Universell utforming ikkje fokus i standardar og merkeordningar for berekraft i reiselivet

Dette er ein av konklusjonane i eit prosjekt utført av TØI kor forskarar har sett på kva grad og kva for tiltak innan universell utforming som er integrert i reiselivet sett gjennom standardar og merkeordningar.
I følgje forskarane bak rapporten "Integrering av universell utforming i bærekraftstandarder og merkeordninger for reiseliv - Status og tiltak", har universell utforming vore lite framme i reiselivspolitikken til no, sjølv om reiselivet vil ha mykje å tene på å arbeide med universell utforming. Ikkje minst når det gjeld berekraftsperspektivet, meiner dei.
Universell utforming i berekraftsperspektiv
Universell utforming kan koplast til både økonomisk og sosial berekraft. Det sistnemnde ved at universell utforming inkluderer gjester i reiselivet og tilsette, i tillegg til å betre tryggleiken for både gjester og tilsette. Universell utforming utvidar òg marknaden ved å tilfredsstille behova til personar som i dag ikkje har mogelegheit til å reise eller å delta i reislivsaktiviteter på grunn av funksjonshemmande barrierar. Universell utforming av kultur kan gjere kulturelle opplevingar tilgjengeleg for fleire, sjølv om fysisk tilrettelegging av kulturminne kan vere krevjande. Forskarane peikar òg på at sjølv om meir tilrettelagt friluftsliv han ha positive ringverknadar på folkehelsa, kan det føre til tap av naturverdiar.
Bakgrunnen for prosjektet var ei aukande interesse for merkeordningar for berekraft i reiselivet. Forskarane ville for det første undersøke om og korleis standardar for berekraft og merkeordningar for reiselivet har integrert prinsipp og tiltak frå standardar om universell utforming. For det andre hadde forskarane ei målsetting om å komme med konkrete forslag til kriterium og indikatorar for universell utforming i eksisterande merkeordningar for berekraft i reiselivet. Fem ulike merkeordningar (både norske og internasjonale) og ei rekkje norske og internasjonale standardar vart undersøkt.
Prioritering av fysiske tiltak retta mot rørslehemma
Resultatet av analysen viser at merkeordningane i liten grad innpassar kriterium om universell utforming. Tiltaka innan universell utforming er primært retta mot gjester og i liten grad mot tilsette. Personar med nedsett rørsleevne, syn og høyrsel blir prioritert framfor andre grupper.
Fleire grupper får lite merksemd, til dømes dei med kjønns- og minoritetsrelaterte behov, anfallsrelaterte sjukdomar, fordøyelse- og urinvegssjukdommar og brukarar med psykososiale funksjonsnedsettingar. Behov knytt til språk og eldre brukarar får lite omtale med tanke på kor internasjonalt reiselivet er og ei stadig aldrande befolkning.
Dagens standardar rettar seg i stor grad mot designtiltak i det fysiske miljøet snarare enn mot organisatoriske eller sosiale tiltak. Analysen viser òg at luftvegsproblem og kognitive utfordringar er relativt hyppig omtala samanlikna med tidlegare studiar frå transportsektoren.
Tilrådingar
Forskarane foreslår 66 indikatorar fordelt på 16 kriterium som potensielt kan integrerast i merkeordningar for berekraftig reiseliv for å betre inkludere universell utforming i ordningane. Forslaga omfattar mange ulike typar tiltak og tar omsyn til ulike behov når det gjeld både det fysiske, sosiale og organisatoriske miljøet. Dei generelle tilrådingane er:
- definisjonen av universell utforming bør være inkluderande
- alle gjester og tilsette bør inkluderast i arbeidet med universell utforming
- alle kan dra nytte av at fleire typar tiltak
- brukarinvolvering og samarbeid bør fremjast med tenesteleverandørar
- universell utforming krev planlegging og bør difor være eit viktig aspekt i strategien til destinasjonar og verksemder
- universell utforming trenger ein heilskapleg tilnærming og bør være del av heile kjeda av tenester i reiselivet
- det er viktig å tilfredsstille informasjonsbehova både før og under reisa
Prosjektet har vore gjennomført av Iratxe Landa Mata, Anja Fleten Nielsen, Veronica Blumenthal og Jan Vidar Haukeland ved TØI og vart finansiert av Bufdir gjennom tilskotsordningen for universell utforming.