moglegheit for tenestene til å formidle til direktoratet kva kompetanse det må satsast på.

- Det finst svært mykje verdifull kompetanse ute på institusjonane og i fosterheimstenestene våre. Dette handlar ikkje om at kompetansen i barnevernet ikkje er god nok, men om at vi saman identifiserer kva vi kan gjere endå betre, seier Nilssen.

Vidare peikar Nilssen på at kompetansetiltaka må prioriterast nøye for å sikre at tenestene kan bruke mest mogleg tid på dei oppgåvene som skal utførast.

- Vi må sørgje for at kompetansetiltaka vi tilbyr, faktisk svarar på behova. Tenestene skal bruke tida si på å levere gode tenester, og då er det viktig at direktoratet bidreg med kompetansetiltak som gir stor verdi, seier Nilssen.

Aldri gjort før

Kartlegginga blir først sendt ut til leiarar, og målgruppa er både leiarar og tilsette. Hensikta er at tilsette skal vurdere eigne styrkar og kva kompetansebehov dei har. Den totale målgruppa utgjer over 12 000 personar.

- Ei så omfattande kartlegging av kompetansen i barnevernet har ikkje blitt gjort tidlegare. Denne kartlegginga skal vi nytte saman med annan kunnskap for å gjere gode prioriteringar av innrettinga av kompetansetiltak framover, avsluttar Nilssen.