Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Vil redusere skamkjensle av ikkje å makte det digitale

Foto-utstilling på Kristiansand folkebibliotek
Senter for likestilling (UiA) har utarbeidd ei fotoutstilling kalla «Digital inkludering» i samarbeid med fotografen Tomas Gunnarsson. I utstillinga deler personar som opplever digitale barrierar, sine erfaringar og tankar.

Tanken bak utstillinga er å redusere det opplevd skamfulle i å være digitalt ekskludert, og å få vite at ein ikkje er aleine om opplevinga, i tillegg til å gje ulike offentlege aktørar informasjon om tilhøva.

– I 2022 var det mykje merksemd på digitalt utanforskap, fortel rådgjevar ved Senter for likestilling ved Universitetet i Agder, Knut Jagels, då rapporten «Digital sårbarhet: Hvem har høy risiko for å falle utenfor?», kom.

Likestillingskonferansen 2022 var temaet digitalt utanforskap, og i samband med konferansen kom vi i kontakt med Digitaliseringsdirektoratet, Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) og andre som vi har samarbeidd med vidare i dette prosjektet.

I 2018 hadde vi hatt ei fotoutstilling om temaet skeiv ungdom og fekk eit godt samarbeid med fotografen:

– Då vi ville gjere noko med digitalt utanforskap, eller digital inkludering som vi no har byrja å kalla det fordi det er meir positivt vinkla, ville vi lage ei fotoforteljing, fortel Jagels.

Representantane i utstillinga er rekruttert og valt ut basert på funn i rapporten frå 2022 om grupper som er spesielt utsette for digitalt utanforskap.

– Vi tok utgangspunkt i rapporten og kontakta ulike institusjonar og organisasjonar for å rekruttere informantar, seier Jagels.

Dei vart intervjua og fotograferte og er no ein del av utstillinga. Målet med utstillinga er å opplyse og oppfordre publikum til deling av kunnskap om barrierar som kan føre til digitalt utanforskap, i tillegg å informere om sentrale offentlege aktørar og tiltak for digital inkludering.

Skodespelar Johannes Joner og Knut Jagels, rådgjevar ved Senter for likestilling ved Universitetet i Agder
Foto: Helge Dyrholm
Foto: Helge Dyrholm

26. januar opna utstillinga ved Kristiansand Folkebibliotek. På opningsdagen var det eit lunsjseminar der skodespelar Johannes Joner fortalde om utfordringane knytt til å hjelpe svigermor si med nettbank. Her saman med Knut Jagels (t.h.).

Eit samarbeid mellom Digitaliseringsdirektoratet, Uu-tilsynet, LDO og KS

Senter for likestilling har i prosjektet samarbeidd med Digitaliseringsdirektoratet, Uu-tilsynet (Tilsynet for universell utforming av ikt), LDO og KS (kommunesektorens organisasjon). I februar og ut mars sto utstillinga i foajeen ved Kristiansand folkebibliotek.

No står utstillinga på Arendal bibliotek fram til midten av mai, og blir vidare distribuert av Agder fylkesbibliotek i ein vandreutstillings-ordning for biblioteka. Likestillingssenteret i Agder har mottatt svært gode tilbakemeldingar frå både publikum på biblioteka og frå fleire fagmiljø som arbeider med denne tematikken.

Senter for likestilling ved Universitetet i Agder skal samle og styrke forsking og kompetanse om likestilling i Agder, styrke utdanning og formidling på feltet og vere ei drivkraft for meir likestilling i regionen. Arbeidet er knytt til eit breitt likestillingsomgrep som inkluderer kjønn, etnisitet, religion, seksuell orientering, kjønnsuttrykk, kjønnsidentitet og funksjonsevne. Ved sidan av senteret i Agder, finns det tilsvarenda senter på Hamar. Likestillingssenteret KUN har kontor i Steinkjer og Steigen.

Gjennom prosjektet IKT-Senior, får fleire kommunar i Agder støtte til å til å arrangere ein inspirasjonsdag om kvardagsteknologi og helse på det lokale biblioteket. Dette er eit samarbeid mellom USHT Agder (Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i Agder), Pensjonistforbundet og Agder Fylkesbibliotek med midlar frå blant andre Kommunal- og distriktsdepartementet.

– I den samanhengen passa utstillinga vår veldig godt inn som eit supplement til denne typen arrangement, men også generelt som eit tilbod til alle bibliotek som set IT-hjelp og digital inkludering i fokus. Vårt samarbeid med Agder fylkesbibliotek har i tillegg gitt oss moglegheit til å vise utstillinga vår i Lillestrøm 27.-28. mai under HK-dir, KS og Nasjonalbiblioteket sin Erfaringssamling om digital inkludering.

Utstillinga vil også bli vist under Norsk kulturforum sin NOKU konferanse på Lillestrøm 3.-5. juni, der temaet er eit levande kulturliv for alle. Vi er veldig spente på mottakinga på desse konferansane, avsluttar Jagels.

Det er foreløpig kunn éin fysisk kopi av utstillinga, men det kan produserast ekstra opplag dersom eit anna fylkesbibliotek eller andre aktørar ønsker et eige opplag.

Nyheitsbrev om universell utforming

This site is protected by reCAPTCHA and the Google privacy policy and terms of service apply

Når du registrerer e-postadressa di, samtykkjer du til at vi sender deg nyheitsbrev og at vi bruker e-postadressa di til å gjere dette. Les meir i personvernerklæringa vår.

Viss du ikkje lenger ønskjer nyheitsbrev, send ein e-post til universell-utforming@bufdir.no, eller klikk avregistrer i eit nyheitsbrev du har fått.

Tidlegare nyheitsbrev om universell utforming