Korleis utforme e-læring for menneske med kognitive utfordringar?

Kurs som går føre seg på nettet er svært vanleg. Opplæring kan skje i eige tempo, eller faste bolkar. Selskapet Karde har spesialisert seg på å lage e-læring for at alle skal kunne leve sjølvstendige liv. Dei har utarbeidd e-læring som tar for seg tema som pengar og økonomi, korleis ein stemmer ved val, personleg hygiene eller skikk og bruk på arbeidsplassen. Dei har òg utvikla ressursar som er meint for støtteapparat slik som «Støtte til vanlig arbeid» som er ein nettressurs for støtteapparatet for menneske med utviklingshemming som skal ut i arbeid.
– Bakgrunnen for rettleiaren som no er ferdig, er at vi i lang tid har samarbeidd med to folkehøgskular som er tilrettelagde for ungdom med utviklingshemming i tillegg til ulike dag- og aktivitetssenter i ulike kommunar. Her har det ofte vore behov for opplæring. Vi har arbeidd med e-læring for menneske med kognitive utfordringar i ei årrekkje, fortel FoU-ansvarleg Riitta Hellman i Karde, ikkje berre menneske med utviklingshemming, men òg personar med byrjande demens.
– I samband med desse prosjekta med ulike samarbeidspartnerar der vi mellom anna har tatt opp videoar, har vi fleire gonger uavhengig av kvarandre, høyrt at «noko slikt burde vi kunne gjere sjølve», det vil seie lage enkel e-læring om visse veldig aktuelle tema. Difor har vi laga denne designrettleiaren for kognitivt tilrettelagt e-læring, forklarer Hellman.
Fleire utfordringar
– E-læring som vi lagar, er for menneske med eit visst funksjonsnivå der dei har moglegheit til å meistre eige liv, bu for seg sjølv og arbeide med litt hjelp. Dei har nytte av slike kurs anten dei greier å kome seg gjennom på eigenhand, eller dei må ha hjelp til å finne fram og starte den aktuelle modulen. Ei utfordring vi har sett, er at det er lite ressursar til støtteapparat. Dei har ofte stramt tidsskjema og det blir ei hindring for god e-læring for gruppa. Ei hindring for opplæring er å gje dei nok assistanse i kvardagen, seier ho.
Det er òg viktig at læringsmodulane er lett teknisk tilgjengelege. All e-læring Karda har utarbeidd, er gratis tilgjengeleg frå nettsida deira, utan registrering, reklame eller passord slik at det skal vere så enkelt som mogeleg å bruke dei. Karde har i tillegg marknadsført prosjektet til andre folkehøgskular. Det finns ei rekkje folkehøgskular som tilbyr tilrettelagd undervisning og butrening.
Konkrete råd for tilrettelagd e-læring
Rettleiaren tar for seg både prinsippa for universell utforming og korleis ein må forstå brukarene sine gjennom å nytte personas-metodikk, empatikart og ulike verktøy for å kartleggje behova til brukarene. Den er illustrert med konkrete døme frå Karde sine opplæringsmodular. For å halde på interessa, er det viktig å ha variert materiale og Karde foreslår å bryte opp med ulike format som video, tekst, quiz, teikneserie eller forslag til gruppearbeid.
Målgruppene for rettleiaren er personar i verksemder og privatpersonar som ønsker å lage e-læringsressursar for menneske med kognitive utfordringar, men som i utgangspunktet manglar kompetanse om korleis dette best kan bli gjort med god fagleg kvalitet både når det gjeld universell utforming og kognitiv tilgjengelegheit.