Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Lille norske leksikon – eit leksikon for alle

Tvillingane Julie og Maja frå Nesoddtangen skole klipte snora som markerte opninga av Lille norske leksikon 12. september. Prosjektleiar Guro Djupvik og sjefredaktør Erik Bolstad held bandet.
Sébastian Dahl
Nyleg blei eit nytt digitalt og brukartesta leksikon lansert. Lille norske leksikon er den største norske satsinga på sakprosa for barn nokosinne. Grundig utprøving av tekstar ikkje berre med barn, har gjort artiklane lettlesne for fleire grupper.

Det finst reglar for korleis nettsider skal være koda for å definerast som universelt utforma, og det finst reglar for kor smal ein rullestolrampe kan være for å være innanfor krava om universell utforming av bygg. For språkleg kommunikasjon er det mykje vanskelegare å definere kva som skal til for at så mange som mogeleg skal få med seg innhaldet. Brukartesting og målgruppeorientering kan være løysinga. Prosjektleiar og hovudredaktør Guro Djupvik for Lille norske leksikon fortel korleis dei har arbeidd med leksikonet for å få innhaldet så tilgjengeleg som mogeleg.

– Først kan eg fortelje litt om min eigen bakgrunn. Eg har arbeidt ti år i Store norske leksikon. Før det var eg i organisasjonen «Leser søker bok». Der arbeidde vi med det vi kalla «enkel tekst», som i grunnen brukar dei sama prinsippa som det som no heite klarspråk. Dette er til dømes korte setningar, unngå vanskelege framandord, ikkje bruke passivt språk og ikkje bruke innskotne leddsetningar. I klarspråk prøver ein ofte å vere personleg og skrive «du» og «eg»-former. Dette var vanskeleg å få til å gå saman med leksikonsjangeren. Den skal være upersonleg, nøytral og meiningstett. Så i staden for å skrive «du» som ofte gjere der enklare å forstå, har vi brukt «man» som er meir upersonleg. Det var ei stor utfordring å balansere formkrav for leksikon med eit enkelt språk, medgir Djupvik.

– Forfattarane har berre 2500 teikn til rådvelde for artiklar i Lille norske leksikon så då må ein arbeide hardt med innhaldet. Det var uvant for mange å arbeide på denne måten, vedgår ho, då dei både skulle skrive enkelt og kort og samstundes sant. Når ein forenklar kan presisjonsnivået gå ned, så fleire rundar med skribent og fagperson var naudsynt for å bli sikre på at alt vart rett. Det er utarbeidd ei eigen rettleiing for forfattarar som skal skrive for leksikonet.

Testa på 1500 skuleelevar

– Målgruppa vår var hovudsakleg 11-åringar, men vi ønskte at fleire enn dei skulle ha glede av tekstane. Vi utvida målgruppa til òg å omfatte folk med lese- og konsentrasjonsvanskar, folk som lærer norsk og personar som ikkje kan noko særleg om temaet, men som vil ha noko kjapt og greitt.

For å være sikre på at vi laga eit leksikon som var lett å lese, var det viktig å sikre at tekstane blei gode nok. Vi utvikla derfor 21 prøvetekstar som blei testa ut på 60 skuleklassar der dei i ein skuletime gjekk gjennom tekstane og markerte kva dei ikkje forstod, kva som var lett og kva som var unødvendig.

Til saman svarte om lag 1500 elevar på 5.-7. trinn frå heile landet på undersøkinga, fortel Djupvik. Testen blei òg sendt til medlemmar i Dysleksi Norge, eit 9.-trinn, og personar i vaksenopplæring på norskkurs. Resultat av testane blei slik vi hadde venta, dei orda vi trudde ville vere vanskelege, var vanskelege, fortel ho. Dei markerte òg nokre ord som vi ikkje hadde tenkt på, på førehand.

– Ein skal få lære noko nytt når ein les i eit leksikon og lære nye ord, men då er det viktig at det ikkje blir for mange vanskelege ord i den same setninga, og at dei blir forklart. Etter brukartestinga la vi til bilde i artiklane for å forklare betre, fortel Djupvik.

Artikkelen dei likte best var den om Erling Braut Haaland, med artiklane om meter og solformørking på dei neste plassane, viser eit oppslag på Leksikonbloggen til Store norske leksikon. Det står i blogginnlegget at det var 1400 elevar som deltok, men i ettertid har ytterlegare 100 elevar svart.

Nynorsk ikkje problematisk

Lille norske leksikon inneheld artiklar både på bokmål og nynorsk. Begge målformer var med i testpakken som vart sendt ut på førehand.

– Eit funn frå testinga med lesarar, var at det gjekk bra å lese og forstå sidemål. Spesielt gruppa på norsk språkopplæring hadde denne tilbakemeldinga. Dei var òg veldig glade for å teste ut noko som var ekte og ute i verda, og det var ein tilbakemelding eg vart svært glad for å høyre, avsluttar prosjektleiaren.

Lille norsk leksikon er eigd av den ideelle foreininga Store norske leksikon, og er opent og gratis på lille.snl.no. Ved lanseringa inneheldt leksikonet 2300 artiklar. Leksikonet har finansiering fram til 2026 og dei har som mål å ha over 5000 artiklar innan den tid. Alle artiklar i Lille leksikon har lenker til Store Leksikon for dei som vil lese meir om teamet, og omvendt dersom det finst ein artikkel i Lille på oppslagsordet.

Guro Djupvik

Prosjektleiar i Lille norske leksikon, Guro Djupvik. Foto: Tomaris Semet.

Nyheitsbrev om universell utforming

Denne siden er beskyttet av reCAPTCHA og er underlagt Googles personvern og Vilkår for bruk

Når du registrerer e-postadressa di, samtykkjer du til at vi sender deg nyheitsbrev og at vi bruker e-postadressa di til å gjere dette. Les meir i personvernerklæringa vår.

Viss du ikkje lenger ønskjer nyheitsbrev, send ein e-post til universell-utforming@bufdir.no, eller klikk avregistrer i eit nyheitsbrev du har fått.

Tidlegare nyheitsbrev om universell utforming